NRK Meny
Normal

– Befolkningsreduksjon gir inga rask løysing på miljøproblem

Berre urealistiske tiltak som global eittbarnspolitikk vil kunne redusere befolkningsveksten i ein grad at det vil hjelpe på miljøproblema våre, hevdar forskarar i ny studie.

T-banestasjon i Beijing 24. oktober

Eittbarnspolitikk a la den i Kina er lite sannsynleg i global skala, men er ein av modellane som forskarar har sett på i ein ny studie.

Foto: LIU JIN / Afp

Fleire har tatt til orde for at det ikkje er stort forbruk og avgrensa ressursar som utgjer jordas miljøproblem, men i staden at vi er altfor mange menneske på jorda.

I ein studie publisert i det anerkjente tidsskriftet PNAS, har dei to australske forskarane Corey Bradshaw og Barry Brook tatt nettopp denne problemstillinga på alvor. Dei har studert ulike scenario som kan redusere befolkningsveksten, og har sett på korleis dette vil verke inn på den globale befolkninga i år 2100.

Konklusjonen deira er at det ikkje finst enkle, realistiske tiltak som kan endre storleiken på befolkningen i betydeleg grad i løpet av dei kommande tiåra. Dette vil i staden ta fleire hundre år.

– Du kan ikkje skilje befolkning frå forbruk, begge deler er viktig. Men sidan befolkningsreduksjon tar så lang tid, er reduksjon av forbruk den beste måten å løyse dette problemet på, seier professor Corey Bradshaw ved University of Adelaide på telefon til NRK.no.

– Funna i denne studien er ein sjølvklarheit som alle som rekna har visst, kommenter den svenske verdsstatistikaren og Gapminder-grunnleggaren Hans Rosling.

Elefanten i rommet

Corey Bradshaw

Professor Corey Bradshaw.

Foto: The University of Adelaide

– Det som fekk oss til å gå i gang med denne studien var at når vi som økologar og populasjonsekspertar snakka om globale endringar, så fekk vi ofte spørsmål om kvifor vi ignorerte «elefanten i rommet», den menneskelege befolkninga, fortel Bradshaw.

Tilbakemeldingane Bradshaw fekk var at dersom vi kunne redusere befolkningsveksten, ville vi løyse problemet.

–Vi spurde derfor oss sjølve, kor sensitiv er eigentleg den menneskelege befolkninga for endringar, fortel Bradshaw.

Dei laga derfor 9 ulike modellar for befolkingsreduksjon og såg på kva det ville få å bety for befolkingstalet i år 2100.

Blant scenarioa dei undersøkte var lite sannsynlege og ekstreme tiltak som global eittbarnspolitikk, og to katastrofe-scenario med milliardar av døde. Men dei såg også på meir realistiske scenario der dei la til grunn familiepolitikk som gav færre fødde barn per kvinne.

Bradshaw og Brook vart overraska over kor lite sensitiv befolkningstalet var for også ganske drastiske hendingar.

Deira modellar viste blant anna at sjølv dersom 2 milliardar menneske omkom i ei hypotetisk katastrofe i år 2056, ville det likevel vere ein befolkning på 8,4 milliardar i år 2100.

Scenarioet som gir størt befolkningsreduksjon var den hypotetiske situasjonen der eittbarnspolitikk vart innført verda over i år 2045. Då viser forskarane sine modellar at ein kunne nå eit befolkningstal på 3,45 milliardar i år 2100.

– Reduksjon av fødselstal er nødvendig, og kan ha stor effekt, men det vil ta lang tid. Familieplanlegging vil først få effekt over hundretals år. Viss vi skulle klare å halvere jordas befolkning med etisk akseptable metodar ville det ta minimum 150-200 år, fortel Bradshaw.

  • Les Bradshaws eige blogginnlegg om studien her

Demografisk tregleik

Professor Øystein Kravdal ved Økonomisk institutt

Professor Øystein Kravdal ved Økonomisk institutt

Foto: Universitetet i Oslo

Professor Øystein Kravdal ved Universitetet i Oslo stadfestar langt på veg konklusjonane frå Bradshaw og Brook.

– Det einaste ein kan gjere for å dempe befolkningsveksten, viss ein meiner at den er for stor, er å sette i verk tiltak for å redusere talet på fødslar per kvinne, seier Kravdal.

Men det tar nok nokre tiår før talet på fødslar for kvar kvinne kjem ned til 2,1 som eit globalt gjennomsnitt. Eit slikt nivå gir befolkningsfall, men først etter nokre tiår, fortel Kravdal.

–Grunnen er at det er forholdsvis mange i fødedyktig alder. Demografar kallar dette fenomenet for demografisk tregleik, fortel Kravdal.

– Viss vi ønsker ein dramatisk reduksjon i f.eks klimagass-utsleppa, må derfor kvar og ein av oss bidra mindre, samtidig som dette kan bli ekstra vanskeleg når også folk i dagens fattige land blir rikare. Når det er sagt, er det ikkje sikkert at vi må ha eit folketal på berre 1-2 milliardar for at alle skal ha gode liv, slik som blir nemnd i artikkelen. Vi veit svært lite om dette.

– Moglegheit, ikkje problem

Arild Skedsmo i WWF-Norge

Arild Skedsmo i WWF-Norge.

Foto: Anja Elmine Basma/ WWF-Norge

–Studien stadfestar at den globale befolkninga er noko vi må sjå på som ein moglegheit, ikkje eit problem. For oss har det lenge vore klart at miljøutfordringa handlar om kor mykje og kva vi forbruker, korleis vi produserer og korleis vi forvaltar naturressursane, seier fagsjef Arild Skedsmo i WWF Norge.

WWF meiner det er nok til alle, men at vi må justere forbruket.

– Dersom alle skal forbruke slik vi gjer i rike vestlege land, treng vi tre planetar.

Skedsmo meiner at det er mange som er opptekne av å forklare at løysingane ligg ein annan stad enn hos sjølv.

– Jo fleire som ser at dette ikkje er riktig, jo raskare kan vi få utviklinga på rett kurs, seier han.