Motstandar av deponi på Rausand, Stig O. Jacobsen, vedgår at dei er svært skuffa over vedtaket for avfallsdeponi i Nesset kommunestyre i går. Jacobsen er næringslivsleiar og dagleg leiar for ein organisasjon som kjempar for eit giftfritt Nesset. Han varslar kamp for å nå fram, i departementet og hos stortingspolitikarane.