Hopp til innhold

Sprengjer huset i lufta med varmtvasstanken

Ikke gjør dette hjemme-huset blir løfta av grunnmuren når varmtvasstank-bomba går av. Sjå videoen av den heftige eksplosjonen.

Video igdh-nett-25012

Rune Nilson og Per Olav Alvestad

Mens Rune er borte sprengjer Per Olav nesten huset i fillebitar med varmtvasstanken.

Foto: NRK

Det går hardt ut over huset i kveldens episode av «Ikke gjør dette hjemme» når Per Olav byggjer om varmtvasstanken til ei kraftig bombe (sjå videoen i ingressen).

Pulveriserte inventaret

Alle inn- og utgangar i varmtvasstanken vart lodda igjen slik at dampen ikkje hadde nokre stader å sleppe ut. Tryggingsmekanismar vart sett ut av spel, og eit ekstra sterkt varmeelement vart sett inn.

Etter å ha skrudd varmen på fullt, følgjer Per Olav med på at trykket stig frå ein bubil eit stykkje unna huset.

Etter 5–6 timar er trykket i tanken på mellom 27 og 29 bar. Då gir metalltanken etter frå trykket av vassdampen, og resultatet er ein særdeles heftig eksplosjon.

– Det er den verste smellen eg har vore vitne til nokon gong. Den var så kraftig at eg faktisk blei ganske nervøs der ei lita stund, seier Per Olav som har opplevd ein del smellar gjennom programleiarjobben i «Ikke gjør dette hjemme».

– Smellet var så kraftig at det tok livet av 3 kamera, pulveriserte alt inventar, løfta huset opp, slo ut veggane og fjernar heile grunnmuren. Ei fullstendig øydelegging, fortel prosjektleiar for Ikkje gjør dette hjemme, Njord Røv.

Han stod sjølv og filma på oversida av huset saman med ein annan fotograf under eksplosjonen.

Varmtvasstanken eksploderer

'Ikke gjør dette hjemme'-huset i det varmtvasstanken eksploderer.

Foto: NRK

– Du anar ikkje kor stort det blir

Rune Nilson var ikkje med på opptaket denne dagen, etter å ha fått seg ein støkk av ein kraftig dynamitteksplosjon dagen før:

– Å skulle bruke kanskje heile dagen på å vente på eit jævlig smell som du ikkje aner når kjem, du anar ikkje kor stort det blir, aner ikkje øydeleggingane, du veit liksom ingen ting. Eg hadde ikkje nervar til det, seier Rune.

– Det å sitje sånn og vente på ein eksplosjon er veldig spennande på ein ganske ekkel måte, seier Per Olav Alvestad.

Eksplosjonen førte til at huset måtte ha securitas døgnet rundt under resten av innspelinga.

– Det var overhengande fare for at huset rett og slett skulle rase saman, fortel prosjektleiar Røv.

Magnesiumgrill

Kveldens episode byr også på andre smell. Den meir eksplosjonsglade halvdelen av programleiarduoen, Per Olav, lagar eksplosive blandingar av gassar med hydrogen-, oksygen- og acetylengass saman med kjemikaren Morten.

Hydrogengassen lagar dei lett sjølv med plumbo og aluminiumsspon, og gassen eksploderer med eit lekkert knall når den blir tent på i nærvær av oksygen i lufta.

Eit endå større smell blir det når dei tenner på den svært eksplosive blandinga av acetylengass og oksygen. Effekten viser at dette heilt klart noko du ikkje bør gjere heime, sjølv om du skulle slumpe til å ha ein behaldar med acetylengass.

Per Olav og Rune demonstrerer også korleis det går an å grille i regnvêr om ein berre fyrer med magnesiumspon i staden for grillkol.

Magnesium reagerer svært kraftig med vatn, og det geniale er at reaksjonen gir berre meir futt og varme jo meir vatn teamet sprutar på det.

Men om det går an å ete kotelettane og pølsene etterpå, er vel meir tvilsamt.

Sjå video av grillfest med magnesium her:

Kabriolet med termitt

Programleiarane testar også ut om det er mogleg å lage kabriolet av ein vanleg bil ved å sveise hol i taket med hjelp av termitt, ei kraftig kjemisk blanding som består av jernoksid og aluminium.

Den forrykande reaksjonen mellom desse to stoffa gir ein temperatur på opp mot 3000 grader, noko som er varmt nok til å smelte jernet som blir danna i reaksjonen.

Det er ikkje for ingenting at termittreaksjonen ofte blir nytta til sveising.

Kveldens episode byr i tillegg til dette på ei lang smørbrødliste av eksperiment, som ølbrygging på varmtvasstanken, oppskyting av stålampe med rakett, og garasjebygging på utradisjonelt vis.

Du ser heile programmet på NRK1 i kveld, kl. 19.45.

Sjå termittreaksjonen på biltaket her:

Sjå episode 3 av «Ikke gjør dette hjemme» (sesong 2)
Sjå episode 2 av «Ikke gjør dette hjemme» (sesong 2)
Sjå episode 1 av «Ikke gjør dette hjemme» (sesong 2)