– Vi veit at det politiske skiftet truleg fører til større endringar i kommunekartet. At det no blir teke lokalpolitisk initiativ for ei samanslåing mellom Gloppen og Eid under føresetnad av bru, støttar vi fullt ut, seier Marianne Ryssdal leiar i Gloppen Næringsorganisasjon.
Dei borgarlege partia i dei to kommunane sende tidlegare i veka eit felles brev til den nye regjeringa. Der skreiv Høgre, KrF, Venstre og Frp i Eid og Gloppen at dei meiner det med vedtak om bru Lote-Anda er naturleg at Eid og Gloppen gjennomfører kommunesamanslåing.
Partia ba i brevet om eit snarleg møte med den politiske leiinga i Samferdsledepartementet og kommunal- og regionaldepartementet for å presentere saka nærare, og drøfte saka i samanheng med den varsla kommunereforma, satsing på ferjefri E39 og varsla prioritering av vegprosjekt som gir ferjeavløysing.
- LES MEIR:
Berre aktuelt dersom brua kjem
No får dei støtte frå Gloppen næringsorganisasjon. I pressemeldinga skriv organisasjonen at dei også tidlegare har vore tydlege på at Gloppen må orientere seg både nordover og sørover.
– Gloppen må søke nye, og styrke etablerte, samarbeid og alliansar. Dette er viktig for våre bedriftsmedlemar, og det er viktig for sentrale saker for Gloppen kommune, står det i pressemeldinga.
Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, har ikkje støtta like heilhjarta opp om dei borgarlege partia sitt forslag.
– Skal ein sjå på kommunesamanslåing, må ein gjerne sjå på noko større enn berre to kommunar. Med bru, er det likevel aktuelt å sjå på ulike løysingar. Utan bru, må Gloppen sjå i andre retningar, og då er det ikkje aktuelt å slå seg saman med Eid, sa ordføraren til NRK tidlegare i veka.
Næringsorganisasjonen meiner det er viktig å kome tidleg i gang med drøftingar, slik at ein får styring og slepp tvang ved samanslåing.
– Den nye kommunen vil bli ein av dei tre største kommunane i fylket – like store som Florø og Førde. Dette vil vere viktig for våre framtidige posisjonar og for vekst. Men det er heilt avhengig av brua, avsluttar Ryssdal.