Ruth Marie Donovan og Frank Hult
Foto: Elise Angell / NRK

Då Frank møtte Ruth

Ingen kunne forvente at Ruth skulle hjelpe Frank. Likevel redda ho livet hans.

Det gjekk mot slutten av april i 2017. Ruth Marie Donovan stod på badet i villaen på Eikeneset i Bergen. Ho hadde sminka seg, og avslutta som vanleg med krona på verket: «Black Orchid» – signaturdufta hennar.

Ruth meiner parfymen ein brukar fortel mykje om eit menneske. «Black Orchid» luktar tungt av krydder, jasminblom og sjokolade. Dufta er sensuell. På grensa til maskulin.

Og det er nettopp det ho vil signalisere: Du køddar ikkje med Ruth Marie Donovan.

Denne dagen skulle ho køyre 140 kilometer frå Bergen til Haugesund. Målet: Å halde foredrag hjå Kirkens Bymisjon for rusavhengige og brukarar av det offentlege rusprogrammet LAR.

Deltakarane skulle få lære kva rettar dei har i møte med helsevesen, stat og kommune.

Der, i bilen på veg nedover, visste Ruth enno ikkje at eit usannsynleg venskap med ein av dei frammøtte skulle forandre livet til begge for alltid.

Det første møtet

Mellom 20 og 30 personar hadde møtt opp i det vesle lokalet i Haugesund. Ruth la tidleg merke til ein høgreist mann med grått hår og gullring i det venstre øyret.

Han hadde kledd seg opp, med jeans og piquéskjorte, men eit røft liv hadde sett sitt preg på den snart 60 år gamle kroppen. Han vekte noko i henne.

– Han sat der som ein skugge. Det var synleg på lang avstand at han hadde det vondt. Eg fekk lyst til å hjelpe han.

Ruth visste ingenting om denne mannen. Ho ante ikkje at han i årevis har kjempa ein kamp mot eit system som han meiner ikkje fungerer. Ho visste ikkje at han også var ein mann som mange var redde for.

Mannen Ruth møtte denne dagen er Frank Hult.

Eg har levd eit langt liv i rus og sete i fengsel for drap. Men eg har aldri kjend meg så fanga som etter at eg byrja med metadon.

Frank Hult, juli 2018.

Frank er ein av nærare 8000 personar i Noreg som er under legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Han er ein av dei som med hjelp frå staten forsøker å bli rusfri. I staden for heroin får han tildelt sterke smertestillande medisinar som ikkje gjev rus.

Metadon finst både i tablettform og som saft. Frank kan ikkje leve utan, men synest heller ikkje at livet med metadon er verd å leve.

Sjølv om ho la merke til Frank, vil nok dei færraste snu seg om dei passerer han på gata.

Frank Hult hadde sett fram til denne dagen lenge. Kanskje var det nokon i lokalet som kunne hjelpe han.

Livet i ein berepose

Frank hadde stappa det han kunne finne av relevante dokument ned i ein plastpose og tatt det med seg på bussen dei tre kvartera frå Veavågen på Karmøy til Haugesund. Han hadde lagt papirbunken på bordet framfor seg.

Bunken vitna om ein årelang kamp mot systemet. Brev frå helsevesen, kommune og fylkesmann.

I pausen spreidde lukta av nysteikte vaflar seg i lokalet. Dei frammøtte var nøgde med opplegget, og praten sat laust.

Ruth bestemte seg for å snakke med den høge mannen med gullringen i øyret. Ho fekk vondt langt inn i sjela då ho såg han, der han stod med livet sitt raska saman i ein berepose.

Vaflane freista ikkje lenger.

– Han drukna nesten i si eiga historie. Han kom til meg, ein vilt framand, og viste meg journalen sin. Han var heilt desperat.

Frank meinte nemleg at medisinen han fekk, tok livet av han. Han ønskte å byte, men følte at ingen ville hjelpe han. Ingen ville lytte.

Ruth såg at det hasta. Frank kjempa for livet.

Drapsdommen

Frank Hult hadde vakse opp som ein del av eit belasta miljø. Ein desemberdag i 1976 skulle eit ungdomsliv på skråplanet for alvor bikke over.

Det var dagen då han skulle feire sin eigen 18-årsdag. Markere at han frå no av var vaksen. På veg heim hamna han i slåstkamp. Det gjekk hardt føre seg, og mannen han slåst mot mista livet.

Frank vart dømd til fengsel i sju år for drap. Etter fire år var han ute, men soninga vart han aldri ferdig med. Sidan har Frank tenkt på episoden kvar einaste dag.

Fengselsdommen vart starten på eit liv i ein nedgåande spiral. Frank vende tilbake til miljøet han hadde vanka i – og til eit liv i heroinrus.

Ruth Marie Donovan og Frank Hult

Ruth Marie Donovan og Frank Hult møttest i Haugesund i 2017. – Eg kunne ikkje gløyme han, fortel Ruth.

Foto: Privat

Samstundes fekk Frank smake på familieidyllen. Han trefte ei kvinne som han gifta seg med. Saman fekk dei tre born. Saman rusa foreldra seg i nærare ti år.

Ikkje overraskande: rus og familieliv vart ingen god kombinasjon.

Familien gjekk i oppløysing. Den yngste sonen vart teken hand om av barnevernet. Kona gjekk frå han.

I ruinane etter ekteskapet stod Frank tilbake med hjarteproblem og aukande smerter som rusen ikkje kunne overvinne.

I mars 2002 tok han avgjerda. Nok var nok. Han hadde høyrt at metadonbehandling kunne hjelpe slike som han.

– Eg merka forskjell etter berre ei veke på medisinen. Eg kjende meg friskare enn på mange år, fortel han.

Men medisinen som skulle gjere han rusfri, skulle komme til å skape nye problem for Frank Hult. Han vart ein del av eit system det var vanskeleg å kome seg ut av. Dei færraste som prøver å slutte med LAR-medisinar lukkast.

Skuffelsen

Livet som LAR-pasient vart ikkje som Frank hadde tenkt. Åra med rus hadde gjort skader på kroppen hans.

Draumen om å bli rusfri og få eit normalt liv, forsvann i takt med dei aukande helseplagene.

– Medisinen som skulle hjelpe meg, gjorde meg sjukare.

Det finst fleire måtar å få LAR-behandling på. Frank fekk metadon i saftform. Små, brune flasker med syntetisk framstilt væske.

Frank vart kvalm av safta. Han synest den svei og gjorde det vanskeleg å få i seg mat.

Han var overtydd om at éin ting ville gjere livet enklare: å byte frå metadonsaft til tablettar.

Fleire legar som hadde undersøkt han tilrådde ei slik løysing.

Og han kunne få tablettar på eitt vilkår: Han måtte hente dei kvar dag og ta tablettane under tilsyn.

Hjelpeapparatet stolte ikkje på at Frank ville ta tablettar som avtalt, og frykta at han kunne selje dei vidare til andre. Flaskene er vanskelegare å selje vidare eller å injisere.

– Eg hadde brukt metadon i mange år, og aldri seld noko av det til andre. Men dei trudde ikkje på meg. Eg er jo tidlegare narkoman og straffedømd, fortel Frank.

For mange kan henteordninga høyrest ut som ein detalj, og noko han burde godta. Men for Frank, som må ta buss for å kome seg rundt, ville det ha stor innverknad på livet.

– Det vart ei prinsippsak. Eg makta ikkje å bruke mange timar kvar einaste dag på å reise og vente på bussen. Kvifor skulle eg, som verkeleg hadde forsøkt å få skikk på livet mitt, bli mistrudd på denne måten?

NRK har vore i kontakt med Helse Fonna, som ikkje ønsker å kommentere enkeltsaker. Sjå svaret nederst i artikkelen.

Lyset i den dystre stova

Frank bur i ei leilegheit i Veavågen på Karmøy. Den brune skinnsofaen i stova har fått eit stor søkk der han brukar å sitte.

Ein dag i mai 2012, sette han seg på den vanlege plassen sin og logga seg på datamaskina. Han oppretta ein Facebook-konto.

I ulike grupper søkte han hjelp. På profilen sin fortalde han delar av historia si.

Frank Hult

Gjennom Facebook har Frank fått ut frustrasjon.

Foto: Thomas Halleland / NRK

At han var sliten av reisinga for å hente medisin. At han var einsam og deprimert.

Der, bak det svake lyset frå dataskjermen, fekk han raskt respons. Andre LAR-brukarar fortalde om sine erfaringar med det rigide systemet. Dei fleste var frustrerte og mangla kunnskap og ressursar til å ta tak i problema.

Felles for alle var at dei stanga hovudet i ein vegg av byråkrati ingen hadde evner til å kome seg over. Men Frank opplevde ei stor lette. Han var i det minste ikkje åleine.

Ei hjelpande hand

Ruth Donovan kjenner rusfeltet godt. Berre sju år gammal mista Ruth far sin i ein overdose. Då ho vart vaksen døydde bror hennar, berre 35 år gammal. Også han av rusen.

– Vi var bestevenner. Det var ei stor sorg å miste han. Men dødsfall der rus er årsaka er ikkje noko ein snakkar om, og folk hadde ikkje så mykje sympati. Det var nesten slik at det hadde vore betre om han døydde av kreft.

Også systera har vore rusavhengig. Men no er ho LAR-brukar, og klarar seg godt. Ruth veit difor at det nyttar. Men ho veit også at mange synest LAR-systemet kan vere frustrerande.

Ruth Marie Donovan

Ruth Marie Donovan er ei sprudlande kvinne. Ho er bestemt og veit kva ho vil. Bak fasaden skjuler det seg mange vonde minner.

Foto: Elise Angell / NRK

Ruth har dedikert livet til å hjelpe. Ho er initiativtakar og leiar for RØST-konferansen, eit årleg arrangement for LAR-brukarar og rusavhengige.

Etter å ha høyrt solskinshistorier og positive erfaringar frå scena under konferansen, ville Ruth prøve noko nytt under konferansen i 2017.

– Eg frykta vi skulle bli ein slags forherligande meinigheit. Eg ville difor vise at mange har det vanskeleg og er misnøgde.

Tankane gjekk raskt til Frank Hult. Den høge, frustrerte mannen ho møtte i Haugesund nokre månader tidlegare. Frank hadde brent seg fast i minnet hennar.

Ho spurte om han kunne tenke seg å fortelje historia si frå scena. Og Frank sa ja.

«Mitt namn er Frank»

Under 2017-utgåva av RØST stod Frank Hult på scena.

Salen på Radisson-hotellet på Bryggen i Bergen var heilt full. Her sat det rusavhengige, LAR-brukarar, helsepersonell og politikarar.

Ruth Marie Donovan og Frank Hult

30. august 2017 gjekk Frank opp på scena og fortalde si historie. Det var Ruth som motiverte han og gav han håp.

Foto: Privat

Ruth Marie Donovan var nøgd. Om det var nokon som kunne illustrere misnøya med systemet, var det Frank.

For han var det ein kamp å kome seg opp på scena. Fleire gongar vurderte han å trekke seg. Han var nervøs og visste ikkje om han ville klare å få fram bodskapen sin.

Samstundes tenkte han at dette kanskje kunne endre noko. I salen sat personar med makt. No var det dei som skulle høyre på han. Ville dei lytte?

For 350 personar heldt han foredraget «Mitt namn er Frank». Han fortalde om livet som var så håplaust. Om smertene og om motstanden han møtte.

– Eg er like redd for å døy som eg er lei av å leve. Alt eg ynskjer er å bli sett, bli høyrt og oppleve verdigheit. Alt eg ber om er ein verdig kvardag. Er det for mykje å be om, spurde han frå scena.

Frank Hult taler under RØST-konferansen

– Dette er mitt fengsel, dette er mitt liv, fortalde Frank til salen.

Foto: Privat

For første gong opplevde han at nokon lytta. Historia gjorde inntrykk. Fleire i salen gråt. Han fekk lukkeønskingar og klapp på skuldra. Ros for å setje ord på det som var så vanskeleg.

Ruth hadde tent eit nytt håp i Frank Hult.

Den store avgjerda

Eitt år etter RØST-konferansen ligg heile Karmøy bada i sol. Ruth Marie Donovan hadde køyrt dei 3,5 timane frå Bergen til Veavågen. For første gong skulle ho besøke Frank Hult.

Heilt sidan konferansen året før, hadde ho kjend på ansvar og dårleg samvit. Det var ho som hadde gjeve Frank håp. Men ho hadde ikkje gjort noko meir.

– Alle som er vitne til at nokon har det vondt, er også ansvarlege viss dei ikkje gjer noko med det, meiner Ruth.

Då ho tok kontakt med Frank i etterkant av konferansen, vart ho uroa. Det gjekk verre og verre med mannen ho hadde invitert opp på scena.

Frank Hult gjekk sjeldan ut, og fekk endå sjeldnare besøk. Han vart stadig meir isolert.

Inne i leilegheita var det mørkt og klamt. Gardinene var trekte for. I den brune skinnsofaen i stova, sat Frank på plassen sin. Søkket i sofaen var djupare enn nokon gong. Overfylte oskebeger fekk så vidt plass blant medisinar og tomflasker på salongbordet. Møblane var nedleste med støv.

Det var først denne dagen Ruth fekk sjå kor ille det stod til heime hos Frank.

– Det var som å puste inn døden.

Mellom alt rotet på bordet stod ei saftmugge og ein pakke kjeks. Det var alt han klarte å få i seg. Den siste tida hadde det gått månader mellom kvar gong han dusja. Ikkje fordi han ikkje ville. Han makta berre ikkje.

Leilegheita Ruth såg vitna om maktesløysa Frank hadde fortald om. Det var tredje gongen dei to møttest. Der og då frykta ho at det kunne bli den siste.

No bestemte Ruth Marie Donovan seg. Ho måtte gjere noko. Det hasta, og det var berre ho som kunne hjelpe.

Valet som endra alt

Dei to sette seg ned saman og hadde lange diskusjonar. Etter kvart vart dei samde om ein plan. For Ruth var det eit stort ansvar, men ho visste det ville hjelpe.

Ho ville bli Frank Hult sin næraste pårørande.

Ruth kjenner system og strukturar. Ho veit kva som skal til og kven ho bør kontakte. Med Frank sitt samtykke hadde ho lovfesta rett til innsyn i dokument som omhandla han, og også rett til å vere med på møte med helsevesenet dersom Frank ønskte det.

Det gjorde han.

Ruth tok kontakt med både kommunen og LAR på Karmøy. Ho fekk innsyn i journalen hans og dermed også oversikt over kor dei burde starte. Ho hjelpte han med søknadsskjema og deltok på møter saman med han.

Men samstundes som ho forsøkte å hjelpe, var Ruth provosert.

– Eit slikt liv som han har hatt dei siste åra ville aldri ha vore godt nok for meg. Då er det heller ikkje godt nok for Frank – ikkje for nokon.

Dei siste sju åra har Frank budd i den kommunale leilegheita i Veavågen. Nesten like lenge har han ikkje greidd å vare på dei to etasjane han disponerer. Fleire gonger har han bede om å få flytte til ein mindre bustad.

Ruth kravde at Frank fekk hjelp til ein skikkeleg husvask. Og kommunen sa ja.

Deretter sette Ruth seg ned med papira hans. Dei ville forsøke å gjere noko med helseplagene.

Kjelda til spiserøyrsbrokk, hjarteproblem, sure oppstøyt og eit miserabelt liv var ifølge Frank metadonsafta. Eller som han sjølv kalla det: «gifta».

Ein ny start

Det er ti dagar til julaftan 2018. Heimen til Frank Hult i Veavågen er pynta. Nissar i alle storleikar og fasongar har fått plass i den vesle stova. Syklane, som før stod lente mot spisestovebordet, er borte. På ytterdøra heng ein krans.

Det er tydeleg at her bur det ein som gler seg til høgtida som kjem. Ein som har noko å sjå fram til, og som ikkje fryktar morgondagen.

Akkurat denne fredagen er heilt spesiell. Frank fyller 60 år.

For ein norsk gjennomsnittsmann betyr det at ein har i overkant av 24 år att å leve. For slike som Frank er realiteten ein annan. I 2017 døydde 122 LAR-pasientar. Gjennomsnittsalderen deira var 50 år.

Frank veit at han må utnytte den tida han har att.

Han er som vanleg tidleg oppe. Det er trass alt fredag, og han skal hente medisinar.

Etter at Ruth vart hans pårørande, tok det berre nokre månader før han fekk slutte på metadonsafta og gå over til tablettar.

– Ruth stod på sitt. Ho var med meg på møte, og vart teken på alvor. Ho truga med å melde saka mi vidare til Fylkeslegen.

Denne dagen ventar han besøk. Han gler seg stort, og har pynta litt ekstra. Saman skal dei feire sjølve livet.

Dei store endringane

Dei siste månadene har vore fulle av oppturar for Frank. Kommunen ordna med vask av leilegheita. Han har fått tilbake matlysta, og er meir utandørs. I haust fekk han ein operasjon han har venta lenge på, og metadontablettane har gjort kvardagen lysare.

Alt takka vere ho som snart skal ringe på døra.

Frank Hult

BETRING: Frank kjenner seg betre etter kort tid på den nye medisinen. – Det er Ruth som har hjelpt meg opp igjen.

Foto: Elise Angell / NRK

– Ho har vore eineståande. Eg veit ikkje om eg hadde vore i live viss det ikkje var for henne. Allereie første gongen vi møttest kunne eg sjå at ho var eit godt menneske. Ho forstod korleis eg hadde det, seier Frank.

Ein varm klem er det første som ventar Ruth Marie Donovan. Ho er her for andre gong, men har alt endra heile livet hans.

Medan den etter kvart så velkjende dufta av «Black Orchid» fyller den vesle stova, opnar Frank opp bursdagsgåva han har fått.

Det er ein grøn genser i ull. Ruth veit at Frank likar å sjå presentabel ut.

– Eg kjenner han ikkje att. Han har fått livsgneisten tilbake. Han har fått tru på at han skal vere her i morgon også.

Likevel sit ho att med mange spørsmål.

– Det er jo berre småting vi har endra på. Han har forsøkt å seie ifrå heile vegen, men ingen har lytta. Kvifor måtte han lide i mange år når endringane kunne gjerast på berre nokre månader? Kvifor måtte eg blande meg inn?

Ho fryktar det finst mange andre som Frank.

– Ein skal ha mykje innsikt i kommunestrukturar og hjelpesystem for å finne ut korleis ein skal søke hjelp. Det er trist at det skal vere slik.

Det er berre andre gong Ruth er på besøk heime hjå Frank, men ho har alt endra livet hans.

Dei som ser at nokon har det vondt og ikkje gjer noko med det, er ansvarlege.

Ruth Marie Donovan

Framtidshåpet

I stova til Frank legg dei to nye planar. Etter all framgangen treng Frank nye mål. Kanskje ein ferie eller ein jobb.

– Han kan bidra til samfunnet med sine erfaringar. Vi er i alle fall samde om at 2019 skal bli eit godt år. Og tida etter det også. Frank må berre våge å drøyme, seier Ruth.

Ho er overtydd om at dei to vil halde saman også i framtida.

– Vi skal passe på kvarandre livet ut. Det handlar om å kunne gjere det beste ein kan med dei korta ein har på handa. Det har vi rett til, alle saman.

Frank Hult og Ruth Marie Donovan
Foto: Elise Angell / NRK