Hopp til innhold

Yrkesfag-kampanje har ført til «prekær» plassmangel

Målretta kampanjar har fått fleire unge til å velje yrkesfag. Fleire enn skulane har plass til.

Marielle Alsaker Kello, Sebastian Avila Kaland og Elina Lien Bruås ved Laksevåg Maritime vidaregåande skule.

LIKAR SEG: Marielle Alsaker Kello, Sebastian Avila Kaland og Elina Lien Bruås går alle på yrkesfag ved Laksevåg og Bergen Maritime vidaregåande skule. Dei reknar med å få seg jobb så snart utdanning og læretid er over.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Det som tidlegare var glisne klasserom, har blitt til utdanningar med ventelister og plassmangel.

– Yrkesfag fungerer litt annleis enn vanleg skule og er meir praktisk arbeid, men eg trivest kjempegodt, seier Elina Lien Bruås (16).

Ho går første året på elektro på Laksevåg og Bergen Maritime vidaregåande skule.

Sebastian Avila Kaland (16) nikkar.

– Mange er lei vanleg skule, men her er det meir variert arbeid, seier han.

På yrkesskulen deira er det dobbelt så mange søkjarar som plassar.

På andre skular er det tre gonger så mange søkjarar som elevplassar. Det viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

I alt har 38.284 elevar søkt yrkesfag frå hausten av i Noreg, medan om lag 2000 færre har søkt studieførebuande.

For fem år sidan var det omvendt. Då var det fleire elevar som søkte studieførebuande.

Ikkje fått meir plass

Framskrivingar peikar på eit enormt behov for fleire fagarbeidarar i åra som kjem.

Fleire søkjarar til yrkesfag er difor ein villa politikk.

Men medan ungdomane har vorte oppmoda til å velje meir «matnyttige studieløp», er ikkje skulestrukturen tilpassa.

På yrkesskulen i Laksevåg får berre kvar tredje søkjar plass på elektrofag. Rektor Tove Føsund ønskjer seg meir plass.

– Vi treng eit nytt skulebygg, seier ho.

Laksevåg Maritime, rektor Tove Føsund

PLASSMANGEL: Rektor Tove Føsund ved Laksevåg og Bergen Maritime vidaregåande skule fortel om plassmangel og at ho ønskjer eit nytt skulebygg så snart som råd.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Bjørn Lyngedal, som er avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, meiner det hastar med å utvide kapasiteten.

– Vi har gjennom fleire år snudd alle steinar for å auke kapasiteten på yrkesfag på skulane vi har. Men no kjem vi ikkje lenger og situasjonen er prekær, seier han.

Innan 2027 vil det vere behov for 1050 fleire yrkesfagplassar berre i Bergen og nærområdet.

Lyngedal etterlyser ein breiare debatt om skulestruktur.

– Vi ser at både befolkninga, søkemønsteret og næringslivet sine behov endrar seg. Slik sett burde ein hatt ein kontinuerleg debatt om skulestruktur, seier han.

Laksevåg Maritime

HELDIG: Elina Lien Bruås er ein av dei heldige som har fått plass på elektrofag ved Laksevåg og Bergen Maritime vidaregåande skule. Det er tre gonger så mange søkjarar som plassar på elektrofag.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Mest populært for gutar

Yrkesfag er mest populært blant gutane, medan jentene har meir sans for studieførebuande.

Først og fremst gir yrkesfag gode moglegheiter for å få ei utdanning som er etterspurt i arbeidslivet, seier seniorrådgjevar Victoria Katharina Solheimsnes i Utdanningsdirektoratet.

Ho peikar på at yrkesfag opnar for å gå raskt ut i lønna arbeid, men at det samtidig gjev grunnlag for vidare utdanning.

Yrkesfag er også attraktivt fordi ein kan få løn under opplæring, seier ho.

Laksevåg Maritime

ETTERSPURT: Det vil bli enormt behov for Sebastian Avila Kaland og andre som tek yrkesfag i åra som kjem.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

6 av 10 vel yrkesfag i Nord-Noreg

Fylkesråd for utdanning og kompetanse i Nordland fylkeskommune, Fredrik Persson (Ap), fortel at heile 60 prosent av elevane har søkt på yrkesfag i år.

– Vi må sjå på om det trengst tilleggsareal for å fylle behov i framtida, seier han.

Han legg til at Nordland også er avhengig av elevar som tek på studiespesialiserande opplæring, og at det ikkje er ønskjeleg at ein endå større andel vel yrkesfag i åra som kjem.

Også i Møre og Romsdal og Troms og Finnmark har 60 prosent av elevane søkt yrkesfag.

I Oslo ei situasjonen motsett. Her er det berre kvar fjerde vidaregåandeelev som søkjer yrkesfag. Ein liten nedgang frå fjoråret.

Vil ha debatt om skulestruktur

I Vestland har fleirtalskonstellasjonen, med Sp og Ap i spissen, freda skulestrukturen i inneverande valperiode.

Fylkesordførarkandidat Stian Davies (Ap) signaliserer at dei vil behalde ein desentralisert skulestruktur.

Tilbodet må også vere i tråd med behovet i arbeids- og næringslivet, presiserer han.

Fylkesordførarkandidat for Høgre, Silje Ekeland Bjørkly, meiner det er «svært uheldig» at posisjonen har lagt lokk på debatten om skulestruktur i inneverande periode.

– Dette har dei gjort for å unngå problem og ubehagelege spørsmål, seier ho.

Dei som tar styringa etter haustens val «må ta skeia i ei anna hand», seier ho.

– Eg vil ha ein strukturdebatt, ikkje nødvendigvis for å leggje ned skular, men for å sjå korleis vi kan dimensjonere tilbodet best mogleg etter behovet.

Silja Ekeland Bjørkly

PROVOSERT: Fylkesordførarkandidat Silja Ekeland Bjørkly (H) i Vestland meiner det er svært uheldig at Ap og Sp har freda skulestrukturen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK