Hopp til innhold

Kan ha funne gena som gjer pygmeane små

Genvariantar som vernar pygmeane mot tropiske sjukdommar kan gi låg vekst som bieffekt, trur forskarar.

Mbutijente i Okapi Wildlife Reserve

Ei jente frå mbutifolket, eit pygméfolk, viser fram farens fangst i Okapi Wildlife Reserve i Kongo-Kinshasa.

Foto: Rebecca Blackwell / NTB/Scanpix

Genetikarar ved University of Pennsylvania i USA har studert gena hos afrikanske pygmear, og har komme eit steg nærare i forstå kvifor dei ikkje blir høgare.

Det skriv Scientific American.

Tilpassing til ekstremt miljø

Funna frå forskarteamet tyder på at gen som vernar pygmeane mot mikrobar også kan ha som bieffekt at dei hindrar vekst.

Parasittar og andre sjukdomsfremjande organismar utgjer ein evigvarande trussel for pygmeane som lever i tropiske skogområde.

Lita høgde kan vere eit biprodukt av styrka immunforsvar, og ikkje ein direkte tilpassing til jeger-og- sankar livet, trur genetikarane.

Når forplantningsdyktig alder tidlegare

Forskarteamet har funne genetiske mutasjonar i pygmeane som har med veksthormon og immunsystemet å gjere, og som berre sekundært er lenka til høgde.

– Desse gena er viktige for reproduksjon og stoffskifte, og det er interessant i lys av hypotesen om at pygmear er korte for då å kunne nå forplantningsdyktig alder tidlegare, seier professor Sarah Tishkoff ved University of Pennsylvania.

Tishkoff er ekspert på genetikk i afrikanske populasjonar, og er medforfattar på studien som er publisert i tidsskriftet PLoS Genetics.

– Det å få barn tidleg, kan vere ein viktig fordel hos pygmear, som har ein forventa levealder mellom 15 og 24 år, seier Tishkoff.

Ulik genetisk arkitektur for høgde

Over mange generasjonar har pygmear fått barn med naboliggjande bantufolk.
I studien skanna forskarane arvematerialet hos 67 pygmear og 58 bantuar for genetiske markørar.

Dei fann at jo meir bantuslektskap, jo høgare vart individet, noko som bekrefta at gen var involvert i skilnad i høgde.

Forskarane fann også at ein del av kromosom 3 hos pygmeane skilde seg mykje frå det same kromosomområdet hos bantuane.

I området som skilde seg ut fann forskarane ein genetisk variant av CISH, eit gen som er kopla til mottakelegheit for blant anna malaria og tuberkulose. CISH er også kjent for å hemme produksjon av menneskeleg veksthormon.

Forskarane fann også genet DOCK3 som har blir assosiert med høgde i studiar av europeiske populasjonar.

Men bortsett frå dette fann forskarane ingen andre av dei mange høgderelaterte gena som er funne i andre populasjonar.

– Det kan vere at det sterke seleksjonspresset og den unike demografiske historia til pygmeane gjer at dei har ei heilt ulik genetisk arkitektur for høgde, seier Tishkoff.