I fjor vinter fekk Sara Sumstad frå Måløy livmorhalskreft, berre 26 år gammal.
– Ordet kreft er jo kjempeskummelt, men eg tenkte at det kom til å gå bra, og at eg må vere litt optimist. Men det er kjipt å vere sjuk og ikkje vite kva som skjer framover, seier Samsund.
Etter å ha hatt ein blødingar og smerter i underlivet, blei ho oppfordra til å ta ein livmorhalsprøve.
To livmorhalsprøver og nesten tre månadar seinare, fekk ho beskjed om at ho hadde kreft i livmorhalsen.
Sumstad måtte operere bort delar av livmorhalstappen.
Det har vore ei auke i talet på livmorhalskreft blant unge som ikkje er vaksinerte. Samstundes kan ventetida på eit prøvesvar vere lang, og opp mot seks eller åtte veker enkelte stader.
No skal ein HPV-test gjere det lettare å førebygge livmorhalskreft og gi kortare svarttid.
I løpet av neste år vil kvinner mellom 33 og 25 år få tilbod om denne testen i staden for celleprøve.
Testen blir allereie tilbydde til dei over 33 år.
Kan føre til overbehandling
Lege ved Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) Sveinung Sørbye meiner at ulempa med testen er at den vil føre til overbehandling.
– Ein ønsker å oppdage fleire tilfelle. Det gjer at mange med førestadium, som kanskje ville gått tilbake av seg sjølv, blir behandla med konisering.
Konisering er å fjerne ein del av livmorhalstappen.
Lege Sørbye meiner det er både positive og negative sider ved screening-programmet.
Foto: Aurora Berg / NRKDen nye HPV-testen vil dermed kunne fange opp fleire tilfelle av HPV-infeksjon som ikkje vil utvikle seg til kreft, meiner legen.
Han understrekar likevel at testen vil kunne førebygge fleire tilfelle av kreft enn livmorhalsprøven.
Han synest også det er positivt at det tek kortare tid å analysere denne prøvetypen.
I utgangspunktet har nokre veker ventetid frå eller til små konsekvensar, men for nokre kvinner kan ventetida vere ei påkjenning.
– Eg skjønner at det er slitsamt å vente på avklaring når kvinna veit at det var unormale funn i førre prøve.
– Viktig at unge blir testa
Leiar for livmorhalsprogrammet Ameli Tropé seier at dei jobbar med korleis dei skal følge opp unge kvinner som har ein HPV-positiv test. Dei ønsker å finne ut kven som treng utreiing og behandling, og kven som kan vente.
Ameli Tropé er leiar for livmorhalsprogrammet.
Foto: Truls Alnes Antonsen / NRKSlik håper dei å kunne vise vidare kvinner med HPV-typar som har størst sannsyn for alvorleg celleforandringar som kan utivikle seg til livmorhalskreft.
– Det er viktig at unge kvinner blir testa for HPV-viruset, sidan HPV er årsaka til livmorhalskreft. Om prøven er HPV-positiv, ser vi på cellene frå same prøve, i mikroskop.
Ho understrekar at du må ta kontakt med lege dersom du har nye symptom, slik som kraftige blødingar, blodig utflod eller sterke smerter i korsryggen.
Oppfordrar til å teste seg
Sumstad var vaksinert mot HPV-viruset og hadde aldri tenkt at ho kom til å få livmorhalskreft.
– Når fastlegen fortalde det, sa eg berre «å ja, okay». I ein normal verd hadde eg lege meg på golvet og blitt skikkeleg lei meg, men eg trur eg berre fekk litt sjokk.
No er ho så godt som frisk igjen, og blir følgt opp med celleprøver kvart femte år.
Ho håper andre jenter tek seg tid til å teste seg.
– Du må lytte på magekjensla, og stole på ho. Eg var på ein måte ikkje for seint ute, men eg kunne ha oppdaga kreften tidlegare om eg hadde tatt meg tid til ein celleprøve før.