NRK Meny
Normal

Denne har funne oppskrifta på langt liv

Forskarar har funne endringar i arvestoffet hos grønlandskvalen som kan forklare kvifor han lever så lenge. Funna kan bety lengre og meir sjukdomsfrie liv for menneske.

Grønlandskval

Grønlandskvalen lever opptil 200 år, og kan ha eit par tips for å oppnå langt liv.

Foto: Loke Film/ Adam Schmedes/Cell Reports 2015

Grønlandskvalen er den nest størst av kvalane, og er også det pattedyret som lever lengst. Han kan bli heile 200 år. Samtidig har forskarar også rapportert at arten svært sjeldan får kreft.

Kva er kvalens oppskrift på eit så langt og sjukdomsfritt liv?

Dette spørsmålet har eit internasjonalt team av forskarar forsøkt å finne svaret på ved å kartlegge og studere arvematerialet til kvalen. Arvematerialet er no publisert og gjort tilgjengeleg for andre forskarar.

Noko av det forskarane fann var ei forbetra evne til å reparere feil i DNA, og mekanismar for å førebyggje oppsamling av DNA-feil gjennom livsløpet.

– Ved å kartlegge nye reparasjonsmekanismar håpar vi å forstå kva som er løyndommen for å leve lengre og friskare liv og ta i bruk denne kunnskapen til å forbetre menneskeleg helse, fortel ein av forskarane bak studien, Joao Pedro de Magalhaes ved University of Liverpool, til NRK.

– Interessant arbeid

– Dette er eit interessant arbeid som vil vere av interesse både for kreftforskarar, evolusjonsforskarar og aldringsforskarar, fortel professor Hans Krokan ved NTNU til NRK.no. Han har ikkje vore involvert i studien.

Krokan trur vi kan lære noko frå dette, sjølv om forskarane bak rapporten eigentleg ikkje har bevist noko enno, men bare påvist moglege samanhengar.

Han peiker blant anna på nokre endringar i gen som kan føre til endra veksthastigheit og kanskje meir langsam utvikling. Dette kan igjen kanskje auke livslengda.

– Det er kjent frå før hos nokre dyr at redusert energiinntak fører til mindre vekst og lågare metabolisme og auka livslengd, fortel Krokan.

Han trur det sannsynlegvis vil vise seg å vere meir omfattande evolusjonsmessig endring som til saman bidrar til auka levealder hos kvalen.

Uetisk?

– Ville det ikkje vere øydeleggande for jorda om miliardar av menneske levde like lenge som grønlandskvalen?

– Det kan sjølvsagt synest uetisk å fylle opp ei allereie overfylt jord. På den andre sida vil det også synest uetisk ikkje å gi menneske gode levevilkår og god helse, viss ein kan det, meiner Krokan.

– Den etiske løysinga er vel ein berekraftig levemåte, godt helsevesen og sosial likheit.