NRK Meny
Normal

Dette fekk du ikkje sjå på TV

Sjå klippa som ikkje fekk plass i NRK-programmet «Ikke gjør dette hjemme».

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.



Det har blitt utført mange hasardiøse eksperiment i vitskapsprogrammet «Ikke gjør dette hjemme», som vart avslutta med fjerde og siste episode i dag.

Per Olav og Rune har mellom anna laga bomber, tent på ting og drive med høgst uortodoks kokkekunst – alt i folkeopplysninga sitt namn. Ikkje alt har hamna på TV, forskartrongen til desse gutane har vore altfor sterk til at to timar TV-tid er nok.

Heldigvis har vi andre måtar å formidle dei mange forsøka til «Ikke gjør dette hjemme»-gjengen på. Øvst i saka kan du for eksempel sjå korleis brønnrens kan forvandlast til rakettdrivstoff.

I dette klippet får du sanninga bak straumeksperimentet frå siste episode:

Og kva skjer egentlig om ein legg fem kilo popcorn i ein mikrobølgjeomn...

  • Les også:

Trassa åtvaringar

I «Ikke gjør dette hjemme» har programleiarane Per Olav Alvestad og Rune Nilson trassa dei fleste åtvaringar mot kva ein absolutt ikkje skal gjere heime, for å teste om det verkeleg er så farleg.

Svært ofte er det akkurat så farleg.

Programmet har blitt utskjelt av mange, men har fått lovord frå andre.

Sjå kommentarar frå publikum på Facebook-sida til programmet

Programleiarane har blant anna laga røykbomber, fylt eit heilt rom med vatn, bygd varmtvasstanken om til kaffitraktar, og fyrt opp fyrverkeri i stova.

Gjekk du glipp av klippet då gutane lagar basseng i tredje etasje, kan du sjå det om att her:

Brenn ned til grunnen

I siste episode testar gutane ut om det verkeleg er så farleg å sløkkje brann i ei frityrgryte med vatn.

Det viser seg å vere skremmande farleg, og programleiarane må ta beina fatt når kjøkenet står i full fyr etter seriens siste og kanskje mest spektakulære stunt.

Før innspeling av ein eventuell oppfølgjar til serien må programleiarane difor finne ein ny opptaksstad til eksperiment ingen andre bør prøve ut.

Sjå alle fire episodane av ikke gjør dette hjemme i nett-TV