Kva er eigentleg smerte?
Christopher S. Nielsen forskar både på ein- og toegga tvillingar
- Vi veit mykje om dei fysiske årsakene til smerte, særleg i samband med sjukdom eller skadar, seier Christopher Sivert Nielsen, stipendiat ved Psykologisk Institutt. Han leier eit forsknings-prosjekt om smerter i samarbeid med Riks-hospitalet og Folkehelsa. - Det vi veit mindre om, er kvifor smerter slår så forskjellig ut for forskjellige menneske. Nokre menneske er mykje meir plaga enn andre.
Teori med manglar
Prikkane markerer punkta der varmen vert sett inn hos forsøkspersonen
Når det gjeld forskjellen mellom menneske, har det vore ein slags folketeori som har dominert, ikkje berre hos folk flest, men også blant primærlegar som sit og tek imot pasientar. Den går ut på at nokre menneske er tøffe, tåler mykje og klagar lite, mens andre syt og klagar. Innerst inne føler dei like mykje smerte viss dei vert utsette for det same. Det er ein teori som har store manglar etter Nielsen si meining. - Det kan nok vere ein tendens til at nokre menneske overdriv plagene sine, men det er nok ikkje hovudgrunnen til at folk opplever smerte forskjellig.
Smertene kan lesast i ansiktet hos den eine forsøkstvillingen
Gjennom forskingsprosjektet på Rikshospitalet vil forskarane testa ut om arv er ei forklaring på at oppleving av smerte varierer så sterkt. - Ein har sett på forsøksdyr at det er relativt lett å avla fram dyr som er veldig kjenslevare overfor smerte, fortel Nielsen. - Og omvendt kan man avla fram dyr som tåler veldig mykje smerte. Det ser altså ut til at det er genetiske vilkår for det.
Forsking på tvillingar
200 tvillingpar er med i studien. Dei vert utsette for smerte i form av kulde- og varmeforsøk. Smertene er milde, men gjev god informasjon om korleis kroppen oppfattar smerte, særleg dei psykologiske effektene er interessante. Forskarane ser på forholdet mellom typen personlegdom og opplevinga av smerte, og i kor stor grad smerta påverkar konsentrasjonsevna.
Den andre tvillingen er ikkje noko tøffare
- Det er ikkje berre einegga tvillingar som er interessante i denne samanhengen, fortel Nielsen. - Einegga tvillingar er hundre prosent like når det gjeld genetikk, og viss det er slik at smerteopp-fatninga er arveleg, så vil dei einegga tvillingane oppleve smerte veldig likt. Men kanskje dette berre har å gjere med at dei har vakse opp i same familie, at dei har same oppseding. Og for å få eit svar på det, undersøkjer man òg toegga tvillingar. Dei er genetisk sett som vanlege søsken, så dei bør vere mykje mindre like viss det er slik at opplevinga av smerte er sterkt genetisk betinga.
Konsekvensar
- Men kva for konsekvensar kan det få dersom de finn ut at graden av smertekjensle er arveleg?
- Det aller viktigste er kanskje at mange vil få eit litt anna syn på smerte. Nokre pasientar er gjengangarar hos primærlegen, og eg trur mange legar er lei av at dei har det vondt heile tida. Viss vi finn ein sterk genetisk komponent må vi skifte syn på desse pasientane, vise mykje større forståing for at nokre pasientar ikkje berre klagar meir, men at dei faktisk opplever mykje meir smerte.
Det er vel fortsatt slik at det vert nytta for lite smertestillande middel, i alle fall hos nokre pasientgrupper. Og viss man er meir merksame på at nokre menneske er meir kjenslevare for smerte enn andre, kan vi hjelpe dei betre. På litt lengre sikt kan man tenkje seg at nokre menneske skal ha ein annan type behandling mot smerte enn andre. Det har blitt ein trend at ein ønskjer å tilpasse medikamentet til individet. Ved å kartlegge genar i samband med medikamentbruken, vil man få ein betre ide om kva for medikament som skal nyttast til det enkelte menneske.
Enormt samfunnsproblem
Cristopher Nielsen testar ein av tvillingane sin tåleevne for kulde
- Smerte er eit enormt samfunnsproblem - folk flest er ikkje klar over omfanget av det. Eg trur ikkje politikarane heller er det, seier Nielsen. - I USA kom ein fram til at problemet kostar om lag 100 milliardar dollar i året. Etter norske forhold vil det seie 12 milliarder kroner pr. år. Smerte står for vel 50% av sjukmeldingane, og her snakkar vi om muskelsmerter, skjelettsmerter, vondt i ryggen osb. Blant uføretrygda er 30-40 prosent smertepasientar, fleirtalet oppgjev smertetilstandar der det er ein uklår årsak. Når smertene vert intense, er dei ikkje til å halda ut. Det har vore gjort undersøkingar med kreftpasientar som skal døy, og mange oppgjev at dei fryktar smerter meir enn sjølve døden. Så òg frå eit humant perspektiv er dette eit enormt problem, seier Nielsen.
Sjå meir om smertestudien hos Nasjonalt Folkehelseinstitutt.
Sjå video-innslaget om Smerteforsking (ISDN/modem) eller Smerteforsking (breiband).
Sendt i Schrödingers Katt torsdag 30. oktober 2003.