NRK Meny
Normal

Derfor utvikla ikkje tyskarane atomvåpen

– Tungtvass-sabotasjen gav ikkje noko viktig bidrag for å bremse det tyske atombombeprosjektet, seier ekspert på nazi-Tysklands atomvåpenprogram.

Kampen om tungtvannet

Tungtvatn var det einaste råmaterialet til atomvåpenproduksjon som dei allierte kunne hindre tyskarane å få tak i. Her ser vi ein norsk sabotasjeaksjon på Vemork i ei scene frå serien Kampen om tungtvannet.

Foto: John Christian Rosenlund/Filmkameratene

Gjennom seks episodar av Kampen om tungtvannet har vi sett at dei allierte under andre verdskrigen sette inn betydelege ressursar for å sabotere tyskarane sin tilgang til tungtvatn frå Rjukan.

Men det er ikkje desse heltemodige aksjonane vi kan takke for at Nazi-Tyskland aldri utvikla atombomba.

Professor i historie, Mark Walker.

Professor Mark Walker.

– Nei, sabotasjen gav ikkje noko viktig bidrag for å bremse det tyske atombombeprosjektet, seier historikar Mark Walker til NRK.

Walker er professor ved Union College i New York i USA, og er rekna for å vere den leiande autoriteten på Nazi-Tysklands atomvåpenprosjekt. Han har blant anna gitt ut boka Nazi Science: Myth, Truth, And The German Atomic Bomb.

– Sabotasjen inne i Norsk Hydro sin fabrikk, etterfølgande alliert bombing av fabrikken, og til sist seinkinga av ferja med tungtvatn på veg til Tyskland var utan tvil sett på som heilt nødvendig av menneska som utførte operasjonane. Men alt på denne tida var det for seint for Tyskland å klare å utvikle atomvåpen før krigen var slutt, seier Walker.

Han fortel at tyske forskarar hadde nok tungtvatn til å utføre dei eksperimenta dei kunne gjere.

– Det som kanskje er mest slåande, og lite kjent i Noreg, er kven som sette ein stoppar for tungtvassproduksjonen ved Norsk Hydro, og kvifor, seier Walker.

Hans forsking tyder på at det var nitratproduksjonen som var tyskarane sin førsteprioritet av Norsk Hydro sin produksjon på Rjukan. Tyskarane trong nitrat til ammunisjon. Derfor var det tyskarane sjølv som demonterte tungtvassutstyret og skipa det til Tyskland, for å unngå nye bombeangrep på fabrikken, noko som ville true forsyninga av nitrat.

– Og nett det var det som skjedde. Etter at tungtvassproduksjonen var stoppa, vart ikkje fabrikken bomba meir. Dermed kunne Norsk Hydro halde fram med å produsere ammunisjon og dermed støtte den tyske krigsinnsatsen, seier Walker.

Kampen om tungtvannet Heisenberg

Heisenberg ville kanskje ikkje lage ei atombombe, men spørsmålet var uansett ikkje opp til han, argumenterer vitskapshistorikar.

Foto: Filmkameratene AS/Jiri Hanzl / Filmkameratene AS/Jiri Hanzl

– Ikkje opp til Heisenberg

Det har ofte også blitt hevda at leiaren for det tyske atomvåpenprogrammet, Werner Heisenberg, indirekte saboterte utviklinga av eit slikt masseøydeleggingsvåpen.

– Heisenberg hevda til dels at det var hans forteneste at Tyskland ikkje bygde atomvåpen, men sanninga var at det var ikkje berre opp til han, seier vitskapshistorikar og fysikar Roland Wittje. Han har doktorgrad frå NTNU, men arbeider no ved Universitetet i Regensburg i Tyskland.

Vitskapshistorikar Roland Wittje

Vitskapshistorikar Roland Wittje.

Foto: privat

Wittje fortel at vitskapshistorikarar i dag hovudsakleg er einige om at hovudgrunnen var at militærapparatet i Nazi-Tyskland rett og slett ikkje satsa på atomvåpen.

– Både Manhattan-prosjektet, men også det tyske prosjektet var mykje større enn dei få vitskapsfolka som arbeidde på prosjekta, argumenterer Wittje.

– Det du måtte ha var eit militærapparat som var interessert i dette, og det fekk dei til i USA, fortel Wittje.

Nazi-Tyskland sette i staden inn ressursar på å utvikle rakettar og fly. Det satsa dei til gjengjeld enormt på.

Rakettprosjektet til nazistane skal ha vore samanliknbart med Manhattan-prosjektet når det gjaldt ressursar.

– Realiteten var at nazistane var opptatt av teknologi. Dei var ikkje interessert i moderne fysikk eller naturvitskap, seier Wittje.

Forholdet mellom nasjonalsosialisme og teoretisk fysikk var komplisert. Men ein medverkande årsak til at moderne fysikk ikkje slo an hos nazistane var at mange av dei største teoretiske fysikarane i Tyskland var jødar, med Albert Einstein i spissen.

Kjernefysikken var også knytt til kvantemekanikken, som den antisemittiske tyske fysikken, «Deutsche Physik», retta seg imot.

Fisjon

Oppdaginga av fisjon slik det vart hylla på eit tysk frimerke.

Foto: Wikimedia Commons

Hadde forsprang

Historia kunne tatt ein heilt annan veg. For det var tyske forskarar som var aller først ut med oppdaginga som ligg til grunn for atombomba.

Den tyske kjernekjemikaren Otto Hahn oppdaga på tampen av året 1938 at når han bombarte uranatom med nøytron førte det til danning av grunnstoffet barium, som har om lag halvparten av massen av uran.

Dette var eit uventa resultat som var uforklarleg med dei teoriane ein hadde tilgjengeleg.

Lise Meitner

Kjernefysikaren Lise Meitner utarbeidde teorien bak fisjon mens ho var i eksil i Sverige. Meitner var jøde, og måtte flykte frå Hitler-Tyskland.

Foto: Wikimedia Commons

Hahn sin mangeårige kollega Lise Meitner, utarbeidde deretter teorien som forklarte Hahn sine resultat. I februar 1939 kom ein Nature-artikkel der Meitner og nevøen hennar, Otto Frisch, skildra ein ny type kjernereaksjonen som dei kalla fisjon.

Namnet fisjon tok dei etter prosessen når ein bakterie snevrast inn på midten og deler seg i to. Dei såg for seg at det bombarderte uranatomet kunne dele seg på ein liknande måte – som ein drope vatn som blir til to.

Uavhengig av kvarandre kom deretter fysikarar i Frankrike og USA snart fram til at eit tilstrekkeleg tal på nøytron vart frigitt under spaltinga til at ein kjedereaksjon kunne vere mogleg. Dette vart først offentleg då den franske gruppa med Frederic Joliot-Curie i spissen publiserte sine resultat.

Prinsippet for atombomba var dermed servert.

Så kom krigen, og verdas fysikarar blei delt i to.

Gaute Einevoll

Fysikkprofessor Gaute Einevoll.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

– Verda hadde uflaks

– Verda hadde uflaks. Vi var uheldige når det kom til timing for oppdaginga av fisjon, seier Gaute Einevoll. Han er professor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og Universitetet i Oslo.

Einvoll var konsulent på teaterstykket København då det vart sett opp i Noreg i 2002. Stykket dreier seg om det berømte møtet mellom fysikarane Niels Bohr og Werner Heisenberg i 1941, og kva som vart sagt eller ikkje sagt, mellom dei to tidlegare forskarkollegaene.

– Viss fisjon hadde blitt oppdaga berre nokre år tidlegare, kunne ein kanskje fått til ei slags ikkje-forskingspakt. Men akkurat i mars 1939 var ikkje dette så lett å få til, seier Einevoll.

– Fysikkfaget har nok aldri vore meir framståande på verdsscena enn i kampen om kontroll over atomkrafta.

Professor Gaute Einevoll, Universitetet for Miljø- og biovitenskap.

– Alle kjernefysikarar forstod det store potensialet, og innsåg at det ikkje var mogleg å vinne ein krig mot eit land som hadde atomvåpen.

Historikaren Mark Walker deler ikkje fysikaren Gaute Einevoll sitt optimistiske syn på etikk hos fysikarar.

– Vi historikarar er motvillige til å spekulere i kva som kunne ha skjedd. Men eg er ganske sikker på at dersom fisjon var oppdaga tidlegare, så er det siste som ville skjedd at verdas fysikarar vart einige seg imellom om å ikkje utvikle kjernefysiske våpen, seier han.

Det ville i tilfelle gå på tvers av alle tidlegare erfaringar frå menneskets historie, argumenterer han.

Amerikansk kampanje

Mens Tyskland hadde eit forsprang når det gjaldt oppdaginga av fisjon, hadde amerikanarane meir erfaring med eksperimentell og industriell forsking. Spesielt viktig var det at dei hadde erfaring med eksperimentell kjernefysisk forsking.

I USA var det ein kampanje blant fysikarar om å hemmeleghalde nye forskingsresultat om fisjon og kjedereaksjonar, for å hindre Hitler-Tyskland i å få kunnskapen. I spissen av kampanjen stod den ungarske fysikaren Leó Szilárd, som hadde flykta frå Europa til USA.

Szilárd fekk blant anna hjelp av Albert Einstein til å forfatte eit brev til USAs president Franklin D. Roosevelt for å gjere han merksam på moglegheita av å lage atomvåpen.

Ifølgje Robert Jungk si bok Som tusen soler, skal Roosevelt ha blitt overbevist om kor viktig dette var då fysikarane fortalde han følgjande historie:

Under Napoleonskrigen kom ein ung oppfinnar til den franske keisaren og tilbaud seg å bygge ei flåte av dampskip, slik at Napoleon kunne dampe over til England utan å vere avhengig av lunefullt vêr. Keisaren syntest ideen om skip utan segl høyrdest så urimeleg ut, at han sende oppfinnaren bort.

Om denne forteljinga var avgjerande eller ei, så gav i alle fall Roosevelt etter kvart klarsignal til Manhattan-prosjektet, som kom til å omfatte 130.000 tilsette.

Parallelt med det amerikanske bombeprosjektet, gjorde dei allierte også alt dei kunne for å spionere på, og legge hindringar i vegen for tyskarane sitt atomvåpenprogram.

Atombombe over Nagasaki, 1945

Tyskarane var ukjent med det amerikanske atombombeprosjektet. Her atombombesprenginga over Nagasaki i 1945.

Foto: AP

Uroa til det siste

Sett i ettertid kan det verke rart at amerikanarane og britane også mot slutten av krigen var så redde for at tyskarane skulle utvikle atomvåpen, når det kan verke innlysande at Tyskland ikkje hadde ressursar til å komme i mål.

– Realiteten var at britane og amerikanarane ikkje kunne vere sikre, fortel vitskapshistorikar Roland Wittje.

Han minner om at også i dag kan det vere svært vanskeleg å få detaljerte opplysingar om kva som går føre seg i andre land, noko blant anna avsløringane av Irak sine påståtte atomvåpen er eit døme på. Desse våpena var det seinare ingen som klarte å finne igjen.

Wittje synest det er merkelegare at tyskarane ikkje hadde peiling på kva amerikanarane dreiv med. Tyskarane visste at det var eit kjempeprosjekt å bygge ei bombe, men dei hadde likevel ingen mistanke om kva som skjedde i USA.

– Det verker reelt at tyskarane vart fullstendig overraska, seier Wittje.

Medan Werner Heisenberg og dei andre tyske kjernefysikarane arbeidde med ein atomreaktor, nådde fysikarane over Atlanteren målet sitt om ei atombombe i 1945.

Sjølv om den same Leó Szilárd då angra seg, og forsøkte å hindre bruken av bomba, var det ingen veg tilbake.