Musikkvideoen til den verdsberømte låten er sett over 400 millionar gonger sidan han blei lasta opp på YouTube i september i fjor.
Prisen som har fått namnet #SelgNorge blei delt ut av administrerande direktør Kristin Krohn Devold under NHO Reiselivs årskonferanse i Bergen tysdag.
LES OGSÅ:
|– Ylvis har treft ein universell nerve med bruk av sjølvironi og absurd humor rundt eit uventa songtema. Suksessen til duoen på verdskanalen YouTube, og dei mange innslaga deira på andre populærkulturelle megascener, har skapt merksemd rundt Noreg på ein heilt ny måte, skriv juryen i grunngivinga si.
Brørne turnerar i sommar i heile Noreg med showet «The Expensive Jacket Tour», som starta 16. mai i Bergen. Her er turnélista:
- 21. juni: Tønsberg
- 11. juli: Tysnesfest
- 12. juli: Stavern
- 17. juli: Molde
- 19. juli: Nordfjordeid
- 1. aug: Bodø
- 22. aug: Periferifestivalen, Sund
- 23. aug: Drammen
- 27. aug: Stavanger