Hopp til innhold

Derfor kjempar kroppen imot vekttap

Moderne slankeforsking forsøker å lure kroppens eldgamle mekanismar for overleving.

Jan-Erik Mok Undseth i "bod-pod"

Jan-Erik Mok Undseth er deltakar i eit forskingsprosjekt om slanking. Her får han målt kroppssamansetjing av feitt og musklar i ein 'bod-pod'.

Foto: NRK

Ein stillesitjande livsstil kombinert med eit usunt kosthald gjorde at Jan-Erik Mok Undseth ein dag oppdaga at han hadde tippa 130 kilo. Det motiverte han til å bli med på eit forskingsprosjekt ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Etter åtte veker på pulverkur gjekk han ned 19 kilo.

Men manglande kilo var ikkje det einaste som hadde endra seg. Undervegs i prosjektet målte førsteamanuensis Catia Martins og hennar kollegaer at kvilemetabolismen, energibehovet til Jan-Erik når han kviler, har gått ned frå 2066 kilokaloriar per dag til 1542 kilokaloriar per dag, samtidig som treningseffektiviteten hans var blitt betre.

Førsteamanuensis Catia Martins ved NTNU

Catia Martins er førsteamanuensis ved det medisinsk fakultet, NTNU og forsker ved RSSO, Kirurgi avdeling, St. Olavs hospital.

Foto: NRK

Det er no utfordringane kjem, fortel Catia Martins.

For at han skal klare å halde den nye vekta si, må han ete om lag 500 kilokaloriar mindre og trene meir enn tidlegare, er meldinga frå forskarane.

Saman med hormonendringar som gir auka kjensle av svolt, er minking i energibehov og auka treningseffektivitet dei tre vanlegaste fysiologiske mekanismane hos overvektige som forsøker å gå ned i vekt.

Og det blir verre.

Jan-Erik Mok Undseth får målt kvilemetabolisme

Slik målar forskarane kvilemetabolismen til Jan-Erik.

Foto: NRK

Kroppens kamp mot vekttap

– Desse mekanismane vil ikkje forsvinne, men vere der heile tida, fortel Martins.

Studiar viser at sjølv eitt år etter at ein har slanka seg, er desse mekanismane enno i full sving for å få kroppen til å legge på seg igjen.

– Det betyr i praksis at ein må kjempe i mot desse kompensatoriske mekanismane kvar dag, resten av sitt liv. Det er dårlege nyheiter, men det er viktig at folk veit om det. Då kan vi også forstå betre kvifor det er så vanskeleg, seier Martins.

Gjennom forskinga si forsøker Martins både å finne ut om det er enkelte slankemetodar som utløyser desse mekanismane i mindre grad enn andre, og også kvar i slankeprosessen mekanismane slår inn. Blant slankemetodane dei har testa er ein endå strengare variant av 5-2-dietten, med faste 3 dagar i staden for 2.

Førebels har ho ikkje oppdaga noko vedunderkur som ikkje mobiliserer forsvarsmekanismar.

– Det er ingen tvil om at fedmekirurgi verkar betre, men vi kan ikkje tilby dette til alle. Vi veit også at cirka 15 prosent ikkje får nokon effekt av fedmekirurgi, seier Martins.

Fekk fleire barn

Professor Jonathan Seckl

Professor Jonathan Seckl ved The University of Edinburgh.

Foto: University of Edinburgh

– Vekslar mellom periodar av mykje mat og svolt har prega menneskets historie, og for den saks skyld også heile evolusjonen til pattedyra, fortel professor i molekylær medisin, Jonathan Seckl ved The University of Edinburgh, til NRK.

Samtidig er det også slik hos menneske og dei fleste pattedyr, at reproduksjon er avhengig av tilstrekkeleg kroppsvekt og nok matressursar til å kunne nære eit foster.

– Dersom eit individ kunne legge på seg og halde på vekta litt betre enn eit anna individ, så vil den første ha ein betre sjanse til å kunne få barn, spesielt i neste periode med hungersnød, forklarar Seckl.

Gen som gjer ein disponert for å legge på seg og halde på vekta har derfor sannsynleg blitt selektert gjennom evolusjon.

– Dei fleste av desse gena er gen som bestemmer appetitt, mens nokre få påverkar metabolisme, seier han.

Fedme i seg sjølv ville sjølvsagt vore ein ulempe, ein kan jo sjå for seg at ein feit person som vaggar på savannen raskt ville bli eit måltid for store rovdyr, men fedme var nok eit sjeldan fenomen for dagens moderne samfunn der tilgangen på kaloriar er mykje større.

Overvekt

80-90 prosent av alle overvektige som slankar seg er tilbake til si tidlegare vekt innan få år.

Foto: Monkey Business Images / Colourbox.com

Korleis lure kroppen?

I dagens moderne samfunn er mennesket langt unna ei brutal verkelegheit på savannen, og svært mykje nærare sofaen og eit velfylt kjøleskap.

Men mekanismane frå mennesket tidlege historie er altså endå med oss.

Desse kraftige mekanismane saboterer for oss.

fedmeforskar John Roger Andersen ved Høgskolen i Sogn og Fjordane.

Førebels er det berre drastiske metodar som fedmekirurgi som klarar å lure kroppens fysiologiske mekanismar i særleg grad, fortel fedmeforskar John Roger Andersen ved Høgskolen i Sogn og Fjordane.

– Vi veit at fedmekirurgi hovudsakleg verkar på to måtar. Du får mindre magesekk, som gjer at du et mindre mat. Samtidig påverkar det også mengda hormon som blir produsert i magesekken, slik at du kan ta bort noko av sveltkjensla. Når vi måler i blodet kan vi sjå at mengda av desse hormona har gått ned.

Mens dei aller fleste, 80–90 prosent, er tilbake til tidlegare vekt innan 5 år med livsstilsendringar, er tala for overvektige som har gått gjennom fedmekirurgi svært mykje betre. Då vil 70–80 prosent klare å få eit massivt vekttap som held seg.

– Forskarar forsøker også å finne pillar som kan påverke mettheitskjensle og metabolisme. Per i dag finst det ingen slike på marknaden, men ein ny pille er nyleg utvikla i USA, fortel Andersen.

Eit samfunn tilpassa vår genetikk

John Roger Andersen

Fedmeforskar John Roger Andersen ved Høgskolen i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ein kan jo spørje seg kor lang tid evolusjonen vil trenge for å tilpasse oss til ei ny verkelegheit der fedme er eit større problem enn hungersnød.

Professor Jonathan Seckl ser i alle fall inga rask løysing her.

– Det har også blitt påstått at vi lever i eit samfunn der evolusjonært utval ikkje lenger skjer, fordi vi kontrollerer omgivnadene våre i så stor grad, seier han.

– Det vil i alle fall ta generasjonar, trur han.

I staden for å vente på at evolusjonen eventuelt skal hjelpe oss med fedmeproblemet, vil fedmeforskar John Roger Andersen ved Høgskolen i Sogn og Fjordane heller snu problemstillinga.

– Vi må i staden lage eit moderne samfunn som er meir tilpassa til vår genetikk, seier han.

I eit forsøksprosjekt i regi av Andersen og kollegaer ved høgskulen er det no innført ein time fysisk aktivitet kvar dag for 10-åringar i Sogn og Fjordane. Etter eit år skal ein så måle korleis dette har verka.

Andersen har trur på at slike tiltak som å få fysisk aktivitet inn i fleire fag i skulen, vil kunne førebyggje mot fedme.

– Løysinga må vere å bygge samfunnet litt om, slik at det kan virke på sikt. Det vil ikkje hjelpe dei som er vaksne i dag, men det kan forhindre at flest mogleg av barn og ungdommar som veks opp no blir overvektige. Det er mykje lettare å førebygge enn å reparere.