Hopp til innhold

Avdekkjer løyndomar på 500 år gamalt Columbus-kart

Ved hjelp av lys og linser skal forskarar no leite etter gamal kunnskap om verdsgeografien på eit heilt spesielt kart. Det er nemleg kartet Columbus brukte då han planla ferda si over Atlanterhavet i 1492.

Martellus-kartet frå 1491

SLITE, MØRKT OG FALMA: Men no skal løyndomane til dette gamle kartet bokstaveleg talt fram i lyset.

Foto: Yale University

Før Christofer Columbus kunne leggje ut på den historiske reisa si over Atlanterhavet i 1492, måtte det ein del planlegging til. Å studere det som fanst av verdskart på den tida var ein av dei viktige førbuingane han måtte gjere.

Eitt av desse karta er framleis intakt. Men det 500 år gamle kartet er mørkt og slite, og målinga er svært falma. Derfor er dei fleste detaljane og orda umogeleg å lese. No har forskarar funne ein måte å avdekkje dei skjulte delane av kartet på. Det melder nettstaden wired.com.

Kartet vart laga rundt år 1491 av Henricus Martellus. Han var ein tysk kartteiknar som jobba i Firenze, Italia. Det er uvisst kor mange kart han laga, men eitt av dei finst framleis og er eigd av Universitetet i Yale, USA

Ei gruppe forskarar ved Yale er no i gang med å skanne kartet. Ved hjelp av eit spesielt kamera og fleire typar LED-lys håpar dei å få fram detaljane på kartet i løpet av dei neste par månadane.

LES OGSÅ: Columbus byttes ut med indianere

Brukar heile regnbogen

Martellus-kartet frå 1491

FINST IKKJE I LOMMEFORMAT: Kartet som Martellus teikna i 1491 er om lag 1,22 meter høgt og 1,98 meter breitt.

Foto: Chet Van Duzer

Metoden dei bruker blir kalla multispektral biletebehandling. Til det treng dei eit automatisert kamera og LED-lys. LED-lys har eit smalare spekter av bølgjelengder. Det vil seie at dei gjev mindre varme og lys som kan skade det gamle kartet enn andre lys.

Forskargruppa bruker 12 ulike typar lys når dei fotograferer kartet, alt frå ultrafiolett til infraraudt. Kameraet dei brukar har ei spesiell linse av kvarts som overfører ultrafiolett lys betre enn glas.

– Det er ikkje spesielt komplisert. Me tar bilete av kartet i ulike fargar av lys og prøver å finne fram til dei lyskombinasjonane som best får fram teksten, seier Roger Easton.

Han er ekspert på biletebehandling av historiske manuskript og er med i forskingsgruppa som jobbar med kartet.

LES OGSÅ: Arkeologer tror de har funnet Santa Maria

Prøving og feiling

Men sjølv om det ikkje er så komplisert å ta bileta, tar det mykje tid å gå gjennom og analysere dei etterpå.

– Det blir nok mykje prøving og feiling. Ein komibasjon av lys som fungerar på eitt utsnitt av kartet, fungerar kanskje ikkje på eit anna utsnitt. Det kjem an på kor slitt det er og korleis fargepigmenta har endra seg på dei ulike delane.

Det seier Chet Van Duzer som leier forskingsgruppa.

– Dei forskjellige fargepigmenta i kartet reflekterer ulike bølgjelengder av lys, og dei endrar seg på ulike måtar med tida.

LES OGSÅ: – Columbus tok med syfilis hjem

Avslørt av ein klatt Japan

Men korleis kan forskarane vite at Columbus brukte Martellus sitt kart?

– Det er svært sannsynleg at Christofer Columbus såg på dette kartet eller eit anna av Martellus som liknar, og at kartet påverka oppfattinga hans av korleis verda såg ut, seier Van Duzer.

Columbus reiste vestover frå Kanariøyene for å finne ei ny handelsrute til Asia. I følgje skrifter frå både Columbus sjølv og sonen hans, leitte han etter Japan i same område som det er merka av på kartet til Martellus (sjå den store klumpen oppe til høgre på kartet).

Han venta å finne at øya gjekk frå nord til sør, står det i skriftene, og det er berre på kartet til Martellus at Japan er teikna slik.

– Sånn er det ikkje på andre kart som framleis eksisterer frå den tida, fortel Van Duzer.

Men Columbus fann verken Japan eller ei ny handelsrute til Asia på reisa si i 1492. I staden snubla han over Amerika.

(artikkelen held fram under biletet)

Waldseemüller-kartet frå 1507

DEN NYE VERDA: Det er på Waldseemüller sitt kart frå 1507 at Amerika fyrst får namn.

Foto: Library of Congress

Eit førebilete for seinare kart

Kartet til Martellus inspirerte ein annan tysk kartteiknar på den tida, nemleg Martin Waldseemüller. Kongressbiblioteket i USA eig eit kart av Waldseemüller frå 1507, og det liknar Martellus-kartet.

– Karta til Martellus og Waldseemüller har same informasjon på fleire stader, dei har liknande utforming og utsmykking, seier Van Duzer.

Det ein ikkje veit er kor lik teksten på dei to karta er. Kartet til Waldseemüller er nemleg i mykje betre stand enn Martellus-kartet, men når forskingsgruppa ved Yale er ferdige med å behandle bileta av kartet, håpar dei å kunne avsløre enda fleire likskapar mellom dei to karta.

LES OGSÅ: Malte arkeologene rett og slett feil?

Feil form, men rette detaljar

Nokre ulikskapar mellom dei to karta er det likevel, og det heng saman med kva for kunnskap om verda kartteiknarane hadde tilgang til.

Waldseemüller-kartet er det fyrste som har med namnet Amerika på «den nye verda» som Columbus oppdaga. Det har òg ei meir korrekt form på det afrikanske kontinentet enn Martellus sitt kart.

Til gjengjeld har Martellus teikna fleire elver og fjell i Afrika nokså rett. Forskarane trur at Martellus fekk denne informasjonen frå ein afrikansk delegasjon som besøkte Firenze i 1441 og prata med europeiske geografar. Det gjer Martellus-kartet til den mest komplette oversikta over geografien i Afrika frå 1400-talet.

– Det synest eg er heilt fantastisk, seier Van Duzer.

Van Duzer og forskargruppa hans reknar med å vere ferdige med arbeidet med Martellus-kartet i løpet av 2015. Bileta av kartet vil etter kvart bli tilgjengelege på nettsida til Beinecke Digitale Library ved Universitetet i Yale.