Ålen er mystisk og myteomspunnen. Som type er han minst 40 millionar år gamal, og seigliva sjølv som landkrabbe i fleire dagar.
Han skiftar farge, og har ein fabelaktig luktesans. Han kan faktisk lukte molekyl.
Til Sargassohavet
Frå den nordlege halvkula dreg dei no i millionar mot same mål, til staden der dei alle vart fødde - 6000 kilometer unna - til eit havstykke ved Bermuda utanfor Florida.
Kvifor alle ålar i nordlege farvatn dreg til Sargassohavet for å gyte, veit ingen sikkert. Ei forklaring kan vere at ålen har utvikla seg gjennom millionar av år. Utgangspunktet og heimkjensla er Sargassohavet, men etterkvart har kontinenta drive frå kvarandre og returen vert desto lengre.
15 månader trur forskarane at ein ål brukar frå norskekysten og heim. Og vel framme i Sargasso er kreftene brukt opp, om han då når fram i det heile tatt. Etter ålen har gytt, døyr han. Og dei nye ynglane legg etterkvart ut på den lange turen tilbake hit.....
Av Gry Molvær,
Schrödingers katt 5. september 2002