Hopp til innhold

Desse vil bli den neste Facebook

Facebook brukte få år på å kvitte seg med MySpace som reell konkurrent. Dei som vil prøve å utkonkurrere Facebook, vil få ein vanskeleg jobb, meiner nettekspertar.

Sosiale nettverkstenester

Diaspora, Tumblr og MyCube vil ta over for Facebook, men kan gå ein lang og tung kamp i møte.

Foto: Montasje

Nye sosiale nettverk som Diaspora, MyCube og Tumblr tilbyr liknande tenester som Facebook, men utan å ta kontroll over det du deler.

Dei ønskjer å ta opp kampen med Facebook, og danske ekspertar spår ifølgje MetroXpress at dei kan bli reelle utfordrarar innan eitt år.

Men dei som vil vippe Facebook ned frå nettoppen, vil få ein hard kamp, meiner professor i sosiologi og statsvitenskap Arne Krokan ved NTNU.

– Det er mindre og mindre sannsyn for at noko liknande som skjedde med MySpace, skal skje med Facebook, seier han.

Gir brukarane kontrollen

Krokan peikar på at Facebook har endra seg frå å vere ei netteneste til å bli ein eigen plattform for publisering på nett. For at nokon skal kunne vippe dei av trona, må dei kome med noko som er like bra, og i tillegg ha noko nytt.

Dei nye sosiale nettverka som prøver å slå seg opp no, brukar Facebook sine personverninnstillingar som argument for at deira tilbod er betre.

MyCube blir lansert i juni, og kallar seg neste generasjons sosiale nettverk. Dei lovar å la brukarane styre si eiga side og samtidig halde på kontrollen over det dei legg ut. Diaspora lovar at brukaren får oppretta eigarskap til alt som blir lagt ut. Tumblr lar brukarane styre alt, frå innhald til design.

– Kontroll ikkje viktig nok

Men Krokan trur ikkje dette er nok til å lokke folk vekk frå Facebook. Han meiner folk no har større tiltru til at Facebook ikkje vil misbruke informasjonen dei har sikra seg retten til.

– Skepsisen blir mindre og mindre. Dessutan har Facebook ei stor og kritisk brukargruppe, som gir klar beskjed om det er noko dei er misnøgde med, seier han.

Og sjølv om dei nye tenestene skulle kopiere Facebook, så må dei flytte med seg alle brukarane omtrent samtidig. Og det vil bli enda vanskelegare, vurderer han.

– Det vil vere som om konkurrenten sa hopp, og så måtte alle hoppe samtidig, seier Krokan.

Knock-out på MySpace

Chris DeWolfe og Tom Anderson grunnla nettstedet MySpace.

Chris DeWolfe og Tom Anderson grunnla nettstaden MySpace...

Foto: PHIL MCCARTEN / AP
Zuckerberg Restraining Order

..men har ikkje like stor suksess som Facebook-grunnleggjar Mark Zuckerberg.

Foto: Paul Sakuma / Ap
Eirik Solheim

Ingenting vil vare evig, seier NRK Beta-redaktør Eirik Solheim.

Foto: Svein Aronsen / NRK

Den tidlegare sosiale nettverkskongen MySpace var størst fram til midten av 2000-talet, hadde 100 millionar kontoar i 2006 og vart selt til Rupert Murdoch og Newscorp for tre milliardar kroner.

Fem år seinare er MySpace til sals igjen. Nettverket har misst meir enn halvparten av sine kontoar, og summen Newscorp no ber om for nettsida, er 530 millionar kroner - eit tap på nesten 2,5 millionar kroner.

Samtidig blir Facebook vurdert til å ha ein verdi på 450 milliardar kroner, altså nesten 1000 gonger så mykje som MySpace.

– Facebook er så stort at det er eit internett innanfor internettet, seier redaktør i NRK Beta, Eirik Solheim.

Nye tenester frå ingenting

Også han meiner det er vanskeleg å seie kven som skal kome etter Facebook.

– Store selskap som Microsoft og Google greier det ikkje. Og hypotesen om at når bestemor og bestefar loggar på, vil ungdommen forsvinne, ser ikkje ut til å slå til.

Han meiner det er ekstremt vanskeleg å vurdere kva som vil skje i ei nettverd der ei ny teneste kan dukke opp frå ingenting, men at han uansett meiner Facebook vil vere størst i lang tid framover.

– Ingenting vil vare for evig, men Facebook veks framleis veldig raskt, og eg ser heller ingen tendensar til at folk søkjer seg vekk derfrå.

Han meiner Facebook må misbruke informasjon frå brukarane for å kunne bli forbigått av ein ny konkurrent.

– Men eg trur ikkje Facebook er så dumme. Dei er så erfarne at dei ikkje kjem til å gjere det.

– Kan ikkje gjere feilsteg

Eirik Newth

Eirik Newth trur det er relativt stor sjanse for at Facebook vil dumme seg ut innan 2020.

Foto: Ivar Grydeland / NRK

Forfattar, astrofysikar og bloggar Eirik Newth vil derimot komme med ein åtvarande peikefinger mot Facebook, og meiner dei må passe seg for ikkje å bli for komfortable.

– Dersom dei manøvrerer riktig, blir det vanskeleg for nokon å utkonkurrere dei, men det er ein relativt stor sjanse for at Facebook kan dumme seg ut innan 2020, seier han.

Han meiner å merke ein arroganse hos Facebook, som om dei ikkje kan gjere noko feil, og nemner måten dei prøvar å tilpasse reklame til brukarprofilane som ein måte dei kan trakke på folk.

Newth peikar også på at sjølv om eitt år er lang tid i nettverda, så skjer ikkje ting over natta.

– Held dei stien sin rein, vil det gå bra. Eg trur dei vil ha medvind i mange år framover.