Hopp til innhold

40 000 år gamle handavtrykk vinkar til oss frå fortida

Dateringar viser at holemaleri av hender er opptil 10.000 år eldre enn tidlegare kjent europeisk steinalderkunst.

Spanske og britiske ekspertar har gjort dateringar av steinalderkunst i spanske holer som viser at maleria er opptil 40.800 år gamle.

Dette betyr at våre forfedre laga steinalderkunst i Europa heile 10.000 år tidlegare enn det vi har trudd til no.

Funnet er publisert i tidskriftet Science.

Avtrykk av sirklar og hender

Femti steinaldermaleri i 11 spanske grotter har blitt datert av eit team av forskarar frå britiske, spanske og portugisiske forskarar leia av Dr. Alistair Pike ved University of Bristol.

Blant holene som har blitt undersøkt er Altamira, El Castillo og Tito Bustillo, alle kjent for steinalderkunst, i dei nordlege regionane Cantabria og Asturias i Spania.

Forskarteamet har nytta såkalla uran-thorium-datering til å datere lag av kalsitt som har danna seg ved naturlege prosessar over maleria i løpet av tusenåra.

Panel of Hands i El Castillo-hola.

Handavtrykka på holeveggen med namnet Panel of hands i El Castillo-hola. Bisonen på veggen er malt på eit seinare tidspunkt.

Foto: Pedro Saura

Dateringar av holemaleri er svært vanskeleg, då det ofte er svært lite organiske materiale tilgjengeleg for karbondatering. Forskarane presenterer her ein ny måte å finne alderen på holemaleri på.

Dateringsteknikken viser at avtrykk av hender og runde skiver som er malt eller spraya på veggane i hola El Castillo er heile 40.800 år gamle.

Andre maleri, blant anna grotta Altamira, vart funne å vere 35.600 år gamle.

Forskar ved University of Bristol tar prøvar i hola Tito Bustillo.

Forskar ved University of Bristol tar prøvar i hola Tito Bustillo.

Foto: Rodrigo de Balbin Behrmann

– Kan vere neandertalerkunst

Bevis for moderne menneske i nordlege Spania går så langt tilbake som 41.500 år tilbake, og før dei var neandertalarane, seier Alistair Pike i ei pressemelding.

– Våre resultat viser at enten kom moderne menneske med malekunst som ein del av sin kulturelle bagasje, eller det vart uvikla svært kort tid etter ankomst, kanskje som svar på konkurranse med neandertalarar - eller kanskje er denne kunsten neandertalerkunst.

Om det er tilfelle, vil det bety at hendene som vinkar tilbake frå fortida frå holeveggen i El Castillo har tilhøyrt den utdøydde mennesketypen neandertalar.

– Fram til no har vår forståing av alderen på holekunst vore i beste fall overflatisk. No har vi med sikkerheit forlenga alderen på europeisk holekunst tilbake i tid med mange tusen år, til tida då dei siste neandertalarar og dei første Homo sapiens levde i Europa. Desse tidlegaste bileta viser ikkje dyr, men er non-figurativ, noko som kan ha stor tyding for korleis kunst utvikla seg, seier ekspert på holekunst Paul Pettitt ved Univerisity of Sheffield.

– Bør vere forsiktige

Arkeolog Sheila Coulson ved Universitetet i Oslo forstår forskaranes begeistring, men meiner dei bør vere forsiktige i tolkinga av resultata sine.

Ho minner om at bergkunst andre stader ikkje har blitt datert med same metode, noko som gjer det vanskeleg å samanlikne funnstadane direkte.

Coulson er også skeptisk til å knytte kunsten til neandertalarar:

– Sjølv om det er freistande å tilskrive desse tidlege maleria til neandertalarar må vi hugse at desse dateringane også kan bli brukt som bevis for at det moderne menneske kom tidlegare til Europa, seier Coulson til NRK.no.

Handavtrykk frå steinalderen

Handavtrykk frå steinalderen i El Castillo-hola.

Foto: Pedro Saura

For tidleg å avskrive Afrika

Trass i at det moderne mennesket oppstod og vandra ut frå Afrika, er det enno ikkje funne holemaleri frå vårt fødekontinent.

– Vi ser bevis for tidleg menneskeleg symbolisme i form av gjennombora perler, eggeskal med inngraveringar og pigment i Afrika for 70 -100.000 år sidan, men dei tidlegaste holemaleria ser ut til å finnast i Europa, seier Pike.

– Kunsten vi har funne i Afrika er svært nye oppdagingar, seier Coulson.

Kanskje gøymer det seg fleire helsingar frå våre forfedre i afrikanske holer.

– Afrika er eit enormt kontinent, med overraskande få arkeologiske hot-spots. Det er for tidleg å avskrive Afrika som ei kjelde til tidlege bilete som kan fylle tomromma våre i forståing av våre kunstneriske røter, seier Sheila Coulson.