Hopp til innhold

Utset avreisa til Syden

Finske forskarar har funne at andefugleartar utset avreisa om hausten med opptil ein månad. Klimaendringar kan vere årsaka, meiner forskarane.

Hvitøyeand

Fleire artar av finske andefuglar utset haustens avreise til sørlegare strøk.

Foto: Colourbox

Toppand

Toppanda dreg frå Finland ein månad seinare enn ho gjorde for 30 år sidan.

Foto: Colourbox

Gjess og ender i Finland ser ut til å utsetje haustens avreise til sørlegare strøk.

Av femten studerte andefuglartar, har seks artar utsett avreisa om hausten viser den finske studien som er publisert i Journal of Ornithology.

Tretti år med data

Aleksi Lehikoinen frå University of Helsinki gjekk gjennom tretti år med data frå fuglestasjonen Hanko i det sørlege Finland.

Ved denne fuglestasjonen har frivillige fugleentusiastar gjort daglege fugletellingar sidan 1979.

Dataene frå fuglestasjonen frå 1979 til 2009 viste kva for artar som flaug frå Finland, og når dei gjorde det.

Lehikoinen fann at andefuglane grågås, brunnakke, krikkand, toppand, sjøorre og kvinand alle hadde utsett avreisa.

Toppanda viste den største endringa, ho har utsett avreisa med så mykje som ein månad.

Temperaturauke

Lehikoinen og hans kollegaer meiner at auka temperaturar er ei medverkande årsak til den utsette avreisa. Forskarane skriv blant anna i artikkelen at vasstemperaturen i store innlandssjøar har auka endå meir enn lufttemperatur, noko som kan gjere det mogleg for endene å finne mat lenger nord lenger ut på hausten.

Berre ein av artane i studien, sædgåsa, drog tidlegare om hausten.

Ei mogleg forklaring på sædgåsas tidlegare avreise kan vere at ho er utsett for sterkt jaktpress, noko som kan tvinge ho sørover tidlegare enn under naturlege tilhøve, skriv forskarane i artikkelen.

Store endringar

– Store endringar er i gang når det gjeld fugl, trekk og hekketidspunkt, fortel Arne Follestad ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) til NRK.no.

Likevel meiner han vi må vere forsiktige med å trekkje enkle konklusjonar frå den finske studien.

– Utan å sjå på historia til kvar art, kan det vere vanskeleg å sjå på kvifor endringa skjer, seier Follestad.

– Klima ser ut til å vere ein medverkande faktor, men det kan også vere i eit samspel med andre faktorar, som næringstilgang, og tidspunkt når næringa er tilgjengeleg, seier NINA-forskaren.

– Det er ikkje alltid det enkle som er det riktige, legg Follestad til.

Noreg: Grågåsa dreg tidlegare

Grågås

I Noreg dreg grågåsa tidlegare frå landet enn før.

Foto: Colourbox

I Noreg er det ikkje gjort ei like omfattande studie av avreise hos andefuglar som dei har gjort i Finland.

– Nokre av dataene vi har samla inn av Lista Fuglestasjon viser liknande trendar der haust- og vårtrekk forskyver seg, fortel Margrethe Wold ved Lista Fuglestasjon.

Lista Fuglestasjon har samla inn data om fugletrekket i over tjue år.

– Svartanda viser teikn til å utsetje hausttrekket sitt med ca 8–9 dagar over dei siste 22 åra, fortel Wold.

Grågåsa har derimot endra avreisa den andre vegen. Ho dreg 20 dagar tidlegare no enn ho gjorde for 22 år sidan.

– På sekstitalet drog grågåsa frå Noreg i september/oktober. No dreg ho alt i tidleg i august, nokre også i slutten av juli. Grunnen til dette er nok litt kompleks, men klima og jakt dreg litt i same retning, seier Follestad.

– Gjæsene som trekkjer tidleg sørover, slepp unna jakttrykket, og har betre overleving, fortel Follestad. Dermed kan gjæser som er i stand til å hekke tidleg få ein fordel framfor dei andre.

Samtidig har klimaendringar ført til tidlegare vegetasjonsutvikling i gjæsene sitt overvintringsområde. Dei kan dermed byggje nok kroppsreservar til å kunne trekkje nordover og starte hekkesesongen tidlegare.

Gjæsene har også flytta overvintringsstad. Tidlegare drog dei fleste til Spania, men med klimaendringane overvintrar langt fleire i Nederland.

– Vi har sett på grågåsa er at ho er i stand til å endre sin åtferd ganske fort når endringane kan vere fordelaktige for ho, fortel Follestad.

I utakt med næringstilgang

Vi veit enno ikkje så mykje om kva ei utsett avreise kan få å seie for økosystema som er involvert. Då veit vi meir om kva problem det kan medføre når fuglane kjem tidlegare enn normalt.

Follestad fortel at enkelte fugleartar no kjem så tidleg at insektproduksjonen ikkje er komme i gang når ungane blir klekte, noko som gjer at fuglane kjem i utakt med næringstilgangen.

– Nokre fugleartar har gått kraftig tilbake på grunn av dette, til dømes flugesnapparen, seier Follestad.

– Elles vil det vere slik at endringar i ein art indirekte kan påverke andre artar, fortel NINA-forskaren.

– Dette er eit viktig område å forske vidare på. Ikkje minst for å sjå kva endringar dette kan føre til, seier Follestad.