Hopp til innhold

Smart konkyliefisking spreier seg blant delfinar

Ein oppfinnsam jakt-teknikk ser ut til å spreie seg blant delfinar. Dette meiner forskarar er eit teikn på at delfinane lærer teknikken av kvarandre.

Delfin fangar fisk frå konkylie

Stadig fleire delfinar i Shark bay i Australia tar i bruk denne smarte fiskemetoden. No lurer forskarane på om dei lærer den av kvarandre.

Foto: Jaymes Brown, Murdoch University

Sharks bay, Australia

Shark bay sett frå NASA-satelitten Terra i november 2004. Dei grøne områda er oppblomstring av fytoplankton.

Foto: NASA

I 2007 observerte australske delfinforskarar ein merkeleg oppførsel hos delfinar i Shark Bay på vestkysten av Australia.

Ein av delfinane som høyrer til slekta tumlarar (Tursiops aduncus), hadde med seg ein konkylie til overflata som han rista.

Smart fisketeknikk

Forskarane skjønte først ikkje kvifor delfinen oppførte seg slik. Men då dei studerte bilete, såg dei til si overrasking at halen til ein fisk hang ut av konkylien.

Forskarane forstod då at delfinen rista vatnet ut av konkylien slik at fisken til slutt ramla ned i munnen til delfinen.

Den merkelege oppførselen var altså ein særs smart fisketeknikk.

No meiner delfinforskarar ved Murdoch University i Perth at dei observerer dette sjeldne fenomenet stadig oftare, noko som kan tyde på at teknikken spreier seg blant tumlarane.

Hermer etter kvarandre

– Berre på dei siste fire månadane har forskingsteamet vårt sett og fotografert denne åtferda ikkje mindre enn seks gongar, kanskje også sju gongar, seier kvalforskaren Simon Allen i ei pressemelding frå Murdoch University.

Kvalforskarar ved universitetet i Perth studerer tumlarar i felten i fire månader i året saman med kollegaer frå University of Zurich i Sveits.

Dersom det verkeleg er slik at oppførselen er i ferd med å spreie seg blant tumlarane, har Allen ein teori for korleis utbreiinga føregår. Han trur at delfinar som er i nærleiken av konkyliedelfinane observerer fenomenet, og at dei så hermer etter fisketeknikken sjølv.

– Det er ein pirrande tanke at denne åtferda kan vere i ferd å spreie seg framfor auga våre, over ein feltsesong eller to, og at vi kan følgje utbreiinga av fenomenet, seier den australske kvalforskaren.

Djevelsk knep

Tumler

Ein tumlar (Tursiops aduncus) i akvariet i Genova.

Foto: Jon Shave/CC/Flickr

I tillegg til at forskarane er interessert i å observere korleis ein lært åtferd spreier seg blant delfinar, er dei også nyfikne på å finne ut meir om korleis sjølve konkylie-fiskinga føregår.

– Vi veit enno ikkje om delfinane berre jagar fisken inn i konkylien, eller om dei faktisk også manipulerer skjella først. Det kan tenkast at tumlarane først snur konkyliane med opninga opp, slik at fisken ser konkylien som ein god tilfluktsstad frå det drepande delfingapet, seier Allen.

Dersom forskarane finn at dette stemmer, vil det i tilfelle bevise at delfinar er i stand til langtidsplanlegging.

– Eg vil ikkje bli altfor forbausa om tumlarane i Shark bay viser seg å vere listige nok til å ta i bruk slike djevelske knep, seier Simon Allen.

Uansett ser dette ut til å berre styrke delfinane sitt ry som smarte dyr.