NRK Meny
Normal

Bjørnemor med live fødsel

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Webkamera i hiet til svartbjørnen Jewel gir forskarar unik innsikt i kva som skjer under ein bjørnefødsel.

Amerikanske bjørneforskarar har plassert eit webkamera i hiet til den tamme svartbjørnen Jewel som ventar bjørnungar kva tid som helst.

Forskarane i Wildlife Research Institute i Minnesota håpar å fange fødselen til bjørnen på film, slik dei gjorde med Jewels eldre syster, Lily, for eit par år sidan.

Den gongen var det 25000 som såg svartbjørnfødselen live.

Sjå webkameraet i hiet til Jewel her.

Rastlaus

Fødselen kan skje kva dag som helst, og forskarane følgjer kontinuerleg med på webkameraet for å finne teikn på at fødselen er i gang. Forskarane publiserer daglege oppdateringar av kva dei observerer.

Dei siste dagane har forskarane sett Jewel gå frå periodar med djup søvn til vaken og rastlaus aktivitet der ho steller og sleikjer seg, eller ordnar sengeleiet sitt.

– Jewel viser alle teikna på at ho førebur seg til fødsel som hennar eldre syster, Lily, gjorde, seier biolog Lynn Rogers ved Wildlife Research Institute.

Webkameraet viser også at Jewel et snø, og eitt av snømåltida varte i heile tretti minutt, noko som fekk forskarane til å undre seg over kva bjørnar i vintersøvn gjer i område der det ikkje er snø.

Eller for den sags skuld kva bjørnen gjer med dette ekstra vatnet når ho ikkje kan kvitte seg med vatnet ved å urinere.

Svartbjørnen Jewel i hiet

Jewel studerer tærne sine i hiet under ein vaken periode i vintersøvnen i eit opptak frå 15/1.

Foto: Wildlife Research Institute

Mange spørsmål

Bjørneforskar Jon Swenson ved Universitetet for Miljø og Biovitskap (UMB) meiner at det absolutt kan ha noko for seg å plassere webkamera i hiet hos bjørnar i vinterdvale.

Jon Swenson

Jon Swenson.

Foto: UMB

– Vi kjenner lite til fødselen fordi den foregår i hiet. Vi veit at binner som er i dårlig kondisjon før dei går i hiet ofte kjem ut utan ungar. Men vi veit ikkje om dette er fordi ungen døyr fordi mora har lite mjølk, eller om det er slik at fosteret ikkje festar seg i livmora hos binner i dårleg kondisjon, fortel Swenson til NRK.no.

Han meiner at webkamera hos tamme bjørnar kanskje kan gi oss svar på slike spørsmål.

I tillegg er det interessant å forske på bjørnar i hiet for å forstå meir om kva som skjer fysiologisk hos bjørnar når dei ligg i vintersøvn i 6–7 månader, fortel Swenson.

– Viss vi skulle gjere det same ville vi krepere. Menneske ville få liggesår, tap av muskelmasse, beinskjørheit og så vidare. Bjørnane har løyst alle desse spørsmåla, fortel Swensson.

Nynnar i søvne?

Lyden på webkameraet er overraskande god, og du kan faktisk også innimellom høyre sovelydar frå bjørnen. Ikkje så ulikt lyden frå eit snorkande menneske.

Forskarane har også blitt overraska over lydar Jewel lagar i søvne.

Under ein av periodane med djup søvn kunne forskarane tydeleg oppfatte ein summande lyd som minner om den lyden bjørnungar lagar når dei dier.

Høyr Jewel nynne i søvne i eit opptak frå 16 januar:

Berre mogleg for tamme bjørnar

Swenson fortel at det berre er tamme bjørnar som er mogleg å filme med webkamera på denne måten.

–Ein vill brunbjørn ville forlate hiet dersom ein forskar gjekk inn for å montere eit kamera etter at bjørnen var gått i hi. Brunbjørnar er svært vare i byrjinga av vinterdvalen, fortel bjørneforskaren.

Det er heller ikkje mogleg å montere kameraet i hiet på førehand, fordi brunbjørnar først grev ut hiet like før dei skal leggje seg for vinteren.

– Det er svært sjeldan at dei bruker eit hi om igjen, seier bjørneforskaren ved UMB.

Med andre ord kjem det ikkje til å bli daglegdags med direkteoverføring frå Bamse brakar i norske skogar, og vi får i staden nyte bileta frå svartbjørnen Jewel i Minnesota.