Hopp til innhold

Ytre Stadlandet skule er historie

Eit samrøystes Selje kommunestyre la torsdag ned Ytre Stadlandet skule. – Selje kommune er i eit veldig vanskeleg økonomisk uføre, seier ordførar Ottar Nygård (Samlingslista).

Marita Årevik

HISTORIE: Marita Aarvik og resten av innbyggjarane misser skulen sin på Ytre Stadlandet.

Foto: Birger Meland / NRK

Innbyggjarane har frykta det lenge , og etter kommunestyret torsdag var slaget tapt.

Kommunen må kutte 14,5 millionar dei neste to åra. Nedlegging av Ytre Stadlandet skule sparar kommunen kring to millionar kroner i året.

– Dette var ikkje eit vedtak nokon ynskte, men det er ledd av fleire naudsynte innsparingsvedtak som er naudsynte, seier ordførar Ottar Nygård.

– Tragisk

Skulen har i dag 14 elevar, og vil snart vere nede i 11 elevar. Desse må no reise til Leikanger og Stadlandet Oppvekstsenter 14 kilometer lenger vekke.

Lokalbefolkninga la ned ein stor innsats då bygda fekk si eiga storstove i form av skulebygget då den vart innvia 27. februar 1999. No vil altså Ytre Stadlandet skule gå over i historiebøkene.

– Det har vore eit utruleg fint skulemiljø og den har samla bygdene på ein unik måte. Tragisk er faktisk det einaste ordet eg finn som passar no, seier Marita Aarevik som sjølv har jobba på og for at skulen skulle ha framtidas rett.

Greier ut barnehage

Når først valet stod mellom to vonde, å miste både barnehage og skule, så var det viktig for innbyggjarane å behalde barnehagen på Ytre Stadlandet.

Det positive for innbyggjarane på Ytre Stadlandet er at den kommunale barnehagen får leve. Enn så lenge i alle fall.

– Vi må gjere veldig mange kutt framover. Skulen var eitt av dei som var mogleg å gjere. Det var snakk om å legge ned barnehagen også, og vi veit at dei hadde møte i går kveld og ville starte privat barnehage om kommunen la ned tilbodet, seier Nygård.

Dermed bestemte kommunestyret seg for å greie ut følgjene og kostnadene ved ein privat barnehage.

– Vi er ikkje ute etter å øydeleggje eit barnehagetilbod. Vi er opptekne av at alle skal ha barnehageplass, men vi vil spare pengar. Blir det ikkje innsparingar, så blir det framleis barnehage på Ytre Stadlandet, seier Nygård.

Friskmelde i 2009

Sjølv om vedtaka var samrøystes, var det fleire kommunestyrepolitikarar som kjende behov for å kome med sine synspunkt om kor kjedeleg det var å leggje ned skulen i Ervik.

– Det er mange nytilflyttarar og mange som vil satse. Då er dette tungt å gjere, men samstundes noko ein må gjere, seier ordføraren og vedgår at den økonomiske situasjonen i kommunen er prekær.

Det er berre fem år sidan dei kunne juble over å vere ute av den mykje omtala Robek-lista, registeret over kommunar som må søkje Fylkesmannen om låneopptak og investeringar.

– Veldig prekær situasjon

Politikarane i Selje må kutte 18,5 årsverk og 14,5 millionar kroner dei neste to åra.

Kommunen har jamt og trutt mista innbyggjarar siste åra. Dette har påverka rammeoverføringane.

– Når det då ikkje tidsnok blir teke strukturelle grep, så blir det slik, seier ordføraren og siktar til dei mange kutta kommunen no må gjere.

– Situasjonen er veldig prekær. Vi gjekk med over 4,3 millionar i underskot i 2012 og ligg an til minst 6,2 millionar i 2013. Det er klart at den er dramatisk, held Nygård fram.

– Blir smalhans ei tid

Kommunen skal no i dialog med fylkesmannen for å sjå på situasjonen.

– Robek eller ikkje, det viktigaste er at vi klarer å berge eit best mogleg tilbod til innbyggjarane, seier Nygård vel vitande om at det vil gå utover tenestetilbodet til Selje.

Og alle vil merke det. Barnehagetilbodet er det næraste ein kjem freda område.

– Ingenting er direkte freda, men skal vi tenkje tilflytting og rekruttering til verksemder, så er vi avhengige av barnehageplass. Så er det mange sektorar som har behov for noko, men alle kan ikkje få. Det blir smalhans ei tid altså, avsluttar han.