Hopp til innhold

Bakteriefrie mus sjekkar inn på Rikshospitalet

Rikshospitalets nye muselaboratorium skal vere med på å avdekke korleis tarmbakteriar kan påverke helsa og psyken vår.

Ein tynn, og ein tjukk mus

Peter Turnbough og Jeff Gordon har vist at mus kan gjerast tynnare eller tjukkare, alt etter kva slags tarmflora dei får.

Foto: Wikimedia

Eit flunkande nytt forskingslaboratorium står ferdig på Rikshospitalet. Om få veker skal dette bli heimen til nokre spesielle mus. Det som skil desse musene frå andre mus er at dei er heilt reine og lev i kroppar som er fullstendig fri for bakteriar. Dei skal vere med på å avdekke kva betyding tarmbakteriane har for helsa og psyken vår.

– Eit slikt isolat med bakteriefrie dyr er blant dei einaste moglegheitene vi har til å forske på einskilde bakteriar sin funksjon i dyr og menneske, fortel avdelingsleiar for komparativ medisin ved Rikshospitalet, Henrik Rasmussen.

Det kan gi oss ein peikepinn på kva funksjon bakteriane kan ha hjå menneske.

– Eg er litt nervøs. Det skal berre ein bakterie til for å forureine isolatet, så det blir spennande å ta imot musene, legg han til.

Vil løyse helsegåter

Forskingsmoglegheita ein får er interessant for alle sjukdomsgrupper, meiner lege, Johannes Hov. Han forskar på fordøyingssjukdommar og har store forhåpningar til det nye laboratoriet med bakteriefrie mus

Eit av felta som kan tene på det nye laboratoriet er kreftforskinga.

Tarmfloraens samansetting ser ut til å ha betyding for korleis cellegift verkar. Det vil seie at dette kan gi oss kunnskap om korleis ny immunterapi verkar på deg, forklarar Hov i ein intervju med Ekko.

Johannes Espolin Roksund Hov

Forskar Johannes Espolin Roksund Hov forskar på tarmfloraens innverknad på sjukdommar.

Foto: Yngve Vogt, Universitetet i Oslo

Hov fortel også at forbindinga mellom hjernen og tarmen er sterk. Musestudium har vist at tarmfloraen også kan verke inn på åtferd. Gir ein tarmflora frå ei modig mus til ei pinglete mus, blir den pinglete musa meir vågal.

Ein av sjukdommane han gjerne vil lære meir om gjennom det nye laboratoriet, er ein betennelsessjukdom som rammar gallegangane frå levra og ut i tarmen.

– Ved å studere avføringa til pasientar med denne sjukdommen fann vi skilnad mellom folk som var friske og folk som var sjuke. Er dette årsaka, eller ein konsekvens av sjukdommen? Med dei bakteriefrie musene kan vi få svar på spørsmål som dette, forklarer Hov.

Smittsam overvekt

Tidlegare studium har antyda at tarmfloraen hos menneske som slit med overvekt ofte er annleis enn hos tynne. Og i 2006 viste forskarane Peter Turnbough og Jeff Gordon at mus kunne gjerast tynnare eller tjukkare, alt etter kva slags tarmflora dei fekk.

Undersøkingar er også gjort med tarmfloraen til to tvillingar, der den eine var tjukkare enn den andre. Då mus fekk tarmfloraen til den feitaste tvillingen viste det seg at den la på seg meir enn musa som fekk tarmflora frå den slankaste av tvillingane.

Leon og kampen mot Theis
Leon er 17 år og ganske takknemlig for at hjerte hans ikke sluttet å slå julen for et drøyt år siden. Den radmagre gutten hadde nesten ikke puls. Og det var rett før stemmen i hodet hans klarte det den hadde bestemt seg for - å sulte Leon til døde. 
Hva skjer når en stemme begynner å styre en hel familie og hvordan får de stemmen til å holde kjeft? 
Populisme- hva stå på spill?
Høyrepopulistene setter dagsorden i Europa og det blir fart i poltikken, i ordskiftene og i debattene.
Men hva er det som står på spill? Populisme er verken en bevegelse, et parti eller en ideologi. Er det egentlig bare en måte å snakke på? 
Trollkvinner i antikken
De gikk med bare føtter, hadde bustete hår og en løst hengende kjortel. Antikkens hekser var hevet over datidens kleskoder og normer.
-På 16-hundretallet brant vi hekser på bålet her i landet. Men i Roma, femtenhundre år tidligere fantes det også hekser, kan Marina Prusac Lindhagen fortelle. Men der ble trollkvinnene behandlet litt penere enn hva vi senere kom til å gjøre her på berget.
Bakteriefrie mus
Bakeriefrie mus i medisinens tjeneste. 
Høy utdanning er ikke høy kompetanse
I mars og april er det åpen dag ved mange universitet, og snart skal de håpefulle unge velge studier. Vi hører stadig at du kommer ingen vei uten høy utdanning. Men høy utdanning er ikke det samme som høy kompetanse, sier sosiologen Ivar Frønes, som har utdannet unge mennesker i tiårsvis. Høy kompetanse vokser ikke ut av skolebenken, mener Frønes.