Hopp til innhold

Har du blodtype O er du meir beskytta mot malaria-død

Forskarar har avdekka mekanisme som forklarer kvifor færre med blodtype null dør av malaria.

Plasmodium falciparum-parasittar i blod

Malariaparasittar skil ut eit protein som lettare bind seg til blodtype A enn blodtype O. Biletet viser mikroskopbilete av malariaparasittar i blod.

Foto: Dr. Mae Melvin, Centers for Disease Control and Prevention's Public Health Image Library

Fleire studiar har tyda på at menneske med blodtype O er meir beskytta mot å døy av malaria enn andre.

No meiner svenske forskarar ved Karolinska Institutet at dei er på sporet av mekanismen som forklarar kvifor det løner seg å ha blodtype null i malaria-land.

I ein ny artikkel i Nature medicine skildrar professor Mats Wahlgren og kollegaer funnet av eit «klissete» protein som blir utskilt av malariaparasitten, og som bind seg svakare til blodtype O enn andre blodtypar.

– No når vi veit korleis alvorleg sjukdom oppstår, har vi lettare for å utvikle ein ny behandling og kanskje til og med ein vaksine, seier professor Mats Wahlgren ved Karolinska institutet til NRK.

Malaria-infisert blodcelle

Skanning elektronmikrografi-bilete av ei raud blodcelle (her farga blå) som er infisert med malariaparasitten falciparum.

Foto: NIAID, Flickr

Lim-protein

Malaria skuldast ulike typar parasittar som formeirar seg i blodcellene. I alvorlege tilfelle fører sjukdommen til at infiserte raude blodceller klistrar seg til kvarandre i dei tynne blodårene i hjernen slik at blodtilførselen blir blokkert. Dette kan føre til koma, hjerneskade og i verste fall død.

Dei svenske forskarane har funne at malariaparasitten Plasmodium falciparum skil ut eit protein kalla RIFIN. Dette proteinet festar seg til overflata av blodcellene, der det verkar som eit slags lim.

Forskarteamet fann også at RIFIN bind seg sterkt til blodceller av typen A, mens det berre bind seg svakt til blodtype O.

Har påverka blodtypefordeling

– Blant befolkninga i tropiske område er det vanleg at barn med blodtype A dør av alvorleg malaria, fortel Wahlgren.

Sidan fleire med blodtype A dør før dei når vaksen alder har det ifølgje Wahlgren medført at denne blodtypen har blitt relativt uvanleg samanlikna med i landa nord for Alpane.

I Nigeria skal meir enn halve befolkninga ha blodtype O, som beskytter mot malaria - mot 39 prosent i Noreg.

Wahlgren understrekar at menneske med blodtype A ikkje har noko større risiko for å få sjukdommen, men at dei har større risiko for å få alvorleg sjukdom.

– Ein veit frå før av at naturen har utstyrt menneske i malariaområde med spesielle blodvariantar som nettopp skal beskytte dei mot alvorleg malaria. Den mest kjente varianten er sigdcelleanemi, seier infeksjonsoverlege Mogens Jensenius ved Oslo Universitetssykehus.

Han trur ikkje funnet frå dei svenske forskarane vil få umiddelbare behandlingsmessige konsekvensar.