Hopp til innhold

Zahraa (20) opplevde rasisme på opa gate – no skal ho møta gjerningsmannen i konfliktrådet

Kort tid etter ein eldre mann følgde etter Zahraa Sahib og sjikanerte ho på gata har statsadvokaten godkjent forslaget om tilståingssak.

Zahraa Sahib

KONFLIKTRÅDET: Zahraa er glad for at mannen no ber om orsaking.

Foto: Privat

Rett før jul, på veg til Bergen sentrum følgde ein mann etter 20 år gamle Zahraa og ropte rasistiske ting til ho.

Etter fleire tilrop klarte ikkje den elles sindige Zahraa å halda kjenslene inne.

Ho tok og mobilen og filma seansen, og delte filmen på sosiale medium, der han spreidde seg til fleire.

Etter NRK skreiv saka har mannen meldt seg sjølv til politiet, og påtalemakta har no sendt saka til tingretten i ekspressfart.

Politiet og statsadvokaten føreslår bot og fengsel på vilkår for mannen.

Vilkåret er at dei skal møtast i konfliktrådet.

– Greitt å få ei orsaking

Zahraa meldte aldri saka til politiet, men er glad for at han gjorde det sjølv.

Ho seier at målet hennar er oppnådd.

– Eg synest det er veldig greitt å få ei orsaking. Målet mitt var at han forstår at det han gjorde ikkje var greitt og at han ikkje skal gjera slikt igjen, seier Sahib til NRK.

Mannen som sjikanerte Zahraa, ynskjer ikkje å kommentere saka, men NRK får opplyst av sonen hans at det har vore ei psykisk påkjenning, og at dette er ei sak han helst vil få ut av verda.

Mann blir konfrontert på gaten for rasistiske uttalelser

Mann blir konfrontert på gata for rasistiske fråsegn

Høgt prioriterte saker

Hendinga blir klassifisert som ei hatefull ytring.

Politiadvokat i Vest politidistrikt Katrine Engelsgjerd Eikestad, seier denne typen saker er høgt prioriterte frå riksadvokaten si side.

– Kvart år får me vite kva saksområde riksadvokaten prioriterer, og dette er saker me har hatt spesielt fokus på over tid, seier Engelsgjerd Eikestad.

Katrine Engelsgjerd Eikestad

HØGT PRIORITERTE SAKER: Politiadvokat Katrine Engelsgjerd Eikestad seier politiet har særs høgt fokus på denne typen saker.

At partar møtast i konfliktrådet i sånne saker er ganske uvanleg.

Engelsgjerd Eikestad seier at eit viktig omsyn er ei vurdering av at Zahraa ikkje skal måtte oppleva fleire krenkingar gjennom å møta mannen igjen.

Når det er snakk om bot i slike saker er det ofte ein sum som svarar til ei månadsløn.

I denne saka blir bota redusert til 8000 kroner sidan han godtek mekling i Konfliktrådet. Bota er føreslått frå politiet og statsadvokaten, men det er retten som avgjer.

I 2020 var det 65 tilfelle av hatkriminalitet som vart melde til politiet i Vest Politidistrikt.

Politiet i Bergen jobbar tett med Bergen kommune, og andre politidistrikt for å førebygga hatkriminalitet og radikalisering

– Oslo politidistrikt har oppretta ei eigen hatkrimgruppe, som er svært fagleg kompetente. Dei konfererer me ganske ofte med, seier Engelsgjerd Eikestad.

NRK har tidlegare skrive om dommar på bakgrunn av hets, mellom anna den historiske dommen om ein 52 år gamal mann frå Bergen som hetsa ei transkvinne.