Hopp til innhold

BlackBerry lanserer iPad-rival

Apple får ein ny konkurrent når BlackPad snart kjem på marknaden.

Steve Jobs med Ipad

Apple-sjef Steve Jobs med originalen iPad. Bilete av BlackBerry er ikkje offentleg enno.

Foto: Ryan Anson / Afp

BlackPad er venta å bli offentleggjort neste veke under ein utviklarkonferanse i San Fransisco, USA, skriv The Wall Street Journal.

Det er ifølgje avisa tilsette i Research In Motion Ltd (RIM) som er kjelde for nyheita. RIM er utviklarane til BlackBerry, og vil ikkje kommentere rykte og spekulasjonar til media.

Klar i haust

Ifølgje dei same kjeldene skal tableten (notatblokk-PC) vere klar for lansering i fjerde kvartal i år.

BlackPad (om det er det som blir namnet) skal ha ein skjerm på sju tommar, og minst eitt innebygd kamera.

Han vil ha blåtann-teknologi og skal kunne koplast opp mot breiband, men berre gjennom trålaus teknologi gjennom ein BlackBerry-telefon.

Oppgadert OS

Sidan BlackPad ikkje vil bli selt med mobilteneste, er det uklart kven som vil selje tableten.

Det er venta at BlackPad vil ha oppgradert programvare, etter at RIM tidlegare i år kjøpte opp selskapet QNX, som utviklar operativsystem.

Samsung har allereie kome med sin tablet, og ifølgje Eirik Solheim i NRK beta må ein konkurrent til iPad ikkje berre må vere teknisk god, men også ha god programvare.

– Dei må gjerne byggje ein tablet som er betre reint teknisk, men kor populær han blir, er avhengig av kor lett det er å få tak i applikasjonar, seier Solheim.

Apple Ipad ved siden av den nye Samsung Galaxy tab

Apple har allereie konkurranse av Samsung Galaxy.

Foto: THOMAS PETER / Reuters