NRK Meny
Normal

– Vi har ikkje tid til å vente på teknologien

Teknologi kan ikkje løyse klimautfordringa åleine, seier norske klimaforskarar.

Termometer

Kloden har alt blitt ein grad varmare. Kan vi unngå to graders oppvarming?

Foto: DENIS CHARLET / NTB Scanpix

For å unngå for skadelege klimaendringar, meiner mange klimaforskarar at det går ei grense ved to graders global temperaturauke.

Gjennomsnittet av klimamodellane til FNs klimapanel seier at dersom dagens utslepp held fram, har vi berre 20 år igjen før vi har nådd grensa der vi enno kan klare å unngå denne temperaturauken.

I kveldens Schrødingers katt spør programleiarane om kampen alt er tapt, eller om teknologien kan berge oss.

– Gamblar om framtida

Eystein Jansen

Professor Eystein Jansen ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

– To grader er eit politisk valt tal, som på eit vis vart tvunge fram på spørsmål frå dåverande statsminister Tony Blair, fortel professor Eystein Jansen ved Bjerknessenteret til NRK.no.

Mange klimaforskarar meiner likevel at vi også kan få skadelege klimaendringar før denne temperaturen.

Men dersom vi legg to-gradersmålet til grunn, kan vi sleppe ut 800 gigatonn CO2, og har då ifølgje FNs klimapanel ein god sjanse, 66-100 prosent sjanse, til å klare å unngå denne oppvarminga, fortel Jansen.

Av dei 800 gigatonna, har vi alt slept ut over 500 gigatonn.

Jansen har lita tru på at vi kan klare å unngå ei oppvarming på under to grader.

– Vi gamblar på ein måte om framtida, og seier at naturen er mindre følsom enn dei modellane vi har. Noko ny forsking kan tyde på det, men det er ganske stor usemje blant forskarane om dette, seier Jansen.

– Problemet er at vi ikkje har tid til å vente på teknologi før utsleppa må ned. Har vi først slept ut og skrudd på varmen er det veldig vanskeleg å skru den av igjen, seier Jansen.

– Må ta i bruk all teknologi

– Det er heilt umogleg å gjere dette utan teknologi. Men teknologi i seg sjølv er berre eit verktøy. Vi må bruke den riktig, seier professor Edgar Hertwich ved program for industriell økologi ved NTNU.

Herwich er ein av forfattarane på den delen av klimapanelets femte klimarapport som tar for seg løysingane på klimautfordringane. Denne rapporten blir lagt fram like før påske.

– Historisk sett har vi til no brukt teknologien til å auke økonomisk aktivitet i staden for å redusere utslepp. Vi har teknologien, men det er vi sjølv som må bestemme om vi skal bruke teknologien til å redusere utslepp. Dette blir for meg ein kunstig diskusjon. Vi klarar oss ikkje utan, men det er heller ikkje det åleine som er løysinga, seier han.

– Studiane viser at vi må ta i bruk alle teknologiar, fornybare energikjelder, CO2-fangst og -lagring, og energieffektivisering, seier Hertwich.

– Har vi alle eit ansvar for å redusere våre klimautslepp?

– Vi er ansvarlege for vala vi gjer som demokratisk samfunn. Den enkelte kan bidra til å redusere personleg utslepp. Men handlingsmønstra våre er gitt myke etter korleis samfunnet er organisert, seier Herwich.

– Ja, synest eg vi bør. Men vi bør ikkje lure oss sjølv og tenke at dette løyser problemet. Men alle har eit ansvar og kan endre atferd, seier Eystein Jansen.


Sjå Schrödingers katt: Katastrofen vi kan unngå, kl. 19.45 på NRK1.