Bjarte Eikeset sit i penstove
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Siste Høgre-fjording ved Kongens bord

FØRDE (NRK): Bjarte Eikeset (79) er den einaste attlevande frå Sogn og Fjordane Høgre som har sete i regjering.

Ein høgreist og sprek mann tek i mot oss i heimen sin i Førde. At han rundar 80 år om ein knapp månad er det ingen synlege spor på. Allereie i entreen peikar han ut ei mogleg forklaring.

– Dette biletet er av bygda foreldra mine kom frå. Garden Eikeset på Bremangerlandet. Om sommaren sykla eg dit frå Førde.

Det er ei reise på nesten 130 kilometer i dag. På 40-talet betydde det at han måtte sykle over Utvikfjellet til Stryn og ut langs heile Nordfjorden. Ei reise som tok to dagar.

Bjarte Eikeset har aldri vore redd for å ta på seg store oppgåver. Han utfordra tidlegare statsminister Kåre Willoch i Høgre sitt sentralstyre, og fekk skryt for det av den same mannen ved pissoaret. Meir om det seinare.

Bjarte Eikeset peikar på måleri av Bremangerlandet

DER: Bjarte Eikeset peikar ut kvar sitjande Førde-ordførar og partifelle Olve Grotle kjem frå, på måleriet over Bremangerlandet. Det er nabogrenda til garden der hans eigne foreldre vaks opp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dommar-debut

For nokre er han kjend som politikaren. For fleire som juristen, høgsterettsadvokaten, dommaren og sorenskrivaren.

Han hadde tidleg bestemt seg for følgje i faren sine fotspor og velje jussen. Under jusstudiane var han også med i TV-programmet «Retten er satt» i 1963. Her fekk jusstudentar dramatisere prinsipielle rettssaker. Resultatet vart sendt på sjølvaste NRK Fjernsynet. Eikeset fekk «hovudrolla» som dommar i ei sak om militærnekt.

– Eg hugsar det godt. Eg var slett ingen skodespelar. Men det var moro å vere med på. Og eg meiner framleis at dommen var heilt i tråd med rådande rettspraksis. Sjølv om Morgenbladet kommenterte at dei var usamde.

– Foreldra mine måtte reise til Florø for å sjå programmet. Fjernsynssignala var ikkje godt nok utbygde i Førde då.

Bjarte Eikeset spelte, som jusstudent, dommar i ein episode av NRK-programmet «Retten er satt» i 1963. Seinare skulle han vere dommar og sorenskrivar i ei årrekkje ved Sunnfjord tingrett.

DEBUTERTE SOM DOMMAR: Bjarte Eikeset spelte, som jusstudent, dommar i ein episode av NRK-programmet «Retten er satt» i 1963. Seinare skulle han vere dommar og sorenskrivar i ei årrekkje ved Sunnfjord tingrett.

I 1964 tok han juridisk embetseksamen i Oslo. Til hausten var han allereie i jobb som vitskapleg assistent ved det nyleg oppretta Nordisk institutt for sjørett.

Han vart freista med jobb i eit advokatselskap som ville betydd å flytte til Kobe i Japan. Då var han nyleg blitt far, og prioriterte familien. I staden vart han universitetslektor i rettsvitskap ved institutt for privatrett. I det han skulle til å starte på si doktoravhandling måtte han ta eit nytt vegval.

Heime i Førde hadde faren Sigurd drive det største advokatfirmaet i fylket sidan 1930-talet. Så fekk han brått hjarteinfarkt og seinare gulsott. Jurist-sonen kjente på ansvaret for å kome heim.

– Far min hadde ein dyktig advokatfullmektig. Men eg kjente på meg at han ville eg skulle kome heim og ta over advokatforretninga.

– Korleis kjente du på det?

– Det visste eg.

Han kom heim og etablerte seg. Borna Bård og Birgitte vart førdianarar. Kona Berit vart med i kunstlaget. Medan Bjarte gjekk inn i lokalpolitikken med liv og lyst. Dei slo røter i den veksande Sunnfjord-bygda.

Kåre Willoch og Mona Røkke under valgnatten 1981

HISTORISKE HØGRE: Under stortingsvalnatta i 1981 vart Høgre kåra til dei store vinnarane med 31,7 prosent. Statsministerkandidat Kåre Willoch og Mona Røkke, som skulle bli hans justisminister, jublar over kunngjeringa i avisa.

Foto: Scanpix

Historisk val i 1981

Hovudstaden, rikspolitikken og dei juridiske miljøa lokka nok. Men Bjarte var komen heim. Det skulle ein heilt spesiell telefonsamtale til, for at han nokon gong skulle kome tilbake.

1981 vart eit spennande år for dei politisk interesserte.

Gro Harlem Brundtland (Ap) hadde begynt i si første regjering i februar. Til hausten var det stortingsval. Då var det 10 år sidan sist Høgre hadde sete i regjering. Statsminister hadde dei berre hatt, så vidt, i form av John Lyng i 1963.

Notat med bilete av Kåre Willoch

NOTAT: I forkant av intervjuet har Bjarte Eikeset skrive ut stikkord om gamle-sjefen sin, Kåre Willoch.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Og sist gong nokon frå Sogn og Fjordane Høgre hadde sete i regjering var i 1928. Ingolf Elster Christensen var jurist, offiser og embetsmann frå Førde. Han sat som justisminister og seinare forsvarsminister i regjeringa til Ivar Lykke (H) frå 1926 til 1928.

Så kom valhausten.

Høgre gjorde eit formidabelt val. 31,7 prosent. Det høgaste sidan 1924. Og ein rekord som ikkje har blitt slått sidan.

Bjarte Eikeset var andremann på stortingslista til Høgre. Lars Lefdal var førstemann, og kom inn.

Willoch ringer

Valkampen hadde vore lang og intens. Gleda i Høgre-leiren var overveldande. Men Eikeset måtte tilbake til kvardagen i rettssalen som sorenskrivar i Sunnfjord tingrett. Ei stilling han hadde begynt i året før.

Så ein dag kom ein kollega heseblesande inn til han med store auge og kviskra intenst:

– Willoch'en! Det er Willioch'en på telefonen! Willoch'en ringer til deg!

Det var eit jobbtilbod. I den første reine Høgre-regjeringa på ein mannsalder. Med den omfattande juridiske bakgrunnen sin, skulle ein tru Eikeset var aktuell for justisdepartementet. Men der var Mona Røkke på plass som justisminister og Sveinung Flaaten som statssekretær.

I staden skulle Eikeset vere statssekretær for miljøvernminister Wenche Frogn Sellæg.

Historiskebilder

KONGENS BORD: Statsminister Kåre Willoch med si regjering på første statsråd på Slottet 14. oktober 1981. Frå venstre og rundt bordet: Forsvarsminister Anders Sjaastad. fiskeriminister Thor Listau, finansminister Rolf Presthus, kyrkje- og undervisningsminister Tore Austad, forbrukar- og administrasjonsminister Astrid Gjertsen, kommunal- og arbeidsminister Arne Rettedal, industriminister Jens Hallvard Bratz, statsminister Kåre Willoch, Kong Olav, Kronprins Harald, utanriksminister Svenn Stray, olje- og energiminister Vidkunn Hveding, samferdselsminister Inger Koppernæs, sosialminister Leif A. Heløe, komande kulturminister Lars Roar Langslet, miljøvernminister Wenche Frogn Sellæg, justisminister Mona Røkke, landbruksminister Johan C. Løchen, og handelsminister Arne Skauge. Ved enden av bordet: ekspedisjonssjef ved Statsministerens kontor Dag Berggrav.

Foto: Løchen, Per / NTB scanpix

Willoch skulle få sitt svar neste dag. Heime ved middagsbordet fortalde han om jobbtilbodet til kona Berit, og borna Bård og Birgitte. Under frukosten dagen etterpå kom diskusjonen.

Borna hadde tenkt seg om, og ville ikkje at faren skulle reise til Oslo.

– Du får ikkje reise ned til han der Willoch'en, sa ei frustrert 9 år gammal Birgitte.

Det gav Bjarte noko å tenkje på.

– Det var ei scene som gjorde inntrykk. Eg grunna på det, medan eg spaserte det vesle stykket frå heimen vår og ned til tingretten. Eg bestemte meg eigentleg for å takke nei. Men i det eg kom inn døra på kontoret mitt, ringde telefonen. Det var kona mi, Berit. Ho sa at eg måtte ta denne jobben. Viss ikkje kom eg til å angre resten av livet. Så godt kjente ho meg, sa ho.

Han ringde opp att til Kåre Willoch og takka ja.

– Kor overraska var du over at han ringde for å tilby deg dette?

Bjarte Eikeset ser på VG-forside med Kåre Willoch

FØREBILETE: Bjarte Eikeset har teke vare på ei avis frå jula der Kåre Willoch pregar framsida.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eigentleg ikkje så veldig overraska. For å vere ærleg. Eg hadde sete i sentralstyret i Høgre medan eg var leiar i fylkespartiet. Der hadde eg brynt meg på Willoch fleire gonger. Eg trur vi hadde eit godt inntrykk av kvarandre.

Mange gonger i løpet av samtalen nemner han Kåre Willoch. Med andakt i røysta. Og heva hovud. Det er tydeleg at han ser opp til sin tidlegare regjeringssjef. På ståbordet ved sidan av ligg ei månadsgammal VG-framside som reklamerer for eit stort intervju med Willoch. Han har teke vare på den.

– Willoch'en var ein fantastisk mann.

Passiar ved pissoaret

Han hugsar ein tidlegare episode frå sentralstyret som han trur medverka til at Willoch hadde lagt merke til Eikeset.

Ap-regjeringa ville lempe på krava til erstatning ved ekspropriasjon. Av Høgre-folk vart det oppfatta som eit åtak på den private eigedomsretten. Sentralstyret diskuterte korleis dei skulle gripe an saka.

Willoch tok til orde for harde frontar mot regjeringa. Eikeset mana til ro og ein forsiktig tone. Han meinte saka vil hamne i Høgsterett, og ville at partiet skulle vente til deira handsaming. Under voteringa synte det seg at det sto heilt likt mellom dei to forslaga. Partileiar Erling Norvik si dobbeltrøyst ville avgjere det.

Etter eit kort tenkjepause kunngjorde han.

– Eg støttar Bjarte.

Det vart kaffipause. Og Eikeset gjekk til pissoaret for eit nødvendig ærend.

– Der kom Willoch og stilte seg ved sidan av meg. Så sa han «ja, du slo meg nok der». Med eit smil. Vi respekterte kvarandre. Sjølv når vi var ueinige.

Statsminister Kåre Willoch på Høyres landsmøte 1982

WILLOCH'EN: Kåre Willoch var leiar i Høgre frå 1970 til 1974. Og statsminister frå 1981 til 1986. Her på landsmøte i 1982.

Foto: Hammerstad, Svein / NTB scanpix

Eksklusiv Førde-foreining

Å vere regjeringsmedlem frå Sogn og Fjordane Høgre er berre dei færraste forunnt. Då Høgre kom inn att i regjeringskontora i 2013, hadde fylkespartiet høge håp om at det skulle bli fleire. Slik vart det ikkje.

I regjeringa til Willoch sat det to mann frå Førde. Eikeset, og hans politiske kamerat Helge Barstad. Barstad var blitt ordførar i Førde i 1980. Han var far til Høgre-politikaren Hilde og TV 2-programleiaren Solveig. Og dermed svigerfar til sitjande kommunalminister og Høgre-nestleiar Jan Tore Sanner. Helge Barstad gjekk bort i 2012.

Barstad sat som statssekretær i landbruksdepartement, og Eikeset i miljøverndepartementet.

Etter at dei to gjekk ut av regjeringa i 1983 har det ikkje vore nokon andre. Og før dei var det berre statsråd Christensen på 20-talet.

– Den gongen var Høgre eit verkeleg distriktsparti. Det var mange profilar frå heile landet. Frå nord til sør. Martin Buvik frå Tromsø. Håkon Kyllingmark frå Nordland. Per Hysing-Dahl frå Bergen. Håkon Randal frå Hordaland. Arne Rettedal frå Rogaland.

Bjarte Eikeset

LURT SMIL: Bjarte Eikeset set opp eit lurt smil når vi spør om hans syn på dagens Høgre/Frp-regjering. Han har båd ris og ros å kome med.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dagens regjering

– Men kvifor er det nesten ingen frå Sogn og Fjordane Høgre som har fått kome i regjering?

– Høgre har ikkje vore sterkt nok her, over tid. For det tek tid å dyrke fram politikarar som er eigna til den type posisjonar. Eg meiner Rolf Domstein var høgaktuell som fiskeriminister. Men han var nok ein for stor aktør i næringa då.

– Kva synest du om dagens regjering?

– Det kan eg nesten ikkje seie, seier han og trekk pusten medan han smiler lurt.

Etter ei tenkjepause kjem det likevel.

Bøker i bokhylle - Høyres historie, Churchill

BOKHYLLA: I den omfangsrike bokylla finn vi både Høyres Historie og dei samla verka til Winston Churchill.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er utruleg imponert over statsministeren (Erna Solberg). Ho har eit grunnsyn som tiltaler meg. Eg vil samanlikne henne med Angela Merkel. Ho er utruleg prinsipiell, og balanserer ulike syn veldig godt. Ho er oppteken av samarbeid. Eg opplever ikkje at Frp har same grunnoppfatning.

– Det er grenser for kor mykje eigenprofilering eit parti skal drive med, samtidig som dei sit i regjering.

Samtidig gjev han ros til regjeringspartnaren.

– Eg er imponert av kor mykje Frp har bevega seg mot sentrum. SV greidde ikkje få med seg i grunnfjellet sitt då dei gjekk i regjering. Det greidde Frp. Finansministeren (Siv Jensen) er veldig dyktig. Og Ketil Solvik-Olsen. Og Solveig Horne…

– Er det no eg skal notere alle namna du ikkje nemner?

– Nei, slett ikkje. Men Listhaug...

Han trekk pusten.

– Ho kunne dempa den retorikken sin.

Han går inn på lenger utgreiing om kor mange flyktningar eit samfunn kan tole å ta i mot. 30 000 er altfor mykje. Nokre hundre er altfor lite.

– Når vi ser kor ille det er Midt-Austen… Det harmonerer ikkje med vår velstand at vi ikkje kan ta i mot fleire flyktningar. Det er slett ikkje i Fridtjof Nansen si and.

Bjarte Eikeset ser på mobilbilete av kona si

BERIT: Bjarte Eikeset trekk fram mobilen og syner fram bilete av kona.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Framleis forelska

Han kunne snakka i timevis om politikk. Og endå lenger om juss, lov og rett.

Men det er eitt tema som han stadig kjem tilbake til. Uansett kva spørsmålet frå journalisten måtte vere. Kona. Berit.

Ho bur for tida på Førde helsetun. I huset som ho har innreia og stelt i tiår, er det berre han att.

– Eg besøker ho to gonger kvar dag. I to til tre timar kvar gong. Vi er så emosjonelt knytt til kvarandre.

Bjarte Eikeset held bryllaupsbiletet sitt

BRYLLAUP: Berit fekk arrangert bryllaup slik at dei kunne flytte saman i Oslo. Ho falt straks for den høge, blonde mannen med hornbriller og høghalsa genser.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han verkar framleis forelska.

Og det var visst kjærleik ved første blikk.

Dei møttest i Volda. Ho gjekk på gymnaset. Han var begynt på studium. På veg til skulen gjekk han ned den same bakken som ho gjekk opp. Ho merka seg ved den høgreiste blonde mannen med hornbriller og høghalsa genser.

– Vi møttest første gong den 17. november 1956. Og det var full klaff, seier han utan å måtte bruke så mykje som eit sekund på å leite i hukommelsen.

Dei fekk straks sansen for kvarandre. Men etter kvart flytta han til Oslo for jusstudiane. Då var dei ringforlova (som han seier), og ville gjerne flytte saman. Han hadde funne ein bustad. Men der leigde dei berre ut til par på vilkår av at dei var gift. Då han fortalde Berit det, sette ho alle klutar til. Ho ringde foreldra sine og fekk arrangert bryllaup i rekordfart.

Dermed kunne dei flytta saman i Oslo.

80-årsdagen nærmar seg. På veggen heng kunstbileta tett-i-tett. På mange av dei er familiebilete hengt inn i ramma. Og det er familien som gjerne vil feire saman med han.

I Oslo er bur både dottera og hennar born. Og søskena hans. Dessutan skal sonen ta med sin familie til hovudstaden den helga. Barnebarnet skal nemleg på skirenn i Holmenkollen.

Dei vil alle at bestefaren skal vere med, og feire saman med dei.

Han kjem tilbake til Oslo. Men denne gongen for familien.

Tett med kunstverk på veggen til Bjarte Eikeset

KUNST: Kunstverka heng tett-i-tett på alle veggane i heimen. Det er kona Berit som har sytt føre det.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK