NRK Meny
Normal

Dette dyret kan redde den norske hummaren

Norske forskarar har lukkast med å produsere hoppekreps i stor skala.

Hoppekreps

Eit gjennombrot i dyrking av hoppekreps som fôr kan hjelpe bestanden av hummar.

Foto: Tora Bardal, NTNU

Forskarar ved NTNU og SINTEF Fiskeri og havbruk gjort eit gjennombrot i produksjon av eit fôr som er svært eigna for hummar og andre marine artar, det vesle krepsdyret hoppekreps.

Med dette fôret har forskarane vist i forsøk at dei har klart å auke overlevinga av dei tidlege stadiar av hummar frå nokre få prosent til opp mot 60–80 prosent.

– For oss er det hoppekrepsforskinga som er det viktigaste, men det at vi har fått til yngelproduksjon på hummar og tunfisk er ein sensasjon, seier forskingssjef Gunvor Øie ved marin ressursteknologi, SINTEF til NRK.

Historisk låg nivå

Bestanden av europeisk hummar langs norskekysten er på eit historisk lågt nivå. Mens det på 50- og 60-talet vart fiska opp mellom 600 og 1000 tonn hummar i året, ligg den årlege fangsten no på om lag 30 tonn hummar i året.

– Årsaka til nedgangen var ein kombinasjon av svært høgt fisketrykk, og fisketrykk på liten hummar, samtidig som miljøforhold kan ha påverka slik at færre hummar la ut egg på halen, fortel forskar Ann-Lisbeth Agnalt ved Havforskingsinstituttet til NRK.no.

–Dette viser kor kjapt ein kan fiske ned ein bestand, seier Agnalt.

–Det å få fram yngel til utsetting er absolutt eitt av alternativa for å auke bestanden, seier Agnalt.

I eit tidlegare prosjekt på Kvitsøy i Rogaland viste utsetting å ha god effekt på hummarbestanden der, fortel ho.

Hummaroppdrett har vore vanskeleg blant anna fordi ingen har visst kva hummarlarvar et før dei blir store. Nyklekte hummarlarvar er altfor små til å bli mata med tradisjonelt tørrfôr.

Millimeterstore hoppekreps ser derimot ut til å falle i smak hos dei unge hummarlarvane.

Hummar

Unge hummarar fôra opp på hoppekreps. For å unngå at dei går til angrep på kvarandre blir dei haldne i separate kammer.

Foto: NRK

–Potensial for oppdrett av mange artar

Det dei norske forskarane ved NTNU og SINTEF SeaLab no har klart, er å få til å dyrke hoppekreps i stor skala, noko forskargrupper internasjonalt har forsøkt over mange år utan å lukkast.

–Vi trur at ein av grunnane til at vi får det til er at vi har teknologar og biologar som jobbar saman, seier forskingssjef Gunvor Øie til NRK.

Øie fortel at dei no nærmar seg industriell skala på produksjonen, og forhåpentlegvis snart kan byggje ein pilotfabrikk.

–Dersom vi klarar å skalere opp, har dette eit ekstremt stort potensial. Då kan vi få til oppdrett av mange artar som vi ikkje har fått til før. Blant anna har vi gjort vellukka forsøk med stor overleving på tunfisklarvar, noko som er svært vanskeleg, seier Øye.

Sjå video frå SINTEF SeaLab der forskarar har laga eit heilt lite økosystem på laboratoriet for å få fram hummaryngel:

Schrödingers katt-innslag om at forsøk med hoppekreps som fôr ved NTNU og Sintef SeaLab har gitt stor overleving av hummer i tidlege stadiar.

Heile innslaget kan du sjå i Schrödingers katt på NRK1 i kveld kl. 19.45.