"Hundreårskometen" kan vere død

Dette biletet tyder på at ISON ikkje har overlevd nærpassering av sola, ifølgje astronomar.

ISON ved perihelium

Biletet viser kometen ISON på veg inn mot sola sett frå NASAs solobservatorium SOHO. Halen etter kometen tyder på at han har gått i oppløysing.

Foto: SOHO/NASA

Astronomar trur no at ISON ikkje har overlevd nærkontakten med solatmosfæren, og at snøballen frå det ytre solsystemet kan ha fordampa fullstendig.

  • Følg NASAs livesending om ISON her
Håkon Dahle

Håkon Dahle.

Foto: Universitetet i Oslo

–Det ser ut som om heile kometen er i ferd med å gå i oppløysing, og det er lite truleg at det kjem noko ut på den andre sida, seier astrofysikar Håkon Dahle ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Kometen ISON skulle ha næraste passering av sola torsdag kveld klokka 19.25 norsk tid, i ein avstand av berre 1,2 millionar kilometer frå sola.

På det næraste ville kometen oppleve ein overflatetemperatur på ca. 2700 grader celsius i det han passerte gjennom solkoronaen som held 1 million grader.

At kometen kunne gå i oppløysing har heile tida vore eit aktuelt scenario.

–Har oppført seg merkeleg

Dette er første gong astronomar har fått moglegheit til å studere ein fersk komet som ISON gå i ei bane så nær sola, og forskarane aner derfor ikkje kva dei skal vente seg.

– ISON er rar, han har oppført seg merkeleg. Når vi har trudd at vi har forstått kva han vil gjere, har han gjort noko heilt anna, fortel astrofysikar Karl Battams som har leia NASAs Comet ISON Observing Campaign.

Dei siste bileta som er komme frå NASAs solobservatorium i rommet, SOHO, tyder ifølgje astronomar på at kometen kan ha gått i oppløysing og ikkje eksisterer lenger.

Astronomar håpa at dei ville sjå ein glødande hale frå kometen komme inn i synsfeltet til solobservatoriet SDO, slik ein gjorde for eit par år sidan med kometen Lovejoy. Men bileta frå SDO viser ikkje noko teikn til ISON.

Kometen Lovejoy i nærkontakt med sola i 2011:

– Eit eksperiment vi aldri har gjort før

Dersom kometen verkeleg har gått i oppløysing er det dårlege nyheiter for sjansen til å sjå eit vakkert lysshow på himmelen i desember.

Men for astronomar kan kometen likevel gi nyttig informasjon, ifølgje Håkon Dahle.

–Dette er eit nyttig eksperiment som vi aldri har gjort før, og det kjem heilt sikkert til å gi mykje informasjon om konsistensen til kometkjernen, fortel Dahle.

Likevel skulle han gjerne sett at kometen klarte seg rundt sola, og kom ut på den andre sida med ein lyssterk hale:

–Det ville kanskje vore det aller beste, også sett frå eit astrofysikar-synspunkt. Då ville vi kunne følgje kometen over ein lenger periode, og også frå solobservatorium frå jorda.

Dersom kometen mot alle odds likevel har overlevd, skal vi kunne sjå kometen igjen når han rundar sola og er på veg ut igjen i solsystemet. Då vil han kunne vere synleg på himmelen før soloppgang og etter solnedgang.

Sjå grafikk som viser ISON sin bane inn mot sola:

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Ison-kometens lysshow» i nytt vindu

Hva skjer med Ikke gjør dette hjemme-huset i den siste episoden denne sesongen? Alle de foregående husene har endt i ett flammehav, så hva skjer denne gangen? Mens sprengstoffekspert Roar og kjemiker Morten slår seg sammen for å prøve å lage vann fra bunnen av, går programlederne Rune og Torfinn vitenskapelig til verks for å undersøke om banning hjelper mot fysisk smerte. (8:8)
Vi er "på nett" så å si hele døgnet. Vi tvittrer, snap'er, spiller, teller skritt, handler og søker etter nyheter. Denne aktiviteten overvåkes av aktører som samler inn enorme datamengder om oss. Det ligger store gevinster, men også viktige fremskritt i BIG DATA! (2:4)
Humor, livsstil og intelligens gir status hos menn - og damer faller for det. Marens gjenværende beilere viser fram nye sider når de skal prøve seg under panseret på en Volvo 240. (5:6)