Hopp til innhold

Ylvis-humor lønner seg

Ylvis-humor gir stappfull konto, men den eine broren tener mykje meir enn den andre.

Ylvis på Komiprisen 2011

NOMINERT: Ylvis var blant dei nominerte til Komiprisen 2011.

Foto: Su Thet Mon / NRK

Ylvis med O-fag på NRK Gull

RADIO: Typiske ablegøyar frå Ylvis i NRK-programmet O-fag.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Mange nordmenn har ledd godt av humoren til brørne Bård og Vegard Ylvisåker frå Bergen dei siste åra.

Sjølv kan dei smila frå øyre til øyre når dei les skattelistene.

Tjente millionar

Bård Ylvisåker tente 4.736.928 kroner i 2010. Han hadde ei formue på 2.574.609 og betalte 1.394.065 kroner i skatt.

Broren Vegard er registrert med litt mindre av alt. Han fekk ei inntekt på 1.952.822 kroner, ei formue på 627.799 og betalte 606.716 kroner i skatt.

Ylvis-brørne er akkurat no mest kjende for tv-programmet I kveld med Ylvis på TV Norge, og om kort tid har dei premiere på showet Ylvis 4 på Edderkoppen Teater i Oslo.

Tidlegare har dei hatt mange andre show og TV-program. Dei har og prøvd seg som programleiar på radio med programmet O-fag på NRK .

– Betaler med glede

Dei elles så snakkesalige og rappkjefta bergensarane skal ikkje vera like villige til å snakka om økonomi og skatt. Men i eit tidlegare intervju med BT sa Ylvis-brørne at dei betaler skatten sin med glede.

Ylvis-brørne har fått god omtale i samband med skattelistene dei siste åra:

I kveld med Ylvis

YLVIS: Akkurat no er Ylvis-brørne aktuelle med eige program på TVNorge, saman med Calle Hellevang-Larsen.

Foto: TVNorge