NRK Meny
Normal

Curiosity filma eigen landing

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

NASA frigir video frå nedstiginga til Mars tatt med Curiositys eige kamera.

Curiosity har sendt heim video som viser nedstiginga sett frå roverens eige synspunkt mens han susa som ei geværkule gjennom Marsatmosfæren.

Bileta er tatt med Curiositys eige Mars Descent Imager (MARDI), og består av 297 lågoppløysingsbilete som er sett saman til ein video.

Filmen dekkar dei siste to og eit halvt minutt av Curiositys kompliserte nedstiging, som enda i ei perfekt landing til stor jubel i NASAs kontrollrom i går.

På videoen ser vi først at varmeskjoldet løsnar som det skal, og ramlar til bakken.

Deretter ser vi bakken som nærmar seg, før vi til slutt ser Marsstøvet som blir virvla opp av dei åtte rakettane på landingsplatformen som landsette Curiosity.

Filmsekvensen vil etter kvart bli sett saman til ein HD-film når NASA får sendt over bileta i høgare oppløysing, noko som vil ta nokre veker. Dette skriv BBC.

Knipsa Curiosity frå oven

Curiositys nedstiging vart også knipsa frå Mars-sonden Mars Reconnaissance Orbiter som har gått i bane omkring Mars sidan 2006.

Blinkskotet viser Curiosity mens han heng under den 50 meter lange fallskjermen som var spesialdesigna for å bremse ned eit par tonn rover og landingsplatform i vill fart ned gjennom den tynne Marsatmosfæren.

På dette tidpsunktet var Curiosity enno pakka inn i eit beskyttande skal.

– Fallskjermen ser ut til å vere fullt oppblåst og fungere perfekt, skriv teamet bak HiRISE-kameraet i ei pressemelding.

Seinare fann teamet også eit bilete der Curiositys varmeskjold er synleg.

– Vi trur objektet her framleis er i fritt fall, fordi det ville røre opp eit stort område med støv ved samanstøyt med bakken, skriv teamet.

Curiositys nedstiging med varmeskjold i fritt fall

Curiosity knipsa i det roveren heng under fallskjermen. Nedst til høgre ser vi også det avspalta varmeskjoldet i fritt fall. Biletet er tatt med HiRISE-kameraet om bord i Mars Reconnaissance Orbiter.

Foto: NASA/JPL-Caltech/Univ. of Arizona

5500 meter høgt

Curiosity har også sendt heim fleire bilete av omgivnadene der roveren landa.

Eitt av bileta gir eit svært godt inntrykk av det 5500 meter høge Mount Sharp som ligg inne i Galekrateret der Curiosity har landa.

Mount Sharp er roverens fremste vitskaplege mål. Curiosity-teamet vil køyre roveren fram til fjellet for å utforske dei nedre laga av fjellet.

Her trur dei dei vil finne spor etter endringar i klima tidlegare i planetens historie.

.

Curiositys bilete av Mount Sharp

5500 meter høge Mount Sharp i eit bilete tatt av eitt av Curiositys Hazcam (Hazard-Avoidance camera). Biletet har blitt gitt riktige proposjonar frå det forvridde utgangspunktet som skuldast kameraets fiskeaugelinse.

Foto: NASA/JPL-Caltech

Sjå fleire bilete tatt av Curiosity på NASAs eigne nettsider.