Bil som kjører mot ras i regn
Illustrasjon: Morten Skramstad / NRK

Det farlege regnet

Det var ein strålande julidag. Så kom styrtregnet og laga eit rasinferno i Jølster.

30. juli 2019 startar som ein slik sommardag du drøymer om. Sol frå blå himmel, tropehete.

Anita Polyakova og sonen Casper Roksvåg har køyrt dei 12 mila frå Stryn til Førde for å ha bilen på verkstad. Dei har kledd seg i shorts, t-skjorte og singlet. Sjølv på Vestlandet er det for varmt for noko anna.

Anita og Casper må vere i Førde nokre timar mens dei ventar på at bilen skal bli klar.

Dei trakkar litt i gatene, går innom eit kjøpesenter. Då dei kjem ut derfrå, har himmelen over dei mørkna. Det skrallar i tore, det kjennest som om lyna er rett over hovuda på dei.

Bilen er ein trygg stad å vere då, tenkjer Anita.

Så køyrer dei.

Dei veit ikkje at dei om kort tid skal hamne midt i eit livsfarleg kaos av styrtregn og ras.

En hvit bil kjører inn mot Vassenden

Anita og Casper følgjer E39 nordover. Plutseleg køyrer dei inn i ein vegg av regn. 

Kl. 16.26 går det første raset i Jølster.

Vegen framfor dei er vaska vekk.

Anita og Casper må snu.

Kl. 16.37 feiar raset over E39 – igjen.

Anita set bilen i revers og ryggar.

Anita prøver å snu bilen, ho køyrer fram, tilbake. Bilane rundt henne gjer det same. Så skjønner ho at dei ikkje kjem nokon veg.

Strekninga mellom dei to rasa er kring tre kilometer lang, og det er ingen andre vegar vekk derfrå. Over dei er den bratta fjellsida. Jølstravatnet ligg tett opp til vegen.

Casper kjenner at hjartet bankar.

No kjem det eit ras nummer tre, og det er ingen veg å fare, tenkjer Anita.

Anita Polyakova og Casper Roksvåg

Anita Polyakova og Casper Roksvåg.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Hyppigare ekstremnedbør

Styrtregnet som hamrar ned over Anita og Casper denne varme julidagen, treffer ikkje heile Jølster. Det treffer hardt, intensivt, men også veldig lokalt. Derfor fell det knappast ein drope over nordenden av Jølstravatnet, mens regnet bankar ned over sørenden 2,4 mil unna.

Slike kraftige, kortvarige byer har det vorte stadig fleire av dei siste tiåra.

Byene varer ikkje lenge. Kanskje ikkje meir enn éin time, og somme gonger heilt ned i ti minutt.

På dei aller fleste vêrmålestasjonane ser ein det same: Episodane med styrtregn skjer hyppigare.

Dei som har vore i Syden, vil kjenne att det kraftige ausregnet som kan kome på varme, trykkande dagar. Det er varmen i lufta som bestemmer kor store mengder vatn lufta kan halde på før det blir danna skyer.

Dess meir vatn, dess kraftigare byer.

Styrtregn i heile landet

I Noreg har dette sommarfenomenet i stor grad funne stad på Austlandet. Slik er det ikkje lenger.

Også resten av landet må bu seg på meir styrtregn framover. Held den globale oppvarminga fram, vil episodane med ekstremnedbør bli fleire.

Ein usikkerheitsfaktor finst likevel; klimaendringane gjer også at vêret endrar seg. Derfor veit ikkje forskarane nøyaktig kor mange fleire hendingar som vil kome og kor mykje kraftigare dei vil vere.

Men så å seie alle klimamodellar viser at vi vil få styrtregn oftare, og at byene blir kraftigare.

Samtidig blir det rapport inn fleire skader etter skred i sommarmånadane.

Når skreda råkar hus og heim, blir skadar vi melder inn til forsikringsselskapa, registrert hos Norsk Naturskadepool. Frå 1980 og til i dag peiker skredstatistikken deira éin veg.

Oppover.

Ras på E39 ved Vassenden

Raset som gjekk over E39 ved Vassenden i sørenden av Jølstravatnet.

Foto: Silje Drevdal / Statens Vegvesen

Fleire ras

Anita Polyakova og Casper Roksvåg sit fanga mellom dei to rasa.

Kring 15 bilar er rasfaste. Mange er turistar som har vore på veg gjennom eit sommarleg landskap med frodige, grøne bakkar og kneisande fjellsider idet regnet og rasa overraska dei.

Og så er det Anita og Casper. På veg heim etter ein tur på bilverkstaden.

Det høljar framleis ned. Anita og Casper held seg for det meste i bilen, men vågar seg ut nokre gonger for å finne dekning på mobilen.

Det er ikkje berre enkelt. Mobildekninga er dårleg. I tynne sommarklede går dei rundt i regnet og strekker armen høgt i vêret, slik ein gjer når ein prøver å få strekane på mobilen til å bli fleire.

Dei lukkast med å få ringt heim til familien.

Når sambuaren til Anita tar telefonen, forstår han først ingenting av det ho fortel om rasa og kvar dei er. Er ho i sjokk?

I media har meldingane begynt å gå ut. Men midt i uvêret får ikkje Anita og Casper vite om alt som no skjer rundt dei.

Den neste timen går rasa tett mellom Vassenden og Førde.

Det går fleire store ras i grenda Slåtten.

To familiar må flykte.

Kl. 16.58 fløymer jordmassar over vegen ved Grimsbø.

Eit jordras går over E39 i Movika

Raset er berre få meter frå å treffe eit bustadhus.

Så rasar det igjen på Slåtten.

Kl. 18 går det eit ras ved Jølster skisenter

Dei mange rasa isolerer innbyggjarane i bygda Vassenden i sørenden av Jølstravatnet.

Ein politipatrulje kjem til bygda før alle vegane inn blir stengde. To politibetjentar må handtere ein uoversiktleg situasjon og eit rasområde som strekker seg over nesten tre mil.

Fleire tusen husstandar mister straumen i uvêret.

Rundt Vassenden bryt mobil- og nettdekninga saman. Evakuerte og isolerte når ikkje ut til omverda og får ikkje meldt frå om korleis dei har det.

Vêret er så dårleg at det ikkje går å setje inn redningshelikopter.

Det pip i vakttelefonane til dei frivillige brannmannskapa.

Bygdefolket forstår at mange treng hjelp og skundar seg ned til vatnet for å få ut båtane sine. Sivilforsvaret blir kalla ut. Frivillige frå Røde Kors melder seg.

Dei står ikkje mange sekunda under himmelslusene før dei er våte til skinnet. Det stoggar dei ikkje frå å banke på dører, frakte folk i tryggleik, få oversikt om nokon er sakna.

Kring 150 personar må evakuerast frå hus og bilar denne juliettermiddagen. Det går meir enn 80 ras ulike stader i Jølster. På fire ulike plassar sit folk rasfaste i køyretøya sine.

Vegane på begge sidene av Jølstravatnet er stengde. Folk får ikkje tak i kvarandre. Og ingen veit om det vil rase igjen.

Også i nabokommunane Gloppen og Førde rammar styrtregnet lokalt og løyser ut ras.

Kommunane Jølster, Førde og Gloppen set krisestab.

Som bobler i ein vasskjele

Kvifor trefte nedbøren akkurat desse stadene? Og kvifor visste ingen at det var dette som kom?

Styrtregn er krevjande å varsle. Meteorologane kan varsle at nedbøren vil kome innanfor eit større område, men akkurat kvar og kor intenst det vil bli er vanskeleg å seie.

Det er litt som når du kokar vatn i kjele, du veit ikkje kor den første bobla poppar opp. Byene oppstår raskt, og meteorologane ser dei ikkje før dei dukkar opp på radaren.

Denne våren erstatta Meteorologisk institutt varselet om kraftige regnbyer med eit farevarsel for styrtregn. Samtidig jobbar dei med metodar for å bli enda betre til å varsle styrtregn.

Varslinga er viktig, for ekstremnedbøren kan gjere store skadar.

I 2017 blei Utvik i Stryn kommune og Breim i Gloppen kommune råka. Hus og eigedomar fekk skadar for millionbeløp.

Blakset i Stryn og Lote i Stad kommune blei råka av ekstremnedbør i 2011. Fleire bygningar, bruer og vegar blei øydelagde.

Alt dette hende den siste veka i juli. Tidspunktet er ikkje uvanleg.

For at dei kraftige, intense sommarbyane skal oppstå, må det vere både fukt og varme tilgjengeleg.

Flaum i Utvik

Styrtregn førte til store øydeleggingar i Utvik i Stryn kommune 24. juli 2017.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dei frivillige

30. juli 2019 er ein slik dag. På sørsida av Jølstravatnet har Atle Hamar og kona Anne-Cecilie Kapstad sett korleis vêret har endra seg.

Dei er redde lynet skal slå ned, og dreg ut alle kontaktar. Anne-Cecilie går ut på verandaen for å fotografere lyna som lyser opp himmelen.

Lynet slår ned før styrtregnet i Jølster

Anne-Cecilie Kapstad fotograferte uvêret frå verandaen på sørsida av Jølstravatnet.

Foto: Anne-Cecilie Kapstad / PRIVAT

Frå huset kan dei sjå rett over på E39. Dei har sett det første raset. Dei har sett det andre raset. Og dei ser korleis trafikken har hopa seg opp mellom dei to.

I ein av bilane sit Anita og Casper.

– Eg trur du må få ut båten, seier Anne-Cecilie til mannen Atle.

Tidlegare på dagen låg Jølstravatnet stille og blankt. No virvlar korn av grus og stein seg inn i vatnet, så det blir brunt og grumsete. Greiner, tre, røter og gjerderestar som har blitt rivne laus av jordmassane, duvar i overflata.

Atle og dei andre jølstringane som har lagt ut i båtane sine er kjende på vatnet. Likevel må dei manøvrere sakte og med tolmod for ikkje å få greiner og kvistar i propellen.

Casper og Anita får kvar sine vestar. Casper set seg lågt nede i båten slik Atle seier han må gjere.

Så blir dei frakta ut på vatnet, vekk frå rasstaden.

Når Casper snur seg mot land, blir han forskrekka over å sjå kor stort raset er.

«Var vi nesten i det der?» tenker han.

Dei veit ikkje då at det ikkje er over.

At i bygda som no stiller opp for å hjelpe, skal ein tilfeldig familie bli dei som mister ein av sine.

Ras ved Vassenden i Jølster

Det store jordraset ved Vassenden gjekk gjennom bustadfeltet Årsetbakkane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det siste raset

I mange heimar sit folk urolege, dei får ikkje tak i familiemedlemmer som er i Jølster. Mange prøver å ringe politiet.

Fastbuande, turistar, folk på gjennomreise blir frakta til samfunnshuset Gjesthalla på Vassenden, som no er gjort om til evakueringssenter.

Lokalbefolkninga kokar kaffi på primus, hentar madrassar, lagar mat. Dei lokale butikkane opnar dørene, så dei frivillige får henta ut varer.

Jølstringane stiller opp når det gjeld som mest.

Gjesthalla var evakueringssenter under naturkatastrofen i Jølster.

Frivillige stilte opp for å hjelpe dei evakuerte på samfunnshuset Gjesthalla på Vassenden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Også Anita og Casper blir køyrde til Gjesthalla.

Det er tidleg kveld, og det regnar framleis, om ikkje med den same styrken som i dei første ettermiddagstimane. Det kjennest som om faren er over.

Fleire av dei evakuerte som ikkje er heimehøyrande i kommunen, ønsker å reise heim. To bussar står faste på Vassenden, fordi E39 er stengt i begge retningar. Dei tek no på evakuerte frå Gjesthalla.

Den einaste vegen ut er den smale og svingete fylkesvegen på sørsida av Jølstravatnet. Vegen har vore stengt i fleire timar, men det har ikkje rasa her. I samråd med Statens vegvesen og NVE avgjer politiet å opne strekninga.

Også Anita og Casper vil heim. Dei er klare for å gå om bord på bussen, då politiet spør om nokon har bilar ståande på E39.

Anita rekker handa i vêret.

Ho må bli igjen, mens Casper går om bord.

Vurderingane frå politiet og andre fortel Anita at det er trygt å sende sonen med bussen langs vegen på sørsida.

Men det skal rase ein siste gong i Jølster denne julidagen.

Bussen med Casper om bord legg i veg.

dfr - test

Folk på den andre sida av vatnet høyrer ei kraftig buldring.

Kl. 20.45 melder politiet at det har gått eit nytt ras. Ein bil er observert.

Bussen Casper sit i er berre ein dryg kilometer unna.

dfr - test

Bussen snur og køyrer tilbake.

Dei same båtane som har frakta Anita, Casper og andre i tryggleik, blir no sett inn i søket etter bilen.

Raset på sørsida har starta høgt oppe i fjellsida. Nede ved vatnet er det nesten 80 meter breitt.

Rasmassane i vatnet gjer det vanskeleg for mannskapa å kome inn til land. Brannmannskap kjem i bilar og søker ei stund, men faren for nye ras gjer at dei etter kvart blir trekt tilbake. Eit redningshelikopter blir sett inn i søket. Etter ei stund må det returnere fordi vêret er for dårleg.

I det lengste håpar alle at bilen har køyrt forbi raset og at sjåføren er trygg.

I samfunnshuset har Anita budd seg på å overnatte aleine, og forstår lite når sonen etter kort tid kjem tilbake. Casper synest det er godt å kome inn att i varmen.

Mens Anita søv dårleg på golvet der dei har fått plass, er han utmatta og sovnar.

Anita Polyakova og Casper Rognsvåg

Anita Polyakova og sonen Casper Roksvåg på samfunnshuset Gjesthalla på Vassenden.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Utan mobil- og nettdekning skal det gå dagar før Anita forstår at bussen sonen sat i, berre var få minutts køyretur frå det siste raset.

Heime igjen

Dagen etter stadfestar politiet at ein bil blei teken i raset på sørsida av Jølstravatnet. Ein mann frå Jølster er sakna. Han kjem aldri heim.

Når dagslyset kjem, trer dei synlege skadane etter styrtregnet fram. Jordmassar, stein, tre og røter ligg i haugar i bustadfelt, over bøar og vegar. Hevar jølstringane blikket, ser dei skredløpa ligge som lange arr nedover fjellsidene.

Når Anita og Casper ser båten som skal frakte dei over Jølstravatnet og vidare til bilskyss, er dei letta. Eit døgn etter at dei køyrde heimanfrå, går dei inn dørene i huset i Stryn.

Casper var redd for å setje seg i bilen den første tida, og Anita brukte litt tid før ho køyrde aleine igjen. Begge sette seg likevel i bilen.

No tenkjer dei ikkje så mykje på rasdagen lenger.

Men somme gonger, når det regnar og vêret er dårleg, kan tanken streife Anita.

Ho håpar det ikkje kjem til å rase.

Ingar Sægrov frå Jølster miste livet då bilen han køyrde blei tatt av det siste raset i Jølster den dagen. I etterkant fekk politiet kritikk for å ha opna fylkesvegen, og dei har beklaga avgjerda.

Ras Jølster.

Ingar Sægrov frå Jølster miste livet i raset som gjekk på sørsida av Jølstravatnet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Opplysningane om styrtregn er basert på intervju med professor i meteorologi ved Universitet i Bergen og ved Bjerknessenteret for klimaforsking, Asgeir Sorteberg og forskar ved Meteorologisk institutt og leiar for Norsk klimaservicesenter, Anita Verpe Dyrrdal.

Artikkelen er oppdatert 27.07 kl. 13.00 med at statistikken til Norsk Naturskadepool syner at det er rapportert inn fleire skader etter skred i sommarmånadene, ikkje skred.