Hopp til innhold

Amerikanarar har fått ein tennisball ekstra i skallevolum

Skallestorleiken hos amerikanarar har auka med eit volum som svarar til ein tennisball sidan midten av 1800-talet.

Hovudskalle

Hovudskallen hos amerikanarar har vokse betydeleg sidan 1800-talet. Kosthald kan ha noko med saka å gjere, trur forskarane.

Foto: Ryan Somma, CC, Flickr

Rettsantropologar ved University of Tennessee i USA har undersøkt 1500 kranium frå midten av 1800-talet og fram til 1980, og har funne at amerikanske skallar gradvis har blitt større, lengre og smalare, skriv Huffington Post.

Forskarane publiserte nyleg funna sine på det årlege møtet i American Association of Physical Anthroplogists i Portland i USA.

Auke på 200 kubikkcentimeter

Forskarane har studert hovudskallane hos kvite amerikanarar, fordi dei hadde større tilfang av slike kranium.

Dei fann at skallestorleiken hos kvite menn har auka med om lag 200 kubikkcentimeter, og om lag 180 kubikkcentimeter hos kvinner.

Dette svarar til eit volum som er litt større enn ein tennisball.

– Det som er overraskande er at auken i skallestorleik ikkje har blitt dokumentert i moderne amerikanarar. Vi kunne mistenkt at dette var tilfelle, men denne studien dokumenterer det, seier Richard Jantz til Huffington Post.

Tennisball

Omtrent så mykje større har skallevolumet hos amerikanarane blitt på 130 år.

Foto: Fcb981, CC

Samanheng med kroppsstorleik

Professor emeritus i anatomi ved Universitetet i Oslo, Per Holck, kjenner ikkje til dette funnet, men er likevel ikkje svært overraska over at hovudskallen har blitt større. Han reknar med at funnet heng saman med at kroppsstorleiken vår også har auka.

– Truleg er dette funnet ein del av denne auken. Dei siste 500–700 åra har kroppshøgda auka med 15–20 centimeter, fortel han.

Kroppshøgda hos amerikanarar har også auka sidan midten av 1800-talet, men mens auken i høgde har vore på 5,6 prosent, er veksten i skallevolum på heile 6,8 prosent.

Lenger ansikt

Ifølgje forskarane ved University of Tennessee har også forma til skolten endra seg.

– Faktisk har forma auka meir dramatisk enn storleiken har, seier Jantz.

Dei fann at høgda på hovudskallen frå botnen til toppen av hovudet auka med 8 millimeter hos menn, og 7 millimeter hos kvinner. Dette har ført til at ansiktet har blitt lenger og smalare.

– Eit lenger ansikt kan vere ein del av veksten generelt. Når volumet har blitt større må det visast på høgda av skallen, seier Holck.

Forskarar seier det også har skjedd endringar i skalleforma også i Europa, men ikkje like mykje som i USA.

Hovudskallar i butikkvindauge

Hovudskallar i butikkvindauge. Homo sapiens lengst til høgre.

Foto: Steve A. Johnson, Flickr, CC

– Auka inntak kaloriar

Forskarane sit enno ikkje på fasiten for kvifor storleiken på toppetasjen har endra seg så mykje for amerikanarar. Men dei trur at endringar i livsstil og evolusjon kan ha noko med saka å gjere.

– Auka inntak av kaloriar, tilstrekkeleg med næringsstoff og mindre aktivitet har sannsynlegvis vore viktige faktorar, trur rettsantropolog Richard Jantz.

Kvar næringsstoffa kjem frå betyr også noko:

– Animalske protein gjer at vi får større kroppshøgd enn om vi et kornprodukt, seier Holck.

Kan vi spekulere i om amerikanaranes svakheit for burgarar har noko med saka å gjere?