Sjå for deg at du går på gata med ei nyinnkjøpt pølse i handa. Du skal til å ta ein bit, då du kjenner hektiske vengeslag over hovudet ditt, og pølsa blir røska ifrå deg. Sekundet etter dansar grå og kvite dun i lufta. Heldigvis er fingrane uskadde av det kraftige nebbet.
Møtet med ei bymåke kan vere skremmande, og problemet med måker som stel mat er kjent.
– Ute i naturen må dei vere forsiktige med å kome bort til store rovdyr, mens me som går rundt med pølsa i handa kjem jo ikkje til å drepe den måka, så den treng ikkje vere redd for oss, seier evolusjonsbiolog og rådgjevar i Naturvernforbundet, Hanna Nyborg Støstad, til programmet Ekko i NRK P2.
Høyr innslaget:
Skrikhalsar i trafikken og modige sporvar
Fuglar som bur langs motorvegar, har lært å synge med høgare volum og i ein annan toneart enn fuglar andre stader. Slik overdøyver dei trafikkstøyen.
SKRIV OM TILPASSING: Hanna Nyborg Støstad har skrive boka «Eventyrlig evolusjon», om korleis dyr tilpassar seg raskt skiftande levekår.
Foto: BENJAMIN A. WARD / Kagge Forlag– Generelt kan ein seie at mange dyr i byane er modigare, meir territorielle og kanskje meir aggressive, fortel Støstad.
Ifølge biologen er det gjort forsøk på sporvar frå høvesvis landet og byen. Dei viser at byfuglar er raskast med å nærme seg ny mat som kjem til.
På Aker Brygge i Oslo merkar folk at byfuglane kan vere innpåslitne:
– Måkene kjem tett på når du sit og et, dei blir veldig interesserte i deg. Så eg flytta meg hundre meter, i staden for å sitte med måkene. Ein eg åt saman med ein gong fekk ei måke som landa og tok laks rett frå hendene hans, fortel Espen Erlingsen.
– Dei kjem når folk har gått, og prøver å ete restar og sånt, så me må vere kjappe med å rydde. Elles er dei høglydte. Men me serverer mange turistar, og dei verkar nesten å like fuglane, seier Sanna Lindfors. Ho sel sjømat ved Tjuvholmen i Oslo.
– Måkene har blitt mykje frekkare, kanskje spesielt om våren. Uteservering er livsfarleg. Du kan sette ifrå deg maten og gå ein liten tur på toalettet. Så kjem du tilbake, og maten er borte, seier Tone Langbach, som driv fleire serveringsstader.
– Det skjer av og til at måker kjem og tek isen. Eg ser at gjestene blir lei seg, dei kjem tilbake og seier at isen blei teken. Då seier eg at dei kan få ein ny is gratis. Eg seier at dei må passe på, fortel Micky Salame, som sel is på Aker Brygge.
– Eg går ikkje med mat ute på gata. Men eg har sett plakatar om at ein må passe på maten sin for måkene i andre byar, seier Greta Arnhol, som er ute på ein ettermiddagstur.
Måkene på kaia i Oslo ser ikkje ut til å vere sjenerte.
Kråker og måker er mest tilpassingsdyktige
Det er ikkje berre urban utbygging som krev tilpassingsevne. Høgare temperaturar, surare hav og våtare vêr gjer at mange artar stadig oftare må fornye overlevingsstrategien sin. Evolusjon kan dermed gå over nokre generasjonar, heller enn over millionar av år.
Og det er spesialistane som slit mest når omgivnadene endrar seg uventa. Desse artane lever gjerne i bestemte miljø, visse stader på kloden.
– Dei i andre enden av skalaen, dei me kallar generalistar, som kan vere veldig fleksible i kva dei et, og som er lærevillige og intelligente, vil nok klare å tilpasse seg betre, seier Støstad.
Med desse eigenskapane er både kråker, måker og rotter betre rusta enn mange andre for brå miljøendringar. Dyr som kan flytte seg til ein annan stad vil lettare kunne finne nye bumiljø enn artar som held seg til spesifikke stader.
– Er ulikskapen mellom byfuglar og fuglar i mindre urbane strok ein forskjell me også ser hos menneska?
– Hehe. Det har eg ikkje sett noka forsking på. Men det ser ut som om me menneske er ganske aggressive overfor andre artar og tek mykje plass, uansett kvar me er, seier Støstad.
ALTETANDE: Måkene har lagt merke til at turisten har med seg ein pose potetgull på brygga.
Foto: TORBJORN MORVIK / NRK