Brannsikker eller miljøvenleg madrass?

Strengare brannkrav til norske møblar vil føre til auka bruk av miljøfarlege flammehemmarar, fryktar Stiftelsen Miljømerking.

Schrödingers katt og Sintef NBL, Norges branntekniske laboratorium, testar brannsikkerheit for norske og britiske madrassar.

Mens ei norsk madrass (til høgre) står i full fyr etter 4 minutt eksponering for open flamme, vil ei tilsvarande, britisk madrass ikkje føre til brann. Sjå video av branntesten.

Testar gjort av Sintef NBL, Norges branntekniske laboratorium, viser at norske stoppa møblar og madrassar tar lettare fyr enn tilsvarande møblar som er produsert etter britiske brannkrav. Årsaka er at mange britiske møblar inneheld flammehemmarar.

I ein rapport konkluderer Sintef NBL med at ein kan stille strengare brannkrav til møblar og innreiingstekstilar i Noreg, utan at dette skal medføre store negative konsekvensar for helse og miljø. Men dette er Stiftelsen Miljømerking og norsk møbelindustri sterkt kritiske til.

Forskingsleiar Anne Steen-Hansen i Sintef NBL seier til NRK at strengare krav til brannsikkerheit ville utgjort ein stor skilnad, og ville spart mange liv.

I ein tidlegare rapport har Sintef berekna at minst 5-7 liv kan reddast kvart år ved meir brannsikre stoppa møblar, og at ein kan unngå om lag 150 brannar i året.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) vurderer no å endre brannkrava blant anna på bakgrunn av rapporten frå Sintef. Sjå eiga sak.

Sjå forskarane sine eigne videoar av branntest av ein norsk og ein britisk stol:

Til sak om brannkrav for norske madrassar og møblar.

– Vil føre til auka bruk av flammehemmarar

Stiftelsen Miljømerking som forvaltar dei offisielle miljømerka Svanen og Blomsten i Noreg, er skeptiske til strengare brannkrav, då dei meiner dette vil føre til auka bruk av flammehemmarar.

– Det vert brukt store mengder flammehemmarar på verdsbasis. Vi veit til dømes at det i USA, Europa og Asia vart omsett 1,8 millionar tonn slike stoff i 2007. Dersom norsk regelverk blir harmonisert med det britiske, er det grunn til å tru at bruken av flammehemmarar aukar, seier leiar Anita Winsnes i Stiftelsen Miljømerking til NRK.no.

Forsking har vist at ei rekke flammehemmarar hopar seg opp i næringskjeder og har helseskadelege effektar på dyr og menneske.

– Dersom du lever til du er 80 år, vil du sove i 26 av dei. Derfor er det viktig kva som er i den madrassen du ligg og pustar ned i. Stoffa som er i den, kan du både få i deg via hud og pust, eller via husstøv som er i rommet ditt, seier Winsnes.

På bakgrunn av dette meiner Stiftelsen Miljømerking at betre brannsikring ikkje må skje ved bruk av miljøgifter, som halogenerte flammehemmarar.

– Vi må ikkje løyse eit problem med å skape eit nytt, seier Winsnes.

Farlege avgassar frå flammehemmarar

Miljømerking meiner at Sintef-rapporten ikkje har tatt omsyn til at flammehemmarar også kan gjere brannar meir farlege, ved at dei dannar farlege avgassar i ein brann.

– Det har vore vist at når ein madrass med halogenerte flammehemmarar brenn, oppstår det større mengder skadelege gassar, deriblant karbonmonoksid og hydrogenert cyanid-gass – såkalla blåsyre. Cyanidgassen er uhyre giftig, og kan ta livet av eit menneske på få minutt. Så sjølv om ein brann i ein madrass med flammehemmarar kan sjå mindre dramatisk ut, kan resultatet bli svært alvorleg, seier Winsnes.

Forskingsleiar Steen-Hansen ved Norges branntekniske laboratorium er ikkje einig i dette.

– Dette er ikkje heilt riktig. Det blir danna både karbonmonoksid og blåsyre av ubehandla polyuretan [skumplast, journ. merk.] også, i store mengder, seier ho.

– Det kan vere riktig at røyken blir giftigare, men mengda røyk blir svært mykje mindre. Så den totale mengda giftige gassar er sannsynlegvis mindre frå ein flammehemma stol enn frå ein ikkje-flammehemma. Røyken frå ubehandla polyuretanskum som brenn er svært giftig, seier Steen-Hansen.

California: Auking i krefttilfelle

Staten California hadde tidlegare brannkrav på nivå med Storbritannia, men etter funn av høge nivå av flammehemmarar i spedbarn, samt auke i tal på krefttilfelle, har dei ved årsskiftet gått tilbake til brannkrav på same nivå som det Noreg har.

Den amerikanske dokumentaren Toxic Hot Seat frå 2013 viser korleis brannfolk, forskarar, mødrer og journalistar arbeidde for å få slutt på massiv bruk av flammehemmarar i møblar i USA.

– Noreg ikkje ei sinke

Den norske møbelindustrien brukar mykje ressursar på å marknadsføre seg som ein helse- og miljøvenleg sektor, og er svært skeptiske til å ta i bruk flammehemmarar.

– På den eine sida har det heilt klart positiv innverknad på liv at brannsikre madrassar gjer at brannen ikkje spreier seg, men på den andre sida er det berre flammehemmarar som kan møte desse brannkrava, seier bransjesjef Egil Sundet i Norsk Industri.

– Det er viktig å vere klar over at alle flammehemmarar vi har i dag er på fy-lista, seier han.

– Rapporten frå Sintef NBL har ikkje vurdert helse- og miljøeffektane av auka brannkrav, og gir derfor ikkje svar på om det er fornuftig eller ikkje for Noreg å innføre strengare brannkrav til desse produkta, seier Sundet.

Sundet minner også om at EU og EØS ikkje har nokre krav til brannsikkerheit i møblar, og at det berre er 7 medlemsland, inkludert Noreg, som har dette.

– Noreg er ikkje ei sinke i brannsikkerheit når det gjeld møblar, sidan vi alt har brannkrav, seier Sundet.

Sintef meiner på si side at ikkje nødvendigvis er eit motsetningsforhold mellom brannsikkerheit og miljøvenlege møblar.

– Vi meiner at ein kan få til meir brannsikre madrassar utan bruk av farlege flammehemmarar. Dette kan ein oppnå ved smart materialval, smart design, samt flammehemmarar som ikkje er giftige. Dette krev produktutvikling og forsking, seier Steen-Hansen.