Her brenn huset ned til grunnen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I siste episode av «Ikke gjør dette hjemme» går huset opp i flammar. – For min del er det slutt, med mindre vi vinn Emmy, seier Rune Nilson.

I kveldens episode av «Ikke gjør dette hjemme» testar progamleiarduoen blant anna ut kva for høgtid av påska og jula som er aller mest brennbar.

Vi får eit dejà vu til avslutninga i første sesong når eksperimentet tar av og eksperimenthuset går opp i flammar. Sjå videoen i ingressen.

I kveldens episode får vi også endeleg sjå korleis det har gått med kakerlakkane som vart utstyrt med draumebustad under kjøkenbenken i første episode.

I tillegg testar duoen også ut kor farleg det er å snuse på senga, om ein kan drive med skiskyting innandørs, og korleis det går når ein mister mikrobølgjeomnen på flatskjermen frå ein varmluftsballong.

Sjå klippet av kvitevaredropp frå varmluftballong her:

– Slutt med mindre vi vinn Emmy

Denne episoden blir også mest sannsynleg den aller siste. Det er nemleg førebels ingen planar om fleire sesongar av programmet.

– For min del er det slutt no, med mindre vi vinn Emmy-prisen. Då har eg lova å bli med på ny sesong - og« Ikke Gjør Det Hjemme - the movie», seier Rune Nilson, men legg til at han ikkje er spesielt engsteleg for at det skjer.

Nilson skal lage radio, og vil helst berre halde på med det framover.

– Kjem du ikkje til å sakne å gjere galne eksperiment i heimen?

– Nei. Ikkje bitte litt ein gong, seier Rune. – Eg er nøgd for lenge sidan, og føler ikkje det manglar noko som helst.

Per Olav derimot har mange fleire eksperiment på lista over ting han gjerne ville ha prøvd ut.

– Det er enno mykje ein kunne funne på med pinnerakettar. Elles kunne det vore artig å prøvd seg med ein gnist oppe på eit skikkelig nedstøva loft. Eg har hørt at ein støveksplosjon skal vera kraftige saker, seier han.

– Noko av det råaste eg har sett i mitt liv

Rune Nilson og Per Olav Alvestad

Rune Nilson og Per Olav Alvestad brenn huset ned til grunnen i siste episode av Ikke gjør dette hjemme.

Foto: NRK

Både Rune Nilson og Per Olav Alvestad har sine favoritteksperiment frå dei to sesongane.

– Å fylle eit rom med vatn til golvet kollapsa, som vi gjorde i runde 1, er noko av det råaste eg har sett i mitt liv. For min del vil det bli ståande som ein høydare frå begge sesongane, seier Nilson.

Dette stuntet er høgt oppe på lista til Alvestad også, men han har også sin eigen favoritt – den saftige eksplosjonen av varmtvasstanken frå andre sesong:

– Eit herleg minne som eg vil tenkje på med eit smil om munnen, seier han.

Sjå eit gjensyn med klippet der duoen fyller eit rom med vatn:

Sjå eit gjensyn med varmtvasseksplosjonen:

«Ikke gjør dette hjemme» - i fly?

Begge trur at det er potensial for fleire sesongar av «Ikke gjør dette hjemme», men då andre stadar enn i heimen.

– I eit vanleg norsk hus, har vi nok strekt strikken nesten så langt det går no. Men i ei bustadblokk, eit hotell, ein båt, ein bondegard eller ein nedlagt skule er det garantert framleis mykje å finne på. For dei som måtte ønskje å vere med på det, seier Nilson.

– Det ville vore gøy å lage «Ikke gjør dette hjemme» på båt og i fly, seier Alvestad.

Sjå Ikke gjør dette hjemme på NRK1 i kveld kl. 19.45 eller i nett-TV.

Kva er ditt favoritteksperiment frå dei to sesongane med «Ikke gjør dette hjemme»? Bruk kommentarfeltet.