Hopp til innhold

Botox i magesekken kan bli behandling mot overvekt

Rotter gjekk ned i vekt etter botoxinnsprøytingar i magen.– Kan bli eit meir skånsamt alternativ til overvektsoperasjonar, trur forskarar ved NTNU.

Helene Johannesen

Botoxinnsprøytingar i magesekken førte til slankare rotter. På biletet er PhD-student Helene Johannessen ved NTNU.

Foto: M. Wagelund, NTNU

I ein studie ved NTNU i Trondheim har forskarar funne at rotter gjekk ned 20–30 prosent i vekt etter at vagusnerven var lamma med Botox. Vagusnerven er ein nerve som er viktig i regulering av matinntak og appetitt.

– Det er ein moglegheit for at dette kan bli ein ny og trygg måte å behandle overvekt, seier PhD-student Helene Johannessen til NRK.no.

Johannesen er ein av forskarane som skal presentere prosjektet sitt på årets Forsker Grand Prix i Trondheim.

– Svært ønskeleg med ny behandling

Overvekt er eit stadig større problem, som også fører med seg risiko for mange andre sjukdommar. I 2012 var det ifølgje tal frå Helsedirektoratet 2081 personar som gjekk gjennom overvektsoperasjonar i Noreg.

Slike fedmeoperasjonar er irreversible, og ikkje utan risiko. Blant moglege komplikasjonar er infeksjonar, lekkasjar, magesår og ulike mangeltilstandar.

Johannesen er tilknytta Forskningsgruppe for eksperimentell kirurgi og farmakologi, som arbeider med å finne eit meir skånsamt alternativ til omfattande overvektsoperasjonar. Studien er også del av EU-prosjektet Full4Health.

–Det vil vere svært ønskeleg å finne ein ny, medikamentell behandling for overvekt, seier Avdelingssjef og overlege Nils Sletteskog ved Helse Førde til NRK.no. Sletteskog har vore med å utføre overvektsoperasjonar sidan oppstarten i 2001.

– Erfaringa viser at for det store fleirtalet av dei som har komme i kategorien sjukleg overvekt er det heilt uoppnåeleg å komme seg ut av det berre med eigeninnsats. Viss vi kan gjere det utan å øydeleggje magen på folk, ville det vere tenleg for alle som har behov for behandling, seier han.

Fedmeoperasjon

Fedmeoperasjon er omfattande inngrep, men er ein av dei mest effektive behandlingane mot overvekt i dag.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Lurer nerven

Johannessen og hennar kollegaer har forsøkt fleire metodar for å manipulere vagusnerven, blant anna elektrisk stimulering og å fjerne reseptorar for nerven.

– Tanken er at viss vi kan lure denne nerven kan vi få nokre til å føle seg meir mett enn ein gjorde før, seier Johannessen.

Dei beste resultata har forskarane fått ved å blokkere nerven med nervegifta Botox. Rottene fekk sprøyta inn Botox direkte i magesekken. Når forskarane etterpå observerte dei i eit slags «Big Brother»-hus for rotter, fann dei at rottene åt mindre mat og gjekk ned 20–30 prosent i vekt i løpet av 5 veker.

Hos rottene varar effekten i 4–5 veker, men når dette blir gjort i pasientar forventar ein at det vil vare i 3–6 månader, ifølgje Johannessen.

Kliniske studiar

Metoden har blitt prøvd ut i menneske i utlandet, med blanda resultat.

–Men vi har brei erfaring frå dyreforsøka, og trur dette kan vere avgjerande for gode resultat, seier Johannesen.

Forskargruppa vil gå i gang med kliniske studiar på menneske så snart dei får etisk godkjenning.

–I første omgang er det aktuelt å invitere pasientar som er kandidatar til overvektsoperasjonar, men som av ein eller annan grunn ikkje kan få dette, seier Johannessen.