Hopp til innhold

Her blir det laga 3000 nye flått

Sjå den sjeldne videoen av flåtthannen som parar seg med ei hoe som er proppfull av blod.

Ørliten hann parer seg med flåtthoe som er full av blod.

Flåttsex

Videoen over ser absurd ut, men viser det normale storleiksforholdet mellom hannflåtten og hoa i paringsakten.

Flåtthannen parar seg nemleg stort sett berre når hoa har soge seg full av blod, og dermed er mange gongar større enn han.

Dette skjer oftast når flåtten sit fast på verten, altså katten din eller deg sjølv. Då vil ein av og til kunne sjå ein ørliten hannflått som sit fast på kroppen til den sugande hoa. Men då Schrödingers katt var på besøk hos Bioforsk klarte forskarane å få hannen til å pare seg med hoa i ei petriskål.

Derfor bør du plukke av flåtten

Ingeborg Klingen

Forskar Ingeborg Klingen i Bioforsk.

Foto: Erling Fløistad, Bioforsk.

For forskarane som arbeider med å kjempe mot flåtten, er det viktig å kjenne til reproduksjonen hos dyret. Skadedyrforskar Ingeborg Klingen i Bioforsk fortel at ei befrukta hoe som får suge ferdig og deretter sleppe seg til bakken kan legge opptil 3000 egg.

Derfor er det eit poeng å fjerne hoa mens ho enno sit på for å hindre henne i å få lagt egga.

– Viss du vil unngå flått i hagen bør du prøve å plukke flåtten av hund eller katt, rår Klingen.

Hannflåtten lever kun for å formeire seg og syg ikkje sjølv blod frå verten. Nokre forskarar meiner også at hannen i enkelte tilfelle kan suge blod frå hoa under paringa.

Pakkar inn egga

flåttparing

Hoa sin kjønnsopning sit nesten heilt framme på hovudet, og hannen kryp fram dit og overfører sperm.

Foto: NRK

Om flåtten får suge seg ferdig og dra sin kos, begynner ho ganske umiddelbart å leggje egg. Dette brukar ho ganske lang tid på, opptil 2–3 veker, fortel Klingen.

Egglegginga tar såpass lang tid fordi flåttmor omhyggeleg pakkar inn kvart egg i vaks, slik at dei er motstandsdyktige mot tørke.

Til denne innpakkinga har hoflåtten eit heilt eige organ på toppen av hovudet, som ho kan legge ned mot eggleggingsorganet.

Det som skjer etterpå er kanskje vel så spektakulært. Då legg hoa som no har form av ein meir slapp ballong, egga på toppen av seg sjølv, før ho deretter døyr.

Neste generasjon som no er overlatne til seg sjølve, blir ikkje til nye blodsugande flått same sesong, men må gjennom to stadium av barndom (larve) og ungdom (nymfe) før dei blir til flått.

–Vaksne flått som syg blod av menneske er tre år gamle, fortel Klingen.

Og når flåtten er vaksen, klatrar hoa mot toppen av eit strå og jaktar på ein passerande vert. Med det er ringen slutta.