Hopp til innhold

Dette er verdas eldste kunst

I ei hole i Spania har forskarar avdekt 42 000 år gamle holemåleri, det tidlegaste funnet av kunst nokon sinne.

42000 år gamle holemaleri i Cueva de Nerja

42 000 år gamle holemåleri i Cueva de Nerja i Malaga.

Foto: Fundación Cueva de Nerja

I den spanske hola Cueva de Nerja har spanske forskarar funne det hittil eldste kjende døme på forhistorisk kunst.

Dei 42 000 år gamle måleria med raudoker føresteller selar, eit dyr som ikkje er eit vanleg syn i dagens Middelhav, men som levde i området under siste istid.

Det er aldersdateringar av kol som er funne på bakken nær måleria som har gjort det mogleg for forskarane å datere maleria.

Kolet som er funne på bakken er sannsynlegvis restar av faklar som har vore brukt av kunstnaren sjølv eller skodelystne for å opplyse måleria. Karbondateringar tyder på at kolet er mellom 43 500 og 42 300 år gammalt.

42000 år gamle holemaleri i Cueva de Nerja

Holemåleria av selane er teikna med fargestoffet raudoker på kalkavleiringar i hola.

Foto: Fundación Cueva de Nerja

Kan vere neandertalerkunst

Enkelte ting peiker også i retning av at kunstnaren bak dette eldste menneskelege kunstverket ikkje er Homo sapiens, men derimot den utdøydde mennesketypen Homo neanderthalensis.

– Aldersdateringar korresponderer med tidsrommet då neandertalarar haldt til i området, og ikkje sapiens sapiens, seier professor José Lous Sanchidrián ved Universidad de Córdoba på e-post til NRK.no.

Sanchidrián er leiar for eit konservasjonsprosjekt i Cueva de Nerja.

Han understrekar likevel at ein ikkje kan vere sikker på at det er neandertalarar som står bak kunsten.

– Vi må datere fleire prøvar og eit lag av kalsitt over måleria for å kunne bekrefte all informasjonen, seier Sanchidrián.

– Dei siste oppdagingane i vårt territorium går i retning av ein neandertalar som dekorerte kroppen med teikningar, og som hadde estetisk sans. Dette representerer ein vitskapleg revolusjon, fordi fram til no har vi tilskrive sapiens alt det som er fordelaktig, mens neandertalarane har blitt framstilt nærast som apekattar, seier Sanchidirian til avisa Córdoba.

–Svært interessant

Cueva de Nerja i Malaga

Biletet viser ein del av Cueva de Nerja som er open for publikum.

Foto: Isidro López, Flickr, cc

– Det er i alle fall svært interessant i seg sjølv at ein har funne så tidlege holemaleri, seier paleontolog og tidlegare førstekonservator ved Paleontologisk museum, Natascha Heintz, til NRK.no.

Heintz seier det har blitt gjort mange interessante funn i Spania dei siste åra, og at det er kjent at ei grein av utvandringa frå Afrika følgde Middelhavskysten til Spania.

Men kva for mennesketype som står bak kunsten, meiner Heintz blir svært vanskeleg å seie:

– Det er unekteleg ein representant for slekta homo – men om det er Homo sapiens eller neandertalere blir svært spekulativt på noverande tidspunkt, seier Heintz.

–Spektakulært

Bergkunst oppstår mange stader på kloden til ulike tidspunkt som ser ut til å vere uavhengige av kvarandre. Holemåleria kan vere eit utslag av menneskeleg skapartrong, men kan også ha hatt eit rituelt føremål.

– Det som er problemet med å datere holemaleri, er at desse holene har vore tilgjengeleg både tidlegare og etterpå. Bålrestar kan difor representere eit anna tidspunkt enn måleria, seier førsteamanuensis David Vogt ved Kunsthistorisk museum, Universitetet i Oslo til NRK.no.

– Samtidig er det heilt logisk at dei treng lys for å gjere dette, og det vil nesten vere rarare om ein ikkje fann noko kol, seier Vogt.

Vogt har aldri tidlegare høyrt at selar har vore avbileta i holemåleri eller helleristing verken i Noreg eller andre stader.

– Viss det er selar er dette spektakulært, seier han.

Holene i Nerja er opne for publikum, men måleria av selane som representerer verdas eldste kunstverk ligg gøymt djupt inne i hola utanfor publikumsområdet.