Yngve Årdal er ny redaktør i Firda

Yngve Årdal er tilsett som ny redaktør i Firda. Han blir dermed den 21. redaktøren i avisa si historie.

Yngve Årdal (t.v.) og Per Gjerstad

NYTILSETT: Yngve Årdal (t.v.) vart måndag presentert som ansvarleg redaktør i avisa Firda. Her saman med styreleiar Per Gjerstad.

Foto: Bent Are Iversen, Firda

– Det har vore ein fantastisk reise, seier Årdal til Firda på nett.

Han har vore konstituert i stillinga sidan september i fjor, men seier det er godt å bli «sjef på ordentleg».

– Det kjennest godt. Når eg først har tatt valet, so er eg klar for dette, seier han til NRK.

Det var åtte søkjarar til stillinga.

Årdal starta hjå fylkets største avis i 1984, og har vore innom det meste i avisa sidan starten. No ser han fram til å styra avisa vidare framover.

– Eg er takksam for tilliten eg har fått av styret i A-pressen. Me har ein kurs i dag, og den skal me halda fram med. Det blir ingen store endringar på kort sikt.

– På litt lengre sikt skal me ta opp internt korleis me skal takla dei utfordringane som kjem, som til dømes kor mange kommunar me skal dekka, det digitale opp mot papiravisa og slike ting.