NRK Meny

Derfor kranglar forskarane om Golfstraumen

Nokre meiner han er i ferd med å bli svekka, andre seier han er like sterk som før. Vi dykkar ned i stridsspørsmålet Golfstraumen.

Golfstraumen og den norske atlanterhavstraumen.

Golfstraumen fraktar varmt vatn frå ekvator til nordlege havområde. No kan forskarar ha sett dei første teikna til at straumen er svekka. Men andre er ueinige.

Foto: Wikimedia commons

Artikkelen er mer enn to år gammel.

I påska kom nyheita om at ein ny studie viste at Golfstraumen hadde blitt svekka. Men alt dagen etter skreiv NRK at andre forskarar tilbakeviste ei svekking.

Forskarar ved Universitetet i Bergen gjekk også ut i media og fortalde at "den norske Golfstraumen" lever i beste velgåande.

Er det rart at vi blir forvirra?

Namne-virvar

Svein Østerhus

Svein Østerhus forskar på havklima og havstraumar.

Foto: Gudrun Sylte, Bjerknessenteret

– Ja, det er mykje forvirring om Golfstraumen, seier Svein Østerhus ved Uni Research Klima og Bjerknessenteret til NRK.

Han meiner at det meste av kaoset kan forklarast ved at «vår» Golfstraum og Golfstraumen i Nord-Atlanteren ikkje er det same.

For det er ei myte at den varme havstraumen utanfor norskekysten er sjølve Golfstraumen.

Vi burde ikkje sagt Golfstraumen om vår straum. Eit meir riktig namn er Den norske atlanterhavsstraumen. Det er ikkje noko direkte kopling mellom havstraumen utanfor oss og det som skjer i Mexicogolfen.

Forskar Svein Østerhus, Uni Research Klima og Bjerknessenteret

Han tar også på seg litt av skulda for virvaret sjølv:

– Eg har dessverre også medverka til forvirringa gjennom mi tid. Vi forskarar er ivrige og vil gjerne få ut resultata våre, men så er dei berre ein liten del av biletet, seier han.

Første teikn til svekking – eller ikkje?

For å gjere det klart med ein gong: Studien frå tyske Stefan Rahmstorf og kollegaer som tyda på at Golfstraumen kunne vere i ferd med å bli svekka, var basert på analysar og målingar frå ein stor straum som blir kalla Atlantic meridional overturning circulation (AMOC) eller omveltningssirkulasjonen (sjå faktaboks).

Dette er det store havsirkulasjonssystemet som fører varmt vatn frå ekvator og nordover og sørover mot polområda. Havstraumane bringar med seg næringsstoff nordover, og er også svært viktig for klima.

Når det varme vatnet kjem til polområda blir det nedkjølt, og søkk til botn. I polområda blir vatnet også saltare, og får dermed større tettleik. Det kjem av at når havvatn fryser til is blir det meste av saltet skilt ut. Deretter strøymer det kalde, tunge vatnet tilbake til ekvator som ein botnstraum.

Golfstraumen er den delen av omveltningssirkulasjonen som fører varmt vatn nordover.

Det Rahmstorf har studert er ein stor kald flekk i havområdet sør for Grønland som ikkje har blitt varma opp i takt med resten av den nordlege halvkula.

Ved hjelp av rekonstruksjonar av fortidsklima, fann dei at denne flekken ikkje hadde vore så kald på 900 år i forhold til temperaturen på den nordlege halvkule.

Dei aller fleste klimamodellar viser at det skal bli ein slik flekk av kaldt vatn i dette området. FNs klimapanel seier også at golfstraumen kan bli svekka i vårt hundreår.

Dersom Rahmstorf og kollegaer har rett, er dette første gong vi ser teikn på at denne viktige havstraumen har blitt svekka.

Men har dei rett?

The atlantic conveyor

Den store omveltningssirkulasjonen som fraktar varmt vatn frå ekvator mot polane blir kalla AMOC (Atlantic meridional overturning circulation). Golfstraumen er den greina av AMOC som fører varmt vatn mot nord.

Foto: Stefan Rahmstorf, Potsdam Institute for Climate Research

Hausa opp

Svein Østerhus vil ikkje kritisere dei utanlandske kollegaene sine funn.

– Det dei seier treng ikkje å vere feil, seier han. Dei bygger på ein del observasjonar som viser at det har blitt kaldare, men samtidig nyttar dei modellar og meir indirekte metodar.

– Dette er eit sirkulasjonssystem som er svært viktig for oss og for klimaet. Derfor er det viktig å studere, og det er viktig at det er mange grupper som studerer det på ulike måtar. Slik låser vi oss ikkje fast i ein metode, seier Østerhus.

– Eg likar studien og datagrunnlaget, men dei tar litt i når dei tolkar data. Det er eit klassisk problem for studiar som blir publisert i Nature. Dei må hausse det litt opp, seier Bjørn Hallvard Samset. Han er fysikar og klimaforskar ved Cicero.

Ifølgje Samset har ikkje Rahmstorf og co. eigentleg sett direkte at Golfstraumen har blitt svekka. Det er berre ei mogleg forklaring på det dei observerer.

– Det dei har gjort er å rekonstruere temperaturskilnadene i havet mellom den nordlege og sørlege halvkule 1000 år tilbake i tid. Dei finn at stort sett har dette samvariert tidlegare i historia, bortsett frå no.

Ok, la oss gå ut frå at Rahmstorf og kollegaene hans har rett. Korleis kan dette henge saman med norske funn som viser at havstraumen på våre kantar lever i beste velgåande?

Golfstrømmen

Forskarane registrerer inga svekking av den varme havstraumen som strøymer inn i Norskehavet mellom Island og Skottland.

Foto: NRK

– Ingen konflikt mellom funna

Svein Østerhus er saman med norske og europeiske kollegaer i ferd med å publisere nye data frå den såkalla «norske Golfstraumen», eller altså den norske atlanterhavstraumen.

Mesteparten av vatnet som kjem nordover mot oss passerer i eit område mellom Island og Skotland, aust og vest av Færøyane. Her har forskarane plassert ut måleapparat og overvaka havstraumane. Dei finn ingen teikn til ei svekking:

– Vi er heilt sikre å at straumen ikkje har blitt svekka, men kanskje heller styrka, seier Østerhus.

– Vi ser at varmetransporten har auka, og at meir varme kjem inn i Norskehavet.

Forskarane ser også at det kjem meir salt inn, noko som kan gjere det lettare for vatnet å søkke til botnen igjen. Det kan også vere med på å styrke sirkulasjonen.

Likevel treng ikkje det å vere noko problem i seg sjølv at Den norske atlanterhavsstraumen er styrka, mens den store Golfstraumen er svekka.

Svein Østerhus meiner at desse funna lever godt side om side.

– Det som skjer hos oss, har sjølvsagt ei kopling til det som skjer lenger sør. Men det er inga direkte kopling. Dersom det skjer ei svekking i Labradorhavet på grunn av smeltinga frå isen på Grønland, så treng ikkje dette svekke straumen som går opp til oss, seier han.

Rahmstorf meiner også at dette er uproblematisk:

Professor og klimaforskar Stefan Rahmstorf.

Professor og klimaforskar Stefan Rahmstorf.

Foto: PIKI

– Våre norske kollegaer snakkar om ulike havstraumar nord for den regionen vi har målt. Vi snakkar om den stor-skala «overturning» sirkulasjonen i Atlanterhavet sør for denne regionen. Generelt er det ingen samanheng mellom den kalde flekken og straumen lenger nord, så begge resultata kan vere riktige, og det er ingen konflikt mellom desse funna, seier Stefan Rahmstorf i ein epost.

Men kva om Rahmstorf og co. har rett, og golfstraumen er i ferd med å bli svekka? Kva vil då skje med havstraumane til våre breiddegrader?

Kan bremse oppvarming

– Viss det kjem så langt som til at sjølve golfstraumen stoppar opp, noko klimamodellane viser, så vil det til slutt verke inn på oss. Det vil få innverknad på varmetransporten mot Europa, seier Østerhus.

Likevel er ikkje det sikkert at det nødvendigvis vil vere uheldig for oss.

Kanskje vil dette vere positivt når det gjeld å bremse effektane av global oppvarming på våre breiddegrader, når det varme vatnet ikkje lenger blir transportert nordover.

Bjørn Samset

Bjørn Samset er fysikar og klimaforskar i Cicero.

Foto: NRK

– Temperaturen på land avheng av temperaturen i havet. Så kaldare hav vil eventuelt kunne redusere oppvarminga. Sånn sett ville det nesten vore bra, seier Bjørn Samset.

Men på den andre sida er det ikkje så bra:

– Men golfstraumen ber også med seg næringsstoff. Viss havstraumen sakkar ned, vil det bli eit problem for fiskenæringa, seier han.

Om golfstraumen sakkar farten, vil han uansett ikkje stoppe opp over natta.

– Alt dette vil gå langsamt. Det kan også vere at Moder Natur har mekanismar ho kan sette inn. Det kan vere at smeltinga i Arktis med meir kaldt vatn som søkk til botnen kan medverke til å styrke straumen. Det er framleis mange ubesvarte spørsmål her, seier Østerhus.