Hopp til innhold

Verdas første nattblomstrande orkidé

Botanistar har oppdaga den første orkidéarten som berre blomstrar om natta.

Eit team av engelske og nederlandske botanistar har oppdaga verdas første nattblomstrande orkidee.

Det finst berre nokre få plantar som har blomstrar som opnar seg om natta og lukker seg om dagen. Fram til no var det ingen orkidear blant desse blomstrane.

New Britain

Orkideen som har fått namnet Bulbophyllum nocturnum, vart oppdaga på øya New Britain nær Papua Ny Guinea av den nederlandske orkidéspesialisten Ed de Vogel.

De Vogel samla nokre orkidear som han tok med seg tilbake til Leiden i Nederland.

Heime i Nederland produserte orkideen snart knoppar, men til frustrasjon for botanistane visna knoppane på det tidspunktet når det såg ut til at dei skulle opne seg.

Tok planten med heim

Bulbophyllum nocturnum

Bulbophyllum nocturnum vart oppdaga på øya New Britain nær Papua Ny Guinea.

Foto: Andre Schuiteman

For å komme til botns i mysteriet tok de Vogel planten med seg heim.

Til hans overrasking opna knoppen seg klokka ti om kvelden, lenge etter at det var blitt mørkt.

Vidare studiar av planten viste at knoppane alle opna seg om lag klokka ti om kvelden, for så å lukke seg neste morgon rundt klokka ti.

Blomstrane vara berre denne eine natta, noko som forklarer dei første observasjonane av knoppar som såg ut til å visne før dei hadde blomstra.

Kappløp med tida

De Vogel fekk hjelp av orkidéspesialistane André Schuiteman frå Royal Botanic Gardens, Kew og Jaap Vermeulen frå Leiden til å undersøke og skildre den nye arten.

– Dette er ein påminner om at det framleis er mogleg å gjere overraskande oppdagingar. Men det er eit kappløp med tida å finne artar som denne som berre finst i tropisk urskog, seier orkidéspesialist André Schuiteman ved Kew Royal Botanical Gardens i ei pressemelding.

– Vi veit jo alle at slike skogar forsvinn raskt. Difor er det stadig viktigare å få støtte til å gjere meir feltarbeid slik at vi kan gjere fleire slike oppdagingar, seier Schuiteman.

Kvifor Bulbophyllum nocturnum blomstrar berre om natta er framleis eit mysterium, og må undersøkast nøyare. Men ei forklaring kan vere at blomsteren blir pollinert av fjørmygg som er aktiv om natta.