UiO-forskarane Morten Laane og Ivar Mysterud sin kontroversielle nye metode for å påvise borreliabakteriar i blod var omtalt av fleire norske nettaviser, blant anna Dagbladet, i vår.
- Les saka i Apollon
Forskarane hevda blant anna å kunne påvise trådforma borreliabakteriar i blodet til villmarkskjendis Lars Monsen.
No refsar eit breitt medisinsk fagmiljø framstillinga av Mysterud og Laanes diagnostikkmetode i tidsskriftet Apollon, der saka hadde sitt utspring.
–Det er heilt greitt at kritikarane kjem til orde, og ut over det vil eg ikkje kommentere dette noko meir. Vi mikroskoperer og er ferdige med det her, seier Ivar Mysterud til NRK.no.
- Les også:
- Les også:
Faksimile, Apollon
Foto: Faksimile, Apollon– Ville sett det same i mitt blod
Medisinprofessor Anne Spurkland ved Universitetet i Oslo er ei av dei som har reagert på påstandane om at borrelia kan påvisast i blod.
– Viss dei hadde undersøkt mitt blod, er eg temmeleg sikker på at dei hadde funne dei same strukturane som vi ser på dei publiserte bileta, sjølv om eg garantert ikkje har borrelia, seier ho til Apollon.
Ifølgje Spurkland er det velkjent at slike trådliknande strukturar, pseudospiroketar, kan komme av at raude blodceller har blitt lagra over lengre tid ved romtemperatur eller høgare temperatur.
Professor i nevrologi Åse Mygland ved Sørlandet sykehus, som er referanselaboratorium for borreliose, seier til Apollon at det er lite truverdig at ein kan avsløre borreliabakterien med mikroskopi.
–Det finst ingen dokumentasjon på at dei mangfaldige strukturane som vi ser på bileta faktisk er borreliabakteriar, seier Mygland.
Dette kunne ifølgje professoren vore slått fast på fleire ulike måtar, enten ved immunfarging, som er binding av merka antistoff, eller ved å påvise bakteriens genmateriale.
– Utan slike kontrollundersøkingar kan vi ikkje vite sikkert kva strukturane som vi ser i mikroskopet, faktisk er, seier ho.
– Dei tar feil heile gjengen
Lars Monsen haldt appell utanfor Stortinget 10. mai 2013.
Foto: Camilla Veka / NRKVillmarks- og ekspedisjonsfararen Lars Monsen er kjent som ein sterk kritikar av helsevesenets handtering av borrelia-sjukdom, og har blant anna delteke på ein borreliademonstrasjon ved Stortinget.
Når NRK.no ringer han for å høyre kva han meiner om fagfolks alternative forklaring av trådstrukturane i blodet hans, seier han dette:
– Dei tar feil heile gjengen.
Monsen uttaler seg utan å ha lese artikkelen, då han meiner å kjenne til argumenta frå kritikarane tidlegare.
– Her er det andre faktorar inne i biletet enn berre kunnskap, her er det prestisje. Dette fagmiljøet er prega av skråsikkerheit og bastante konklusjonar. Dei manglar den openheita dei bør ha som forskarar, seier Monsen.
–Når ein så enkelt berre tilbakeviser ein kapasitet som Morten Laane, som kan meir om blodmikroskopering enn nokon andre i Skandinavia, så seier det sitt.
Monsen fortel han får mange brev og e-postar frå folk som er i same posisjon som hans sjølv, og som får same behandling i helsevesenet.
–Vi har ikkje forska på dette i Noreg, men har sove i timen, seier han.
Folkehelseinstituttet har søkt om forskingsmidlar for å sjå på diagnostikken av borreliose, og dei har også invitert til eit samarbeid med Morten Laane og Ivar Mysterud for å sjå nærare på deira metode. Dette fortel Audun Aase ved Norsk folkehelseinstitutt til Apollon.