Hopp til innhold

D-vitamin like sunt som røykeslutt

- Å gi kroppen nok D-vitamin - er truleg like helsefremjande for deg som å slutte å røyke. Det seier professor Reinhold Vieth ved Universitetet i Toronto, Canada. Han er rangert som ein av verdas fremste ekspertar på D-vitamin.

Solarium

Vi har like godt dokumenterte resultat på helsegevinsten ved D-vitamin, som dei forskingsresultata som ligg føre ved røykeslutt, seier Vieth.
Det er særleg i høve sjukdomar som beinskjørheit, ulike typer kreft og MS; D-vitamin har vist seg å vere svært førebyggande. Vitaminet gjer at cellene i kroppen kommuniserar betre, og "oppdagar" difor feil lettare.

Sola kjelde

Reinhold Vieth

Professor Reinhold Vieth, Dept.of Nutritional Sciences, Lab.Medicine, and Pathobiology, Univ.of Toronto

Reinhold Vieth trur vi generelt får for lite D-vitamin, særleg på nordleg halvkule der sola står lågt i vinterhalvåret.
Sola er nemleg vår viktigaste kjelde til vitaminet som vert produsert via eit hormon i huda.

- Sola må stå i minst 50 grader i høve horisonten, så først når skuggen din er like lang som deg sjølv- eller kortare, produserer kroppen vår D-vitamin, forklarar Vieth.

Apekattar på feil stad

- Det nærast er eit uhell i naturen at det bur menneske på den nordlege halvkule, smiler professoren. Vi menneske er primatar og i slekt med apene, og det finst knapt naturlege forekomstar av apekattar nord for Florida.

I prinsippet var vi ferdig designa genetisk og biologisk på Afrikas Horn for hundre tusen år sidan, og då var vi i tillegg nudistar, ler han. Vi gjekk i sol heile dagen, og heile hudflata kunne produsere D-vitaminråstoff.

- I dag er vi påkledde, og lever i tillegg på stader der det ikkje er nok sol halvparten av året. Då er det ikkje rart at det vert knapt med D-vitamin, seier Reinhold Vieth.

At store deler av befolkinga i nord har låge eller svært varierande verdiar av D-vitamin, betyr ikkje at det er naturleg, slik nokon forskarar hevdar. Det betyr berre at mange manglar D-vitamin fordi dei får for lite sol eller et for lite fisk, meiner professoren.

Mange makrellar

Fisk er nemleg den andre hovudkjelda til D-vitamin. Undersøkingar viser at det er ingen skilnad om vi får i oss D-vitamin gjennom sola eller gjennom fisk. Men sola er langt meir effektiv:

Ei standard, flat påleggsboks med hermetisk fisk - gir mellom 600 og 800 einingar med D-vitamin. Ti minutt med sol på heile kroppen gir omlag 10 000 einingar av vitaminet. Du må altså spise omlag femten boksar makrell i tomat for å få like mykje D-vitamin som det ti minutt solskinn på heile kroppen gir.

- Problemet er berre at folk har vanskar med å skjøne omgrepet "litt sol", seier Reinhold Vieth.

- Vi snakkar om svært få minutt her. Folk er generelt for lenge i sola og vert solbrente. Og då er det straks eit problem og kan vere skadleg. Vieth er ingen tilhengar av solarium, men seier det slik: - Du får i alle fall ein stor dose D-vitamin gjennom 10 minutt med sol!

Mange meiningar

Den internasjonale og norske anbefalinga for dagleg inntak av D-vitamin er 400 einingar. Reinhold Vieth trur denne anbefalinga er for låg.

- Amerikanske arbeidarar som jobbar utandørs heile dagen får i seg mellom 3000 og 4000 einingar D-vitamin. Vi trur dette er sunt.

Mange forskingsmiljø vil likevel vere usamde med Vieth i kor store mengder D-vitamin ein bør få i seg. For mykje av vitaminet kan vere skadeleg. Særleg for gravide er dei nasjonale retningslinene strenge og avgrensar kor mykje D-vitamin ein bør ta i tilskot.