Hopp til innhold

Hemmelegheita bak kjempeblekksprutens store auge

Forskarar trur kjempeblekksprutens tallerkenstore auge er nødvendig for å oppdage hovudfienden i mørket.

Auge av kjempeblekksprut

Auga til kjempeblekkspruten er opptil 30 cm i diameter, og er dei største i dyreverda. Her eit preservert blekksprutauge frå Smithsonian Institution.

Foto: Smithsonian Institution

Auga hos kjempeblekkspruten kan bli opptil 30 centimeter i diameter. Dette er dei største auga hos noko levande vesen på jorda i dag.

Men kvifor auga hos blekkspruten er så store, er eit mysterium som forskarar har undra seg over.

Ei gruppe biologar ved Duke University i USA meiner no dei har svaret.

–Dei bruker mest sannsynleg dei enorme auga til å oppdage og rømme frå spermkvalar som jaktar på dei, seier biolog Sönke Johnsen ved Duke University i ei pressemelding.

Jakt med sonar

Kjempeblekksprut

Dei fleste kjempeblekksprutar forskarane har studert er døde eksemplar som har drive i land. Her gjer professorane Erling Sivertsen og Svein Haftorn målingar av ein 9,2 meter lang kjempeblekksprut som dreiv i land ved Ranheim 2. oktober 1954.

Foto: NTNU Vitenskapsmuseet

Spermkvalar jaktar på blekkspruten ved hjelp av ekkolokalisering. Kvalen sender ut ein fokusert stråle av høgfrekvente klikk og får informasjon om byttet ved å lytte til ekkoet som kjem tilbake.

Blekkspruten er døv for denne ekkolokaliseringa, og har berre synet å støtte seg på.

– Det er jakta frå store tannkvalar som har drive evolusjonen mot gigantauge hos desse blekksprutane, seier Johnsen.

Forskarane meiner at det store auget gir blekkspruten ein moglegheit til å oppdage rovkvalen tidsnok til å kunne stikke av.

Teamet av forskarar nytta både biologiske og matematiske modellar for å studere blekksprutens auge. Studien er publisert i tidsskriftet Current Biology.

Større enn storleiken tilseier

Kjempeblekksprutens auge er mykje større i forhold til storleiken enn hos andre dyr. Ein sverdfisk er til samanlikning omtrent like stor, men auga veks berre til ein diameter på ca 7-8 centimeter.

Dette misforholdet har pirra nysgjerrigheita hos forskarane.

– Det gir ikkje meining at ein kjempeblekksprut og ein sverdfisk har same storleik, men at blekksprutens auge har ein diameter som er opptil tre gongar så stor og 27 gongar større volum, meiner Johnsen.

Sönke Johnsen og hans kollegaer målte augestorleiken hos kjempeblekkspruten og kolossblekkspruten, ein annan stor blekksprut.

Dei fann også data for kor mykje lys det er på dei djupa der blekkspruten lever, frå 300 til 1000 meters, og kor klart vatnet er. Alt dette mata dei inn i matematiske modeller for å vise korleis auga til dyra verka og kva dei kunne sjå.

Sjølvlysande algar

Modelleringane viser at blekksprutane er i stand til å oppdage det svakt glødande lyset av sjølvlysande algar som blir rørt opp av kjølvatnet til spermkvalar.

Dette til trass for at lyset blir absorbert og spreidd i vatnet før det når fram til blekksprutens auge.

– Blekkspruten kan sjå dette lyset over ekstremt store avstandar, opptil 120 meter, lengda av ei amerikansk fotballbane, seier Johnson.

– Store auge alltid best

Spermkvalens sonar fangar nok likevel opp blekkspruten før han ser kvalen, men kan gi blekkspruten ein sjanse til å planleggje ei flukt, trur forskarane.

Zoolog Michael Land ved University of Sussex som ikkje var involvert i denne studien, synest forskinga er interessant, men han er ikkje einig i konklusjonen.

– Store auge er alltid betre, og lovene for vekst som sørgjer for at store virveldyr har relativt mindre auge treng ikkje gjelde for blekksprutar. Kanskje dei [auga] berre veks seg så store, seier han.

Forskargruppa frå Duke University er i gang med ei større studie om korleis dyr ser i djupet som dei vil publisere seinare i år.