Australske bilforskarar har berekna at dei neste 5 åra vil om lag 900 menneske miste livet eller bli skadd i bilulykker berre i staten Victoria på grunn av teknologiske distraksjonar. Victoria har om lag like mange innbyggarar som Noreg.
Professor Mark Stevenson.
Foto: Monash University–Vi ser ei stor auke i teknologi i bilane no, enten det er mobilen du tar med deg inn i bilen, eller nye bilar som er produsert med eit breitt spekter av innebygd teknologi, seier Mark Stevenson til NRK. Stevenson er leiar av Senter for ulykkesforsking ved Monash University.
- Les også:
–Viss sjåføroppgåva blir utfordra av alle desse innretningane, kan dei faktisk bli skadelege, men det kan vi enno ikkje svare på. Det er eit arbeid som det hastar med å gjere, seier Stevenson.
Sjå video: Schrödingers katt får demonstrert teknologiske finessar på bilmesse i Melbourne:
Distraksjon stor ulykkesårsak
Trafikkforskar Fridulv Sagberg ved Transportøkonomisk institutt meiner det er grunn til å frykte ny teknologi i bil som distraksjon.
– Det kjem an på korleis det blir integrert. Viss det blir mange ting å forholde seg til samtidig, kan det vere eit problem, seier Sagberg til NRK.no.
- Les også:
I ein rapport frå Transportøkonomisk institutt viste det seg at rundt 15 - 30 prosent av alle bilulykker i Noreg skuldast ulike distraksjonar, blant anna prating med passasjer, men også betjening av radio- eller musikkanlegg og mobilbruk.
– Distraksjon som ulykkesårsak er eit tema som blir tatt alvorleg, fortel Sagberg.
- Les også:
- Les også:
SUV har høgare risiko
Ulykkesstatistikkane i Australia dei siste 10 åra er toppa av luksusbilar, som også er dei bilane som har mest teknologi. Dei dyraste bilane til BMW, Audi og Mercedes er involvert i 29 prosent fleire ulykker enn gjennomsnittet. Såkalla luksus-SUV-ar er også høgt oppe på ulykkeslista.
Ifølgje Sagberg ser vi ein liknande tendens i Noreg:
–Vi finn ein tendens til at SUV-ar har litt høgare risiko enn andre, det er litt interessant. Men vi er usikre på kva det skuldast, seier Sagberg.
– Kanskje har ein mindre fartskjensle i desse bilane, men dette er også stort sett nye bilar med innbygd teknologi som kan vere ein mogleg distraksjon.
– Hjelpemiddel gjer sjåføren sløv
I ein test NAF utførte i Tyskland tidlegare i år kom det fram at uoversiktleg design og styring av ulike system i moderne bilar kan stele verdifullt fokus.
- Les resultata av NAF-testen her
NAF oppfordrar bilistane til å be om ei grundig innføring i betjening av bilens viktigaste funksjonar av seljar, og til å ikkje prøve ut funksjonar ein ikkje er kjent med mens bilen er i bevegelse.
– Ein ting er distraksjon ved å betene ulike funksjonar når ein køyrer bil, ein annan ting er alle elektroniske hjelpemidla som gjer sjåføren sløv, seier Jan Ivar Engebretsen i NAF til NRK.no.
Han oppfordrar folk til å prøve utstyret i bilen sin, gjerne i trygge omgivnader på ein bane.
– Teoretisk kunnskap er vel og bra, men det er først når ein får prøve seg i praksis at ein verkeleg får føle verknadene av utstyret.