-Svært nøgd med patentnei til menneskegen

Amerikanske høgsterett sa nei til patent på Jolies brystkreftgen. Bioteknologinemnda er glad for kjenninga.

Angelina Jolie

Filmstjerna Angelina Jolie fjerna begge brysta etter ein gentest. No mister firmaet Myriad Genetics monopolet på denne brystkreft-testen.

Foto: FRED PROUSER / Reuters

Ein einstemmig amerikansk høgsterett erklærte i går at det ikkje er lov å ta patent på menneskelege genar.

Direktør for Bioteknologinemnda, Sissel Rogne

Direktør for Bioteknologinemnda, Sissel Rogne.

Foto: Bioteknologinemnda

– Fleirtalet i Bioteknologinemnda er svært nøgd med dette resultatet, seier direktør Sissel Rogne til NRK.no.

– Dette stadfester eit viktig skilje, at ein ikkje kan få monopol på eit menneskeleg gen, og at eit gen er ikkje ei oppfinning, men ei oppdaging.

Dommarane trekte i rettsavgjerda eit tydeleg skilje mellom gen som finst i naturen og såkalla syntetiske gen som er skapt i eit laboratorium.

Bioteknologinemnda trur avgjerda vil kunne føre til at fleire bedrifter utviklar gentestar, slik at vi får billigare testar, nye bedrifter som kan lage diagnostikk og meir innovasjon.

Brystkreftgenar

Høgsterettsaka Accosciaton for Molecular Pathology v. Myriad Genetics gjaldt firmaet Myriad Genetics sine sju patentar på bruk av brystkreftgenane BRCA 1 og BRCA 2 til forsking, diagnostisering og behandling.

Filmstjerna Angelina Jolie fjerna nyleg begge brysta då ho fekk påvist auka risiko for brystkreft i ein BRCA-test utvikla av Myriad Genetics.

Jolie har sjølv påpeikt at kostnaden gjer BRCA-testen utilgjengeleg for mange amerikanske kvinner.

Amerikansk patenlovgiving seier at materiale som finst i naturen ikkje kan reknast som oppfinningar, og derfor heller ikkje kan patenterast.

Under rettssaka argumenterte Myriad for at jobben med å avdekke BRCA-genas funksjon og deretter isolere dei frå kroppen for å kunne bruke dei medisinsk utgjer ei nyvinning, fordi resultatet er eit produkt som ikkje finst frå før.

Dette fekk dei altså ikkje gehør for.

Kort tid etter høgsterettsavgjerda gjekk fleire firma ut og sa at dei ville tilby BRCA-testar.

Ringverknader i Europa

Bioteknologinemnda trur den amerikanske høgsterettkjenninga kan gi ringverknader i Europa.

–Det europeiske patentdirektivet har basert seg på amerikansk fortolking av biopatentar for å sikre konkurranse med amerikanske selskap, fortel Rogne.

– Når bioteknologiens høgborg, USA, seier at det ikkje er lov å ta patent på menneskegen, vil det derfor føre til auka press på fortolkinga av patentdirektivet i Europa.