Hopp til innhold

– Vil ikkje rette feil

Det er eit demokratiproblem at media ikkje vil rette feila sine, meiner professor.

Svein Sjøberg

Hør professor Svein Sjøberg, VG-redaktør Bernt Olufsen og TEKNA-leder Marianne Harg diskutere medier, realfag og pressens evne til å rette feil.

– Problemet er korleis avisene klarer å produsere falske nyheiter, seier professor Svein Sjøberg ved Universitetet i Oslo.

Han har mellom anna skrive til Aftenposten og VG og påvist det han meiner er grove feil. Sjøberg meiner media er for dårlege til å ta inn rettingar når dei har bomma.

– Når ein skriv til avisa og gjer merksam på det og prøver å få inn ei retting, så kjem det ikkje inn, seier Sjøberg til Verdt å vite i NRK P2.

Feil på VG-forsida

VG-forside

Sjøberg har mellom anna skrive boka ”Naturfag som allmenndannelse”. Han har lenge kjempa for at naturfag og matematikk skal vere ein naturleg del av folk sin kunnskap.

Sjøberg har funne fleire eksempel på feil bruk av tal i media, og han spør seg om journalistar ikkje forstår verken matematikk, statistikk eller naturfag.

"Eldre menn oftest i fotofella" var overskrifta på VG-forsida 23. mars 2010. Heile 22 prosent av dei som fekk forenkla forelegg for å kjøre for fort i 2009, var menn over 56 år, skriv avisa. Eldre menn er altså den største gruppa av dei som køyrer for fort, ifølge VG.

Men i oppslaget vert alle som er frå 56 til 100 år – altså ei kjempestor gruppe – samanlikna med dei som er mellom 18 og 25 år – altså ei bittelita gruppe. Det meiner Sjøberg gir eit heilt feil bilde, og VG-redaktøren er enig.

Skuldar på politiet

Bernt Olufsen, ansvarlig redaktør i VG.

INNRØMMER FEIL: VG-redaktør Bernt Olufsen er enig i at VG burde ha oppdaga feilen som Svein Sjøberg påpeikar, og korrigert den.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

– Det er ingen tvil om at den konklusjonen som formuleringa gir uttrykk for er feilaktig, seier VG-redaktør Bernt Olufsen.

Det er altså ikkje slik at eldre menn går oftast i fotofella, som det stod på VG-forsida.

– Men det er ikkje slik at dette er noko talmateriale som redaksjonen i VG har kokt i hop sjølv, dette er faktisk Politidirektoratets eige presentasjonsmateriell som er sendt ut til oss og som vi har presentert. Men vi burde ha oppdaga at det var feil, seier Olufsen.

VG-redaktøren innrømmer at VG kunne ha korrigert oppslaget, men meiner det er eit større demokratisk problem at politiet ikkje kan realfag enn at VG ikkje kan det.

– Feil i Aftenposten

– Då er det nesten endå verre enn eg trudde, seier Sjøberg. – Men det verste er at ein ikkje kan få inn ein korreksjon. For dette blir hengande i det offentlege rom som ei sanning.

Sjøberg dreg òg fram Aftenposten sitt oppslag frå november 2009 om at kvar fjerde elev på toppidrettsgymnas har spiseforstyrrelsar. Oppslaget skapte debatt, men ifølge Sjøberg viste den omtalte studien at elevar ved andre skuler var endå meir plaga av spiseforstyrrelsar.

– Det stemplar ei heil gruppe ungdom. Ein har snudd heile saka på hovudet utan å ville korrigere det umiddelbart, seier Sjøberg, som likevel påpeikar at Aftenposten hadde ein liten korreksjon eit par veker etter oppslaget.

Manglar realfagsjournalistar

Svein Sjøberg

Professor Svein Sjøberg, UiO

Manglande realfagskunnskap er ein generell trend i det offentlege ordskiftet, hevdar Sjøberg.

Han har gått gjennom kven som sit i redaksjonane i tidsskrift som Samtiden, Nytt Norsk Tidsskrift og Prosa, og har ikkje funne nokon med realfagskompetanse. Han meiner at realfag, ingeniørfag, statistikk og matematikk er for fråverande i samfunnsdebatten.

– Debatt om viktige samfunnsspørsmål blir veldig vanskelig når journalistane ikkje har noko forhold verken til tal eller til teknologi eller vitskap, seier Sjøberg.

– Viktig med allmennkunnskap

– Det er riktig at hovedvekta i utdanninga ligg på samfunnsfaga, seier Bernt Olufsen. – Men vi har òg mange journalistar som har grunnleggande kompetanse innen statistikk, informatikk, den type fag.

Sjølv tilset Olufsen først og fremst journalistar som kan stille kritiske spørsmål.

– Det gjelder sjølvsagt til alle sektorar. Det viktigste er høg allmennkunnskap. Det er vanskeleg å ha journalistar med spisskompetanse på ulike områder i dei store redaksjonane. Det er ikkje realistisk. Men vi må utøve kjeldekritikk og kontrollere opplysningar, seier Olufsen.

– Stiller feil spørsmål

Marianne Harg organiserer 53 000 teknologar i foreninga Tekna. Ho òg etterlyser kunnskapsrike journalistar, også innan teknologi, matematikk og realfag.

– Det er nok ein del spørsmål som ikkje blir stilt, og ein del spørsmål som blir stilt feil. Det er ei utfordring for dette fagområdet at det alltid er konflikter som blir dratt fram, og ikkje faktisk informasjon, seier Harg.

Media sine store overskrifter påverkar til dømes folk sitt syn på kva som er farleg, meiner Tekna-leiaren.

– Folk flest har ei anna oppfatning av reell risiko enn det som faktisk er reelt. Dei trur det ikkje er farleg å køyre bil, men det er veldig farleg. Medan strålingsskader og slikt får store oppslag fordi det er spennande, og det er ting vi ikkje lett kan bevise og som for folk flest er veldig mykje mindre farleg, seier Harg.

Ynskjer breiare kultursyn

Professor i fagdidaktikk Svein Sjøberg ynskjer eit breiare syn på kultur, slik at det også omfattar grunnleggande kunnskap om vitskap, naturfag og matematikk.

– Det som er litt spesielt er at vi har definert det tekniske og naturfaglige området som ikke allmenndannelse. Så når folk snakkar om allmenndannelse meiner dei kultur. Naturfaga blir ikkje rekna som kultur. Det er mitt anliggande, seier Sjøberg.