NRK Meny
Normal

Astronomar ser endringar på eksoplanet for første gong

Astronomar kan ha sett vulkansk aktivitet på planet 40 lysår unna oss. Funnet representerer ein viktig milepæl i leitinga etter beboelige eksoplanetar.

Vulkansk aktivitet på eksoplaneten 55 Cancri e

Temperaturen på den varme dagsida av planeten 55 Cancri e varierer med 1400 grader i løpet. Årsaka kan vere vulkanar som spyr ut gass og støv. Biletet viser ein illustrasjon av korleis planeten kan sjå ut.

Foto: NASA/JPL-Caltech/R. Hurt (IPAC)

For aller første gong har astronomar sett store temperatursvingingar på ein planet utanfor vårt eige solsystem.

Planeten det er snakk om er 55 Cancri e, ein av fem planetar som går i bane omring ei sol-liknande stjerne i stjerneteiknet Krepsen, 40 lysår unna oss.

– Vi såg ei tredobling i signalet som kom frå denne planeten, noko som er første gong vi har sett ei så stor endring i ein ekspolanet, sa Brice-Olivier Demory frå University of Cavendish som er hovudforfattar på studien.

Temperaturen på den brennheite dagsida av planeten svingar mellom 1000 og 2400 varmegrader Celsius i løpet av veker.

Eksoplaneten 55 Cancri e vart oppdaga i 2004. Planeten går i bane så nær mor-stjerna si at han fullfører ei runde på berre 18 timar.

Planeten roterer ikkje omkring seg sjølv slik jorda gjer, men er låst i ein posisjon slik at den eine sida av planeten har evig dag, mens den andre har evig natt.

– Stort teknisk framskritt

– Dette viser at observasjonsteknikkane har utvikla seg utruleg mykje sidan den første eksoplaneten vart oppdaga for tretti år sidan, seier astrofysikar Sven Wedemeyer ved Universitetet i Oslo til NRK.

Astrofysiker Sven Wedermeyer Böhm

Astrofysikar Sven Wedermeyer-Böhm.

Foto: Universitetet i Oslo

Han fortel at det er svært vanskeleg å måle lyset som blir utstrålt frå planetens atmosfære når den er så nær si lyssterke stjerne som er tilfelle med 55 Cancri e. Det krever svært presise målingar som er på grensa på det som er teknisk mogleg i dag.

– Dette er eit stort teknisk framskritt som er er nødvendig om vi vil observere jord-liknande planetar i ei beboelig sone rundt ei stjerne. Det kjem til å skje i framtida med den neste generasjon av store teleskop, seier han.

Jorda og 55 Cancri e

Eksoplaneten 55 Cancri e er ein steinplanet med om lag dobbelt så stor som jorda og med ein masse som er om lag 8 gongar så stor.

Foto: NASA/JPL-Caltech/R. Hurt (SSC)

Vulkanisme

Sjølv om forskarane enno ikkje kan vere sikre på årsaka til dei store endringane dei har sett på 55 Cancri e, mistenker dei at det er snakk om vulkansk aktivitet.

Ei sannsynleg forklaring kan vere at vulkanar eller andre fenomen spyr ut massive volum av gass og støv, som legg seg som eit teppe i atmosfæren og hindrar utstråling frå planeten slik at strålinga ikkje kan sjåast frå jorda.

Vulkanismen på planeten kan ha same opphav som på Jupiter-månen Io, der tidevasskrefter frå Jupiter og dei andre månane varmar opp planeten gjennom ein indre friksjon.